Viser innlegg med etiketten Masonmagyarovar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Masonmagyarovar. Vis alle innlegg

fredag 14. mai 2010

Donau: Masonmagyarovar - Györ

Ungarn. Eg tar tilbake det eg sa om holete landevegar. Mellom Masonmagyrovar og Györ sykla vi bare på sykkelsti, heilt flott, og takka vere ein kroatisk syklist som tok oss igjen og ga gode råd. Han anbefalte oss å ta alternativ rute, den nye, som han sa, og det var lurt, som sagt var det ei rein sykkelstirute. Vi rulla inn i Györ i god form, tidleg paa dagen, og hadde deilig lunsj paa La mareda før vi tok inn paa Hotel Raba (fekk suite).

Om ruta: Vi tar Donaurute 6,  Ungarsk rapsodi. Når vår rute folgjer den offisielle Donau Radweg, er den veldig godt skilta, men av og til har løypa vår ein annan vri, då er det å følgje kartet. Til forskjell frå tidlegare turar, er det ikkje eiga skilting for vår reise, her er det offisiell Donau Radweg 6 som blir brukt, og det er trykt opp ferdige kartbøker for dei ulike etappane langs elva. Dermed slepp operatøren Rad & Reisen å bekymre seg for merking, men det betyr og at dei heller ikkje kjenner løypa så godt. For eksempel burde dei gitt råd om å velje den alternative ruta som vi tok (er vist som alternativ i kartboka).

Naar vi stadig har rapportar frå Norge om kaldt ver, er det ein fest å sitje ute og ete middag om kvelden, igjen på La mareda på grunn av kvaliteten på maten, og etterpå vandre heim gjennom gamlebyen i  Györ, sjå bilete over.

Donau: Bad Deutsch-Altenburg til Masonmagyarovar via Bratislava

67 km gjennom tre land: Østerrike, Slovakia og Ungarn. Nedlagde grensestasjonar, ei grense såg me ikkje, og me lurte på kva alle tollarane og grensevaktene gjer nå! Vi skifta frå supre sykkelstiar i Ősterrike til greie sykkelvegar i Slovakia til holete landevegar med biltrafikk i Ungarn (faa bilar, men dei kjőrte fort). Litt av kvart altså.

Bratislava hadde fortent meir enn den timen me brukte der. Noen som starta parallelt med oss, hadde ekstra natt der, sikkert bra, byen saag flott ut. Vi hadde ogsaa deilig sommarver der, samtidig med at vi fekk melding frå Norge om skraping av bilruter, null grader og nordavind.

Denne dagen var vi flinke til aa halde laagt tempo og hadde mange pausar, men paafyll av mat og drikke. Det var lurt, vi blei ikkje saa utmatta, og var i fin form daa me rulla inn paa kurbadhotellet Thermalhotel i Masonmagyarovar. Daa me kom inn, gjekk gjennomsnittalderen paa gjestene der betydeleg ned. Det seier litt. Me tok ikkje for oss av tilboda, massasje, kurbad eller forstørring/ forminsking av det meste. Men hotellet var flott, store rom, luftige gangar, fint og byen ogsaa fin (liten by). - Prisnivået i Ungarn er så lågt at vi med sterk norsk krone har råd til ganske bra luksus.