Viser innlegg med etiketten Ogna. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ogna. Vis alle innlegg

lørdag 7. oktober 2017

Moivika nærmiljø: Utforsking av sidevegane mellom Moivika of Sirevåg

Kvar gong me køyrer til hytta ser me dei: Skilta som viser inn til Haver, Bekkjarvik, Stølen, Kinnarvåg, Holmane og Tuevegen (Tuå), stadar som ligg mellom Sirevåg og Moivika. Lenge har me tenkt at det må vere spennande å sjå kva som skjuler seg på stadane med dei flotte namna. I dag tok me turen, og det var spennande: Me oppdaga ei verd me ikkje visste om, og som absolutt var verd eit besøk. Då får det ikkje hjelpe  om kartoversikta over turen ser litt spesiell ut, sidan me måtte sykle fram og tilbake på småvegane. Rundtur var ikkje mogleg i det landskapet.

Me oppdaga tre små hamner: Holmane er den største, med molo, kommunal brygge og fortid med velstand, gjestgjevar og kro. Nedanfor  Holmane hyttefelt var det eit flott havneanlegg utan bilveg ned (bilete 2), men med hengebru ut til ei øy med fleire båtplassar.
Vidare sykla me gjennom det siste gardsromet på Bekkjarvik og kom ned til sjøen på ein kjerreveg (bilete 3), ei lita hamn var det der og, ein nydeleg stad kor det går an å gå ut på havet med båt både mot nord og mot vest. Me møtte ein lokalkjent mann der som forklara oss det. 

Fiske var næringsveg for området tilbake i tid, og med så mange naturlege hamner var det kanskje ikkje så vanskeleg, sjølv om Nordsjøen nok kan vere vill.  

Men me såg at det er fleire enn ein skulle tru som bur i området, og ikkje minst er det mange hytter som er plasserte overalt. Ikkje bare nye hytter, her er hytter frå mange tider, spreidde rundt omkring. 

Postkassar kan gi opplysningar; gjennom postkassestudium fann me ut at det er ganske mange fastbuande. I Tuevegen var det 7 postkassar, på Stølen 4 og dei aller fleste postkassane på Haver hadde eigarar som heitte Haver. Haver var spesiell: Det var mange fleire hus enn dei andre stadane, også nye hus, og to palass under oppføring. Dei nye husa har utsikt og vind, dei gamle har ly og lite utsikt. - Frå gammalt var Haver, eller Hafver, kyrkjegods under Apostelkyrkja i Bergen 1724.  

Turen blei avslutta med ein "fartsetappe" gjennom skogen frå Sirevåg til Ogna, båtis på bensinstasjonen på Ogna og rake vegen heim. Det gjekk fort.


søndag 5. juni 2016

Nærmiljø Moivika: Sirevåg - Ogna - Brusand


Med ny hytte i Moivika i heilt sør i Hå, på grensa til Egersund, må det bli meir sykling i Norge ei stund, og mindre i utlandet. Første helga i juni kom med eit fantastisk ver, over 20 varmegrader og nesten ikkje vind. Me lasta syklane på bilen og var klar for først å utforske nærområdet rundt hytta.


Tur 1 gjekk nordover til Sirevåg, Ogna og Brusand. Hytta ligg slik at vi alltid må sykle litt på Rv 44, og det er ikkje så kjekt. Men trafikken er ikkje så stor, og bilistane tek hensyn. Vi utforska Sirevåg, som er mykje meir enn det vi ser langs vegen, med mange nye hus og levande industri tilknytta sjøen, og litt turisme. Etter Sirevåg er det flott sykkelsti, og før vi kjem til Ogna, ved Vedafjell, er det gang- og sykkelvei på vestsida av jernbanen og heilt ned mot sjøen til Ogna Camping. Finfin turveg og fine badeplassar.  Sidan vi ikkje ville ha så lang tur, sykla vi tilbake same vegen, utan å ta turen om Sirevåg. Heile var 22 km, og gjekk heilt fint til Han der sklei på grusen på parkeringsplassen i Moivika og måtte doktorerast  på tre skrubbsår med mykje grus i. Men det gjekk godt.
Strand mellom Ogna og Brusand.
Sirevåg konferansesenter