Viser innlegg med etiketten England. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten England. Vis alle innlegg

lørdag 12. juli 2014

Crawley - London 60 km + 6 km


Fortsettelse England og mat. I Crawley hadde han der funne ein restaurant på Trip Advisor som heitte Happy Meeting. Då me endeleg fann lokalet, på baksida av eit varehus, ved vareleveringa, såg det ut til å vere ei take-away-sjappe med to triste bord i eit hjørne. Heldigvis fekk ikkje Hu der viljen, som var å finne noko anna, for då me gjekk inn, viste det seg å vere ein flott kinesisk restaurant i andre etg. God mat, og ikkje så dyrt.
Holiday Inn Gatwick Crawley var også greit. Turen er legt opp med fine hotell som arrangøren må ha fått god rabatt på. Crawley er ein ryddig soveby for London, med ganske uskjønne delar utbygde i nittenseksti- og sytttiåra. Men då me sykla ut mot London, kom me gjennom fine, litt eldre bustadstrøk. Me passerte Gatwick flyplass, på sida og delvis under, elles gjekk turen denne dagen gjennom nokre mindre byar (Horley, Redhill, Coulsdon, Carlshalton, Croydon) og ein stor, men svært mykje av traseen var i parkar, commons og greens, kilometervis og heilt nydeleg, sjå over.


Det er imponerande korleis engelskmenn held seg med parkar og grøne anlegg, på vegen på 66 km sykla me gjennom: Riverside Garden Park, Farthing Downs Tree Belt, Figgs Wood, Sparkle Wood, Devilsden Wood, Woodcote Park, Clockhose Recreation Ground, Woodmansterne Park, The Oaks Park (lavendel, sjå under), Tha Grove, Poulter Park, Deen City Farm, Ravensbury Park, Wandsworth Common, Battersea Park, Clapham Common og i sentrum St. James Park, Green Park og Hyde Park. Syklinga i London sentrum gjekk overraskande bra, men tok tid, så me var ikkje framme ved hotellet før 17.45, sjølv om me starte før 9 og hadde pik-nik. 


Eg hadde ikkje venta lavendelmark i London!
Traseen hadde ei stigning på 110 m på litt over 1 km, og ei litt skikkelig stignng til, elles var det nokså flatt og lettsykla. Me sykla på Nasjonal sykkelrute 20 og 21, deretter Londonrute 3 og 4 til Westminster Abbey. Bysyklinga i London gjekk overraskande bra, kanskje fordi det var lørdag ettermiddag? At me var ei større gruppe (me samla kvarandre opp på vegen) var sikkert også ein fordel i byen, Frå Westminster Abbey hadde Verde Natura merka veg gjennom parkar til hotell Premier Inn Kensington Olympia, og med kom fram kl 17.45, eit kvarter før innleveringsfrist for syklane.
ert 
På Chez Partick hadde me fin middag saman med Joanne og Harold, Canada, for å feira at me klarte det. Ein ganske krevande tur, variert, spennande. Nokre heilt strålande bra delar, nokre strekk langs trafikkert veg, variert ver (siste dag var svært bra), god vegbeskriving. Personalet i www.verde-natura.com var også svært hjelpsomme. 

fredag 11. juli 2014

Newhaven - Crawley 59 km


Newhaven ligg ved utløpet til elva Ouse. Over tid har elva tatt med seg singel som har hopa seg opp ved utløpet av elva og flytta det. På 1600-talet laga dei ein kanal gjennom denne banken av sand og singel, og då blei det ei beskytta havn innanfor, det var opphavet til moderne Newhaven, med to avgangar til Dieppe kvar dag. Men grusen fortsatte å hope seg opp, og seinare er det bygd moloar for å styre dette.

Premier Inn Newhaven, heilt ok, men me bare sov der og hadde frokost.æ

National Cycle Network er eit rutenett i England drive av Sustrans. Det er ruter på kryss og tvers i Storbritannia, både eigne sykkelvegar, men ofte på vegar med lite trafikk. Vi syklar på NCN 2, NCN 20 og NCN 21 på vegen mot London.

Me sykla frå Newhaven langs klippene i South Downs til Brighton, som med sin flott pir, kafear og gammelby er ein populær ferieby i England. Først langs havna i Newhaven, deretter inn i bustadstrøk litt oppi høgda, deretter gjennom bustad- og feriehusstrøk i små nabobyar som Peacehaven og .... Deretter var det sykkelsti langs vegen, trygt, men bråkete. Heldigvis leia Nature Verte oss ut av NCN 20, og ned på strandpromenaden inn til Brighton. Der sykla me med klippene over oss på høgre side og havet på venstre i meir enn 4 km, for så å sykle vidare langs byen Brighton sin promenade. Flott.


Frå Brighton går vegen 90 grader rett inn i Sussex sitt bølgande landskap, kor me også passerar Devil's Dyke, ein dal som i følgje ein legende skal vere utgraven av djevelen. Bølgande landskap betyr opp og ned, ned og opp. Ruta var svært variert. Det mest primitive var stiar som nesten var gjengrodd, for eksempel med brennenesle, svært mykje av ruta gjekk på minimalt trafikkerte landevegar med fantastisk flotte eigedommar (er det bønder eller rike byfolk som bur slik?), men vi sykla også ein del saman med bilar. Då gjer eg meg så smal eg kan og sykøar på og likar meg ikkje. Her er også forbetringspotensial. Inn i Crawley tok ruta oss inn gJennom Tilgate Forest, eit stort naturområde. Trass i kupert landskap, regn og yr, så er me ikkje utsletne. Hurra!

Eg tar tilbake at stygt eg har tenkt og sagt om engelsk mat. Den beste lunsjen til nå hadde me på pubben Duke of York i Sayers Common. Salat med steikt laks, alt friskt og varmt. Etter middels mat i Frankrike, ein opptur. 

mandag 31. mars 2014

Bysyklar i London

London by, sponsa av Barclay, har klart å få til eit svært godt bysykkelsystem. Det er mange syklar, tett med oppstillingsplassar, godt vedlikehald og ei svært god internettside med alle typar opplysningar, mellom anna kor mange syklar som er inne på kvar oppstillingsplass. Ein grunn til at det var mange syklar inne heile tida, var betalingssystemet slik at den første halvtimen var gratis, etterpå steig prisen ganske mykje kvar halvtime. - Sette du frå deg sykkelen, kunne du begynne på ny halvtime etter fem minutt. 

Pippi hadde vore i London før, og gjorde eit godt arbeid med å få med både Tommy, ho som ikkje er Annika og Prussiluskan med på tur den søndagen vi hadde i London etter ein dysleksikonferanse.



Pippi fekk oss raskt På Sporet frå marknad til marknad, de var jo søndag. Først til Camden-marknaden kor det blei litt handling, peruiansk og etiopisk mat frå buer og forfriskningar. I folkemengda var det herleg å sleppe å bry seg om syklane, det er tydeleg å sjå på Pippi og ho som ikkje er Annika at dei slett ikkje bekymrer seg for syklane --->

Etter Camden sykla vi eit heilt stykke til blomemarknaden i Shoreditch. Og før vi trykka oss inn i marknadsgata Columbia Road, var syklane parkerte.

Etter tredje sykkeluttak klarte Pippi  å finne vegen tilbake til hotellet sjølv om kartet hadde reist frå oss. Godt gjort. - Einaste typiske Pippihandling var då ho skar til høgre tvers over fire filer for å ta ein sving.

Så var det kritikken. Vi måtte sykla i gatene. Det beste London hadde å by på, var bussfiler, men der var jo dei irriterande bussane. Like før nokre lyskryss var det laga nokre rørande sykkelfiler, ca fem meter, og plass for syklistar framfor bilane i sjølve krysset. - Det skla vere sykkelmotorvegar i London, men ikkje der vi var.

Wikipedia har ei fin side om sykling i London.

lørdag 4. januar 2014

Sommaren 2014: Paris - London

Det bli tur frå Paris til London i juli. Turen består av fire sykkeldagar i Frankrike, ferje over kanalen og to sykkeldagar i England, totalt mellom 300 og 370 km på to hjul. Turen skal store delar av tida gå på Avenue Verte, sykkelvei som dei prøvde å få ferdig til London-OL 2012, men som ikkje er heilt ferdig ennå.

Vi syklar ut frå Paris langs Seinen, gjennom Eptedalen, kor Monet måla vannliljene sine, inn i Epte-dalen kor mange av impresjonistane, m.a. Cezanne og van Gogh, henta inspirasjon til maleria sine. Vidare på nedlagde jernbanestrekk, småvegar og parkar gjennom Normandie til havnebyen Dieppe. Derfrå går ferja til Newhaven, kor vi syklar langs dei kvite klippene til Brighton, så inn i Sussex til London på sykkelstiar og gjennom parkar.


fredag 26. juli 2013

Corbridge - Whitley Bay 48 km kunne det ha vore...

Nå har me kome til elvelandet til Tyne, og vidare følgjer ruta vår stort sett elva. I Corbridge kryssa me elva frå bed and breakfasten til sjølve byen, vidare gjekk turen til Ovingham kor me fekk kaffe hos Siri, Ranveig og Arvind. Andre elvekryssing var brua mellom mellom Ovingham og Prudhoe, og me sykla vidare på sørsida av elva på fin sykkelsti til Wylam, kor vi igjen kryssa over ei flott bru, nedlagd jernbanebru, sjølvsagt. Hagg Bank Bridge, jernbane i drift frå 1867 til 1968, mest for frakt av kol og liknande. Etter Wylam heldt me oss på nordsida av elva, og det gjekk fint heilt inn til byen.

Hagg Bank Bridge er eit tidleg eksempel på ei bru av denne typen med eit spenn over elva, bygd i 1876, fordi det kunne vere vanskeleg med fundament. Brua er modell for større bruer, i Newcastel og i Sydney, Sydney Harbour Bridge.
Langs Tyne har Newcastle fått eit imponernade sykkel- og gangveinett, toppa av milenniumbrua over til Gateshead.  Absolutt å anbefale, sjølv om det er ganska mange fotgjengarar i vegen ein fin dag. Me tok så lunsj der me leigde syklane i Cycle Hub, og så viste det seg at sjølve sykkelturen skulle enda der. Han der var nøgd, leverte sykkelen inn og tok buss og metro til Whitley Bay. Hu der var ikkje ferdig, tok sykkeltaskene med regntøy og freste avgårde på Hadrianvegen. Me så hadde dei Newcastlefantungane knust flasker på den fine sykkelvegen og hu der punkterte. Første gong åleine på slik sykkeltur, og første punktering. 
Enden p visa blei å leie sykkelen tilbake til Cycle hHub, leverer han inn og gå til sentralstasjonen og ta metroen til Whitley Bay (36000) på austkysten. Whitley Bay har sandstrender og var frå 1882 (jernbanen kom) til 1980 ein turistby. Nå er han mest ein soveby for Newcastle. Oaktree Lodge Hotel, 15 Esplanade med ni rom var absolutt ein stad å bu, The Brasserie hadde særs god sjømat, og Siri kom og koste seg med å bade i sjøen. 

Sjølv om avslutninga var eit antiklimaks, så er konklusjonen at det har vore ein interessant og herleg tur. Veret har vore bra, ein føremiddag med regn var bare ein kontrast. Å bu på bed and breakfast greit og interessant, sjølv om teppe på badegolvet er litt spesielt for oss. Å lære meir om romartida i Engalnd, og næringsgrunnlag og tilbakegang i nordengland har også vore interessant, og å oppleve det grøne landskapet, badebyane og dei blømande landsbyane i roleg tempo har vore flott. Under frå Whitley Bay.

Hjelparane våre har først og fremst vore Discovery Travel, som har organisert for oss. Dei som har transportert bagasjen var Brigantes til Carlisle, og Hadrian Haul etter Carlisle. Men bagasjefrakt er ein industri langs Hadrianruta med mange vandrarar, så det fins mange byrå. Vidare hadde vi hjelp av Cycle Hub, som leigde ut gode syklar. Cycle Hub gjorde oss merksame på Saddle Skedaddle som arrangerer guida og sjølvguida turar i England og andre stader, www.skedaddle.co.uk. Dei har også sykkelutleige, som er greit. 

torsdag 25. juli 2013

Haltwhistle - Corbridge 42 km


I Haltwhistle (3-4000) har me vore før, og tenkte nok då at me ikkje kom igjen nokon gong. Der tok me feil.  Haltwhistle var ein romersk stad. Den romerske vegen Stanegate (steinvegen) mellom Carlisle og Corbridge gjekk like nord for staden, og det er ikkje langt mellom elva Tyne og muren på dette punktet.
Seinare har staden vore lasteplass for kol og metall frå gruver i området over på jernbane. I dag er staden i vesentleg grad ein turiststad: Fotturar og Hadrianmur-turisme.

Hall Meadows i Haltwhistle var ein svært rolleg og hyggeleg b&b i ein fin hage. Me var dei einaste gjestene, og blei tatt godt vare på. 

Elles er Haltwhistle ganske kjedelge om kvelden, og hotellet var fullt, så me åt på baren, ok, men ikkje god service, og det dei kalla espresso var traktekaffe. Men me klaga ikkje, me meir smilte av dei, slik er det på landet. 

Me vakna av eit veldig tordenver, men det hadde slutta då me starta syklinga etter ein engelsk frokost. Turen går mykje langs traseen til Hadrianmuren, og etter ei kraftig stigning kom me til Vindolanda utgravingsfelt og museum. Veldig mange gjenstandar frå romartida er funne fullt bevart i Vindolandautgravingane fordi jorda har blitt lukka, det har blitt anaerobt. Derfor fann dei sko og klede, og veldig interessant, små trestykke som romarane brukte slik vi bruker papir, til brev, notat og beskjedar. Det blei spekulert i om dei som budde rundt og handla med romarane måtte lære å snakke latin , og til og med lære å skrive. 

Heile dagen har me sykla på vegar, men lite trafikk, som lova. Me sykla vel ca 10 km og møtte bere tre bilar, for eksempel. Desse små landevegane er lite brukte, og veldig få folk bur på landsbygda i høgda her. Nede i Tynedalen blir det straks fleire.

Corbridge var ein viktig romersk by som låg ved ein stad det var mogleg å krysse over elva Tyne. Han heitte Corisopitum eller Coria då. I år 85 kom det første romerske fortet der, like etter blei det bygd ein by med doble bymurar, og romarane var der til slutten av romersk okkupasjon. I dag er Corbridge ein søt by kor det bur ein del rikare engelskmenn. mykje blomar og mange turistar. 

Hadrian/Adrian var keisar frå år 117 til år 138, og overtok styret av det store riket etter grandonkelen sin, Trajan. Trajan var ekspansiv og utvida riket, men Hadrian var meit forsiktig og konsoliderte det. Den romerske kspansjonen i Britannia stoppa opp i hans keisartid, og han begynte å byggje muren som fekk namn etter han. Seinare (142 - 154) bygde keisar Antonius ein mur lenger nord, kor landet var smalare (64 km), men denne er ikkje så kjend eller synleg lenger. festningsverket ved muren var bare i bruk i 20 år, då måtte romarane igjen trekkje seg tilbake til Hadrianmuren.


Fell Croft b&b er spesiell med norsk vertinne, Tove. Det ligg litt utanom sjølve byen, ved jernbanen. Middag på Black Bull i byen med besøk frå Ovingham igjen. Bra. 

onsdag 24. juli 2013

Carlisle - Haltwhistle 42 km

Carlisle (vel 70000 innbyggjarar) ligg 16 km frå grensa til Skottland, og har vore eit viktig militært støttepunkt då England og Skottland var to rike. Det er i dag godt bevarte bymurar, og Carlisle slott frå 1092. Byen har og vore skotsk og har eit skotsk preg. I Tullie house finn vi historien til området og til Hadrianmuren. Til fin nettside om romarane i Cumbria.


Hadrianmuren var ein voll bygd av stein og torv, bygd frå år 122, for å forsterke grensa og verne mot piktarane. Muren var 4 - 5 m høg og 6 m brei, ikkje slik som denne resten som fins i dag. Muren går frå Wallsend til Solway Firth. Muren er 117 km og den sterkaste befesta grensa i Romarriket. I tillegg til at muren var festningsverk, var det også kontroll med trafikken gjennom portane, slik at det kunne krevast toll for varer frakta gjennom dei. Sjølv om stein er tatt frå muren til annan bruk, står mykje igjen. Muren er på UNESCO si verdsarvliste.


Inn og ut av Carlisle gjekk turen i grøntområder og parkar. Frå  Warwick Lodge var det ganske kort veg til Rickerby Park (med ungfe på beite), og fin veg ut sv byen. Elles var 72-ruta mellom Carlisle og Brampton eit godt døme på at den rette veg mellom to punkt ikkje er den finaste sykkelvegen. På små landevegar med hekkar på begge sider gjekk det i kryss og tvers og opp og ned til søte landsbyar som Linstock, Crosby-on-Eden, Newby, Warwick Bridge, Allenwood, How, Hayton, Low Gettbridge og Aarons Town før kaffepause i Brampton. Cupcakes og kaffe. I Brampton kjøpte me også med oss sandwiches på eit bakeri, som me fann den perfekte stad å ete ein time seinare, etter ei lengre stigning, i Banks.

Me hadde i grunnen rekna med å treffe mange andre syklistar på ein slik tur på ei nasjonal sykkelrute, gjerne bu på same staden, slik me ofte har gjort på kontinentet. Men til nå har det vore få. Då me toucha linja for Hadrianmuren, begynte me å treffe vandrarar, og i dag har me truffe syklistar som tar same løypa som oss. Eit hollandsk par som har vore sju veker på tur (Nederland, Belgia, Frankrike, Irland, England, Nederland) og overnattar i telt, for eksempel. 

Sykkelturen i høgda langs muren var veldig fin, gode vegar, og eigne vegar der det var litt trafikk. Fekk med oss Birdoswald romarfort og lærte litt meir om romanane, før me trilla fint og flott inn i Haltwhistle, midt i England, og fann overnattingsstaden Hall Meadows veldig lett. Der blei me tatt imot i ein fantastisk hage av hund, mann og kone. 

tirsdag 23. juli 2013

Silloth - Carlisle 58 km

Silloth kjem av sæ (eng) hlada (norr), som betyr sjø-låve. Opp mot 3000 innbyggjarar.
I 1860-åra kom jernbanen til Silloth, og då kom også turismen. Silloth blei ein av dei første turistbyane i nordvestengland. I dag blir ein del av desse turistområda pussa opp igjen. Nith View guesthouse i Silloth ligg i turiststripa mot sjøen. Nedanfor Main street er det eit parkområde som minst er 50 m bredt, med litt tre, men mest store plenar, tennisbanar og liknande. Nedanfor der igjen er det lang strandpromenade og trapper ned til sjøen sikkert ein km, sjå under. Dette er dimensjonert for ti gonger så mange turistar som er der, Når det for eksempel bare var eitt hotell Golf, god mat) serverte skikkelig middag, så seier det noko om pågangen av turistar i Silloth i dag. Vi var også åleine på B&B'en.
Dag 3 fekk vi beskjed om at det var meldt regn utpå dagen i området, så vi skynda oss avgarde. I det eg skulle lukka porten etter oss, begynte det å regne, og det regna og det tordna verre dei første timane. Han der blei tatt inn i eit hus då han skulle ta på seg regnbuksa, igjen koseleg nordengelsk gjestfrihet. Etter kvart letta det litt, men ikkje meir enn at vi tok ein snarveg, og unnlot å sykle heile kystvegen langs Solway. Til og med snarvegane var merka med HCW-skilt!! Vi som tenkte vi måtte konsentrere oss og lese kart.
Godt humør i regnet ved Newton Arlosh. På vegen vi valde var det ikkje mogleg å kjøpe kaffi eller mat. Vi var for tidlege til dei få pubane som fans, for vi sykla som uver, tok snarveg, og var framme i Carlisle kl 12. Å sykle fort og kome tidleg fram er mot alle våre prinsipp, men i tillegg til det dårlege veret, hadde vi avtale med ei kjekk jente og mora hennar, som kom med toget frå Newcastle. Dagen var redda.

I Warwick Lodge var det også ubegrensa internett, ein klar fordel. God mat på Casa Romana. 
Tidevatnet går høgt, eller landet er lågt over havet her på Solway-kysten, ved høgvatn kan sjøen stå over vegen.

mandag 22. juli 2013

Whitehaven - Silloth 28 miles - 45 km

I Whitehaven finn ein ikkje restar etter romarar direkte i byen, men det var eit fort 1,9 km utanfor bysenteret, i Parton. Men vikingar slo seg ned i Whitehaven i det tiande hundreåret. Det moderne Whitehaven byggjer på kolutskiping, særleg til Irland, frå 1600-talet og utetter til 1800-talet, då større hamner som Bristol og Liverpool tok over mykje av trafikken.

Spesielt for byen er at han er planmessig bygd, med gatenettet som eit rettvinkla nett. Det blir spekulert om Whitehaven var modell for byplanen til New York.

Whitehaven: Glenard Guesthouse var ok, men ikkje spesielt, og veldig tradisjonelt i maten, full English breakfast for begge, speilegg, bacon, bønner, pølse, steikt tomat, sopp og toast. Men ikkje blodpudding. 

Ut av Whitehaven var det igjen jernbanepreg heilt til Maryport. Først langs sjøen ganske langt til Parton, deretter litt inn i landet med ein og annan bakke, og renne ned til Workongton, slik toget ein gong gjorde. Me hadde tnkt å sykle ned til fyret ytst i Workington, og drikke kaffe, men plutselig var me forbi avstikkaren, og på vegen til Maryport, sjå under. 
Så godt merka er HCW mange stader, det burde ikkje vere mogleg å ta feil... 
Vi traff eit par i Whitehaven som anbefalte Maryport på det sterkaste, og ikkje minst lunsj på Curson grill. Det er mulig vi er litt kresne, Maryport var ok, men litt slitt og litt fordums, og Curson grill var etter vår meining ganske ordinær, grei nok, god service, men med mykje majones... I Maryport fekk vi med oss museet frå romartida. Maryport var ein stad kor det blei lasta inn korn frå Sør-England til troppene i Nordvestengland. Museet låg like ved utgravingsområdet, og vi kunne sjå former i landskapet som viste kor murane hadde vore. 


Fram til Maryport var sykkelvegen svært bra, både lettsykla og stort sett utan bilar. Etter Maryport blei det verrre, vi mått sykle ganske mange km på bilvegen. Landskapet langs sjøen er flott, men når eg syklar på smal bilveg i England, går det unna, og naturen blir ikkje beundra på same måten som elles. 


Heldigvis svingde 72 omsider inn på landevegar. Det var litt vind, men omtenksomme bønder har planta hekkar langs vegane, så det sjenerte oss ikkje så veldig. Litt vind var også godt og friskt, det er varmt i England i juli 2013. 

Silloth er ein nokså liten stad, og vi bur på B&B igjen: Nith View

lørdag 20. juli 2013

Hadrias cycleway dag 0 Newcastle - Ravenglass i taxi

Hadrians cycleway er sykkelveier 72 i det britiske nettverket av sykkelvegar. Ruta er merka med permanente skilt, og det fins eige kart og eiga bok for ruta. Sei det: Sustrans.
Discovery Travel, som vi bruker som operatør, hadde ikkje lenger utleige av syklar, men han der fiksa det med syklar på ein ypparleg måte. Cycle Hub i Newcastle hadde klar syklar til oss då vi kom, gode syklar med fullt utstyr. Riktig nok kostar det 100 pund pr sykkel å leige sju dagar, og vi må hente og bringe, men syklane er tipp topp. Cycle Hub har kafé, sykkelutleige og verkstad på sykkelveg 72, ved elva i Newcastle, så vi kjem til å sykle forbi på slutten av turen.

På slaget 12 kom taxien vi hadde bestilt gjennom Discovery og festa syklane FORSVARLEG (20 strips) på stativ, og så køyrde me behageleg opp mot tre timar tvers over øya til Ravenglass. Det kan hende det behagelege veret hjelper på, men Ravenglass er fantastisk flott. Me blei straks tatt imot av ein av eigarane, Elaine Gissing, som driv huset med tre rom. Ho og mannen har sjølv restaurert huset frå 1764, og lagt ned mykje smak og svette der. Taket på vårt fom var tatt bort for å få takhøgd og plankar. Roma har navn etter dei tre elvene som munnar ut i Ravenglass: Esk, Irk og det vi bur i, Mite. På rommet var det fersk frukt, kjeks, vatn, kaffe/te m.m., heilt fantastisk. To hus nedanfor åpnar gata seg mot elva Esk, kor det denne første ettermiddagen er lågvatn, og tydeleg at det gjekk an å vasse over elva når det er tilfelle. Bay Horse var ein ventestad for dei som skulle over. 


Same staden ettermiddag og kveld! 

Sjølv om Ravenglass er liten, manglar det ikkje på stader å ete. Vi hadde ein eksellent middag på Pennington hotel. Det var også noko å sjå på, i tillegg til elvepromenaden, er det ein smalspora jernbane for turistar og fine restar av det romerske badet frå det første hundreåret e.Kr.  Det fekk vi med oss.




fredag 28. desember 2012

Hadrians sykkelveg sommaren 2013

Fottur 2004 Hadrianmuren ved Haltwhistle
Ganske flott!
Plan for sommaren 2013 er å sykle Hadrians sykkelveg i Nordengland frå Ravenglass på vestsida tvers over England til Tynemouth, nasjonal sykkelrute 72. Denne ruta er nokså lett, flatare enn den kuperte Coast-to-coast me sykla i 2010. Då kan me kanskje få med Siri (då 7 år), Ranveig og Arvind, som bur i Ovingham like før Newcastle på slutten av ruta.

Sykkelruta er:  Ravenglass - Whitehaven - Silloth - Carlisle - Haltwhistle - Corbridge - Tynemouth. Her er Sustrans si nettside med siste oppdateringar, for eksempel med flaumvarsel når det er aktuelt.

Hadrians sykkelveg har namnet etter Hadrian's wall, eller Hadrianmuren, som var den sørlegaste av to forsvarsmurar mot Skottland som Romerriket hadde på dei britiske øyane. Antonine Wall på 60 km var bygd lengre nord, men han er mindre kjend fordi det er lite å sjå av han i dag.


Hadrianmuren blei bygd frå år 122 og utetter. Det var ei av dei sterkast forsvarte grensene i Romarriket, men i alle portane gjekk det også føre seg handel, toll- og skatteinnkreving. Mykje av muren er bevart, mykje takka vere John Clayton frå Newcastle som på 1800-talet kjøpte opp delar av muren og restaurerte. Muren er på UNESCO si verdsarvliste og ein av dei største turistattraksjonane i Nordengland, og det er vanleg med fottur langs muren.



tirsdag 19. april 2011

Cinder trail frå Whitby via Robin Hood Bay til Scarborough.


21 miles/ 33,5 km. Del av nasjonal sykkelrute nr. 1.

Mange jernbaneruter i England er nedlagde, etter at Richard Beeting hadde sett i verk ei sterk modernisering av britisk samferdsel på 1960-talet. Frå siste del på 1800-talet hadde England jernbanespor på kryss og tvers, det blei for dyrt og gjekk for langsamt, fann dei ut, og 3000 stasjonar blei nedlagde, og mange kilometer jernbanelinjer blei tatt ut or drift.

Heldigvis er mange av dei nedlagde linjene omlaga til sykkel- og turvegar. Ein slik turveg er Cinder trail mellom Scarborough og Whitby. Å gjere ei jernbanerute om til sykkelsti er heilt genialt, når ein først er så dum å leggje ned jernbanen: traseen ligg klar med bruer og undergangar. Det er bare å ta bort svillane og jevne ut underlaget. Verken syklistar eller tog likar sterk stigning eller bråe svingar, så ein jernbanetrase er perfekt for sykling.

Eg sykla bare ein del av Cinder trail på min medbrakte Brompton samanleggbare sykkel. Ein dag frå vårt utgangspunkt i Robin Hood Bay til Whitby tur- retur, ein annan dag t/r Ravenscar, halvvegs til Scarborough. Cinder trail heiter som han heiter fordi jernbanen var lagd på cinder, slagg, i staden for på småstein. Dette underlaget er det nok litt igjen av, for underlaget var godt og hardt å sykle på for det meste, som oljegrus, nesten.  Det gjekk stort sett veldig greit å sykle, sjølv med små Brompton-hjul.

Denne ruta var fantastisk godt merka. Eg sykla utan kart, hadde bare sett ruta i ein reklamebrosjyre, og visste kor eg skulle starte ved stasjonen i Robin Hood Bay.

Dersom vi startar i Whitby, er den største utfordringa å finne utgangspunktet, sjå biletet over.  Finn ein bare dette, er ein redda. Resten av vegen er svært lett å finne. Nokså fort etter Whitby kryssar ein elva Esk på Larpool viadukten, ei meget avansert gang- og sykkelveibru, ta ein kikk på lenka.

Derfrå kjem ein til Hawsker gamle stasjon, med sykkelutleige og gamle jernbanevogner, kryssar vegen eit par gonger (utan større problem), for så vidare, totalt bilfritt, sykle langs frodige, grøne bakkar ut mot havet med ei fantastisk utsikt, før ein ser Robin Hood Bay. Dei la jernbanen flott til i dei tider sist på 1800-talet då dei bygde linja. 

Syklar ein heile ruta, må ein ikkje la vere å dra ned i Robin Hood Bay. Tidlegare ein isolert fiskarlandsby og smuglarhamn ( for eksempel for te, brennevin og tobakk), nå ein malerisk turistby med svært mykje opprinneleg sjarm intakt. Robin Hood Bay er også avslutningspunkt for dei som går Coast-to-coast, tvers over England, og mellomstasjon for the Cleveland Way, ei lang, samanhengande vandrerute i Yorkshire, først på moors og dales, så langs kysten på klippekanten. Heilt nydeleg.

Frå RHB syklar ein derimot litt lenger inne i landet sørover mot Raven Hill/Ravenscar og Scarborough. Her varierte underlaget noko. Nokre stader vel ujamt, men stort sett bra. Det er interessant å sjå korleis dei har fylt ut ravinar og plassert toglinja i det kuperte og skrånande landskapet. Det er litt av eit landskap i nordaustre Yorkshire, klippekanten ligg høgt over havet, og kvar minste bekk har skore seg djupt ned i landskapet. Difor er det svært bratt her og der. Mellom Robin Hood Bay og Ravenscar er det ganske aude. Eg passerte fire-fem gardar. Ikkje mykje for ein jernbane.


Då jernbanen kom i 1885, blei det bygt hotell og satsa på turisme både i Whitby, Robin Hood Bay og i Ravenscar. I Whitby har det vore suksess, i Robin Hood Bay ganske vellukka, men i Ravenscar er tilgjenget til stranden for vanskeleg og bratt, og staden har ikkje blitt nokon turistsuksess, heller ein fiasko. Vidare går traseen til Scarborough, men der har eg ikkje sykla. Derimot hadde eg meg ein tur på sykkelsti/ nedlagd jernbane inne i York by, men det er ein annan historie. 




søndag 3. oktober 2010

Sykle til jobben 2

1. oktober er det slutt på "Sykle til jobben" på Universitetet i Stavanger. Det blei ca. 90 mil. Det er ein god innsats for laget på Lesesenteret. Å telle mil blei etterkvart litt inspirerande.

Nå er det å orientere seg i sykkelferiemuligheter neste år. Kva med å sykle London-Paris på grønn rute? Håper ein arrangør hiv seg på ideen, sjølv om det er i to land. Vi liker best lukus!

fredag 6. august 2010

England: Castleton- Whitby (32 km)


Siste del av ruta er i dalen langs elva Esk nedover til havet. Vi fekk ikkje sykla den, eg hadde vore forkjøla eit par dagar, og blei bare verre og verre, så vi betemte oss for å ta toget frå Castleton Moors til endestasjonen Whitby. I turistsesongen gjekk det heile fem tog om dagen! Turen gjekk fram og tilbake over elva som slynga seg nedover i eit grønt, flott landskap. - Og plutseleg dukka vi ut av det grøne og høyrde måkar. Vi var ved kysten, i Whitby. Det hadde vore turistar av typen sportslege vandrarar før på turen, i Whitby var det alle typar, det var mange, og det var spesielt mange hundeeigarar. 


Ein del av den langstrakte stranden var "hundestrand" kor hundane fekk springe fritt. Elles hadde Whitby det meste på eit relativt begrensa område: Lang strand med kabinar til leie, fiskehavn, gamleby, klosterruinar frå 1100, ein bydel frå slutten på 1800-talet då turismen sette i gang, eit skrekkeleg, men heldigvis lite område med speleautomatar, hotel, restaurantar, golfbane, og ein super leikeplass, heilt ny. Og fuglar, som vi blei åtvara imot:


Det er første gongen eg ikkje har sykla alle etappane på ein sykkeltur. Denne gongen gjekk det greit å likevel følge opplegget, toget gjekk direkte same distansen vi skulle sykle, og toga i England tar syklar. Elles kunne vi ha prøvd å bli med kofferttransporten eller fått hjelp av turarrangøren på andre måtar. Vi kunne vel rett og slett ha sett igjen syklane, og latt arrangøren plukke dei opp nest siste stad, sidan vi avslutta syklinga då. 


Denne sykkelturen var av dei meir harde av dei vi har sykla, mest på grunn av det kuperte terrenget og stigninga. Men hadde eg vore frisk, hadde det ikkje vore noko problem å gjennomføre med normal god sykkelform. Turen var karakterisert som demanding. Når vi syklar på kontinentet, vel vi ikkje dei heilt lettaste, med etappar på ca. 4 mil eller mindre på flat mark. Vi vil gjerne ha litt utfordringar, og turen må kunne vare ei stund, men alt med måte.


Andre ruter frå kyst til kyst i England:  C2C 

torsdag 5. august 2010

England: Osmotherley - Castleton 37 km

Jeremy frå Discovery Travel hadde rett: Kvar dag på denne kyst-til-kyst-turen var flott og  forskjellig. Denne dagen sykla vi gjennom mange landsbyar på flatlandet før det igjen bar inn i eit aude område med sauer igjen: North York Moors. North York Moors er ei grøderik lynghei, det meste privat, men med over 1000 miles "public paths". Så også her var det mange vandrarar. Ei hei, er ikkje den nokså flat? Eg trudde det, men tok nok feil. Plutseleg var det ein bakke med 20% helling ned til ein bekk (sjå skiltet på biletet), og så opp på andre sida, like bratt. Over heia og ned Esk Dale går det jernbane til Whitby ved havet, og mange vandrarar tar toget eit stykke for å få nye utgangspunkt for turane sine.

Vi hadde overnatting i The Downe Arms i Castleton, ein landsby som låg på ein åsrygg med flott utsikt på begge sider. Rommet var bra med kjempefin utsikt, men maten var typisk engelsk. Til då hadde vi prøvd å unngå alt smultkokt. Her bestilte vi ein frisk forrett med masse småting som vi kunne plukke: Sopp, løk, reker... trudde vi. Det var feil: Alt var vendt i deig og frityrsteikt. Vi som nesten har vent oss av med å ete feitt her i Noreg, blei stapp mette av bare fire-fem småting (det var godt), og då sto hovedretten igjen. Eg hadde bestilt hamburger. Gjett om det var med haugar med chips? Smelta ost? Bacon? - Eg skrapte ut sjølve hamburgarene og åt kun dei. - Og eg som er oppdradd til å ete opp maten...

Frokost i England er også eit kapittel for seg. På alle overnattingsstader var det tilbod om cooked breakfast, full English. Det vil seie det meste av dette: Bacon, egg, pølser, tomatbønner, blodpudding, steikt sopp, steikt tomat, juice, te eller kaffi + toast. Dessutan kan ein få kornblanding, frukt, yoghurt, syltetøy og smør. Serveringa var i alle variantar, frå sjølvbetening til meny ein kunne bestille frå, og kelner som fylte på. Downe Arms tilbaud sjølvsagt full pakke.