Viser innlegg med etiketten Bryne. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bryne. Vis alle innlegg

lørdag 2. juli 2011

Omvendt Nordsjøritt: Sandnes - Egersund 78 km

Å reise "med veret":

 Fredag bles det stiv bris frå nordvest, og tanken om å sykle i medvind til Egersund blei fødd. Motsett veg av Nordsjørittet, som fleire meiner går feil veg, fordi det er mest nordavind her i distriktet.

Ein kikk på yr.no viste at laurdag var betre enn søndag, og tidleg på laurdagen betre enn seint. (Regnvarsel).

Rast på Nordsjøruta på Brusand
Derfor glei me avgarde 8.45 frå Austrått, langs kjende vegar til Bryne. Vindstille, så tidleg på dagen, flott! Vestsida av Frøylandsvatnet er bra i all slags ver. Så sykla me gjennom Bryne, fann ikkje vegen til Hognestad som me hadde tenkt å ta, kom   i staden ut på rv 505. Men det var ikkje noko problem med trafikken, for det var sykkelsti nesten heile vegen til Varhaug.

På Varhaug ville me ha kaffe og is: Ingen kafe, men MIXen redda oss. Nå begynte det heldigvis å blåsa litt, så me fekk nyta medvinden til Vigrestad, på traseen til Nordsjøruta som me kom inn på der. - I dette jordbrukslandskapet som ligg litt inn frå havet, er det etterkvart fleire skogdottar og mykje tre, til dels store og gamle tre. Det luner, og det forblåste inntrykket er ikkje så sterkt.

Nordsjøruta går heilt nede på stranden etter Ogna Camping
Ved Brusand kryssa me både jernbane og veg og sykla på ein smal sti langs Hitlertennene - gjennom Ogna Camping og ut mot havet. Det er fint, sjå bilete.


Her har det gått tog! Mellom Hellvik og Egersund

Vegen vidare: Ogna - Hølland - Vestlandske hovudveg 6 - 7 km til Hegrestad. Gamle Vestlandske hovudveg er spennande. Det var den første vegen bygd for kjerrer i Rogaland, og ein del av vegen frå Oslo (Christiania) til Stavanger. Dei første planane om ein slik veg var frå 1700-talet, men denne delen sto ferdig i 1840-åra, bygd av dei lokale bøndene som pliktarbeid. Først som rideveg ca. 1810, utvida rundt 1820 for karjol. - Vegen går rett fram, opp ein bakke og ned ein bakke, slett ikkje utanom noko som helst. På oppslag langs vegen er det to forklaringar på dette: At arkitekten var dansk, og at det var viktig å få vegen så kort som mulig for å gjere han billig. Eg kan jo i tillegg tenkje meg at planar frå 1700-talet gjerne var planar med rette linjer, frå klassisismen og rasjonalismen: Som Kvadraturen i Kristiansand, som delar av Oslo, til og med Sandnes har rette linjer i den eldre bykjerna.

Etter seks mil på sykkelsetet var det heilt greit å gå av og trille i oppoverbakkane. Litt nifst i laus grus nedover, men det gjekk bra. Då var det herleg å koma ut på asfalt på Rv44, men her var det trafikk, så me tok av i retning Maurholen golfbane, og her var det asfalt for golfspelarane og hyttefolket.


Ny sykkelbru på turvegen inn mot Egersund.

Endeleg fann me turvegen frå Hellvik til Egersund som går på i den gamle jernbanetraseen. Den har eg lengta etter å sykle på, og eg blei ikkje skuffa. Sjølv om det låg ein jernbanetrase til grunn, med tunnel og steinfyllingar, er det gjort eit stort arbeid med jernbaneovergangar, ekstra strekk her og der, og ikkje minst sykkelbrua inn mot Egersund.  Flott natur langs havet, mange utsiktsplassar, fast grus og godt å sykle, og over 20 grader. - Kjempeflott!

Me tok toget heim, og vel heime hadde me sykla 80 km. Då eg var i dusjen, kom regnet. Snakk om verklaff!















søndag 8. mai 2011

Sykkel og jernbane



Dagens tema blei jernbane


1. Vi sykla den herlege nye ruta langs dobbelsporet frå Lura til Stavanger (sjå eige innlegg). Vind frå sør gjorde det veldig lett.

2. For å sleppe motvind, tok me syklane på toget til Bryne. Heldigvis kom me ikkje i sykkelkø på toget. Tidlegare i veka las me om at syklistar som skulle trene til Nordsjørittet måtte bruke bil til Egersund, det blei for mange syklar på toget! God logikk: Kven skal så kjøre bilen tilbake! - Og dumt i vår verden når både kollektivtrafikk og sykling bør stimulerast. - Men me og syklane våre kom med denne dagen.

3. Frå Bryne sykla me til Orstad og innom han Elkjøp. Han tipsa oss om ei herleg, ny rute: Frå Håbakken inn i Kalbergskogen og nedover mot Figgjoelva og den nedlagde Ålgårdbanen (Del av trase for Garborgriket rundt). Me sykla der oppover langs den gamle banen til skytebanen og kom ut på E36 ved Bråstein. Tenk der har det vore ein tversforbindelse mellom Sandnes, Time og Klepp heile tida, for syklistar vel å merke.

Ålgårdbanen skulle gå frå Ganddal til Helleland, kor han skulle møte Flekkefjordbanen. Første etappe blei bygd i tidsromet 1921 til 1924, og i 1955 var det stopp ved: Holane, Vagle, Foss-Eikeland, Kalberg, Bråstein, Figgjo Fajanse, Figgjo fabrikker og Ålgård. Det var ti daglege avgangar kvar veg. Den må ha vore viktig for dei som arbeidde på Foss-Eikeland Figgjo, før bilen var vanleg. - Prisdumping på buss konkurrerte ut persontrafikken i 1955, men godstrafikk var det heilt til 1988. På Figgjo er jernbanetraseen broten fordi brua over vegen er borte, men nå har dei vore finslege med sporet i arbeidet med den nye brua på Foss-Eikeland.

I England hadde dei laga god sykkelveg i staden for jernbane, sjå Cinder Trail. Her låg skinnane ennå, men på sida var det grei sti å sykle på. Men han står ikkje på sykkelkartet for Sandnes. Det burde han

.

søndag 10. oktober 2010

Langs bilvegar på Jæren

Nå har vi tulla nok rundt på idylliske skogsstiar og fine sykkelvegar. Livet skal ikkje vere slik, her må ein sykle på den verkelege vegen skal det bli kilometer! Vi kan ikkje ha det heilt godt heile tida!

Som sagt, så gjort: Vi la ut frå Austrått, langs E39 er det faktisk svært bra sykkelsti forbi Ålgård (12 km - Han der har fått sykkelcomputer). På Ålgård svinga vi av på RV506 mot Bryne, og nå var det slutt på det som heitte sykkelsti. Men vegen er såpass smal at trafikken gjekk nokså roleg. Naturen på Høgjæren er veldig fin, vegen passerer friområdet ved Melsvatnet, og kjem ned ved Lye. Der møter RV506 RV505, i det vi nærmer oss meir tettbygde strok er sykkelstien der igjen. Å kome til Bryne (30km) austfrå er eit syn: Flotte hus langs ei brei gate med sykkel- og gangsti på begge sider og alléplanting. Lurer på om lyefolk legg merke til det?  Frå Bryne sykla vi langs RV44 til Kleppe. same vegen som eg sykla i perioden 1970- 1973, i gymnastida. Vegen var den same som for 40 år sidan, men det har gått frå frå 0 til 100% sykkelsti, ein har fått bompengestasjon, og vegen er lagt om ut av Bryne og på Braut. På Kleppe (35,5 km) hadde vi matpause i Stakken 4, det gjorde godt, før vi sykla heim over Skjæveland, Ganddal og Åsedalen, framleis langs rv44. - Sykkelsti heile vegen. Ein liten ekstrarunde på slutten ga 50,5 km, ei god dagsøkt. Han der var flink og sykla sist heile vegen.

Eg har lagt ut ruta på BikeMap, sjå kartet her, men du kan zoome og finne fleire opplysningar på:
BikeMap.

lørdag 25. september 2010

Rundt vatn på Jæren

Vatn er fine ting. Ein av dei turane me ikkje har sykla, er ein tur rundt fire sjøar i Sør-Tyskland. Førebels får me nøye oss med to vatn på Jæren. Både rundt Stokkelandsvatnet og rundt Frøylandsvatnet er det fine turstiar. Kva med ein to-vatn-tur, kanskje utvida med ein tur gjennom Sandvedparken til Sandnes? Ein får park, vatn, skog, landeveg og urbane Bryne og Sandnes!

Stokkelandsvatnet kan ein kome til frå Ganddal, Lundehaugen, Tronsholen eller Bogafjell. Det er til tider mange turgåarar og joggarar der, så ein må tilpasse farten til det. I utløpet mot Ganddal er det masse ender og svaner som kan matast. Frå Ganddal kan ein sykle via Foss-Eikeland og Orstad, heile vegen på sykkelsti eller fortau, til Frøyland og ta runden rundt Frøylandsvatnet. I skogen ved Frøylandsvatnet er det veldig fint og ikkje så mange folk. Klepp- og Timefolk har ikkje heilt oppdaga den perla dei bur ved, ser det ut til.

Trebru over jernbanen på Klepp
På Klepp stasjon har dei spandert ei flott bru over jernbanen. På Tu er det rensedammar, og Bryne er Bryne. Dersom ein syklar rundt, må ein på austsida av vatnet forlate skogen og sykle på sykkelsti.  Til gjengjeld passerer ein Njåskogen og Kverneland.

Runden, inkl ein tur til Sandnes er 35 km, målt på BikeMap. Eg fekk for første gong til å lage eit slikt kart.