Viser innlegg med etiketten Portogruaro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Portogruaro. Vis alle innlegg

søndag 22. mai 2011

Portogruaro - Marano Lugunare - Aquileria 78 km

Mellom Portogruaro og tvillingbyen Concordia Sagitaria er det ein svært fin sykkelsti, asfaltert, merka i to retningear og med eiga sykkelbru. Vi sykla denne vegen og opplevde eit yrande liv der, spesielt om morgonen var det kjekt å sjå hordar med skoleungdom kome syklande på stien mot oss. Gode sykkelstiar blir tydelegvis sett pris på.

Også denne etappen gjekk gjennom flatt jordbruksland, med ein avstikkar ned til fiskebyen Marano Lugnare for lunsj i Osteria Porta del Mar, som var anbefalt av Funactive. Veldig fin liten by, grunnlagt i romartida, med levande fiskeriverksemd, med blomar, reint og velstelt.

Denne etappen er ganske lang, men relativt lett. Han er også flat, null meter stigning, og når vi hadde vinden i godt lune, gjekk det veldig bra.

Overnattingsbyen Aquileia er kjent for dei romerske utgravingane sine. Det var ruinar overalt, dette skal viss vere eit av dei større funna av romerske ruinar. Spesielt interessante var ein del golvmosaikk som var godt bevart og tilgjengeleg i friluftsmuseum som var ope heile tida.

Det er ganske mange som syklar same ruta som oss. Ei gruppe på ti med guide frå Funactive, seks kanadiske damer, ein rørosing, eit tysk og to belgiske par. Vi meiner sjølv at vi er i god form, og liker ikkje heilt at dei andre syklar frå oss. Denne etappen "vann" vi nesten. Hurra! Spesielt fordi det var 17. mai! (vi sykla med små, norske sløyfer).


Ein del av dei andre hadde slått seg saman ei lang rekkje. Vi kom etter dei, og då blei det 14 syklistar på gule syklar etterkvarandre. Ganske mektig, så vi slepte dei frå oss. Det var vi glade for då det viste seg at dei sykla feil, mens Falkeøye hos oss såg den avgjerande pila, sjå biletet til høgre, ser du pila?. På dette punktet i løypa denne dagen var det avvik mellom kartet og merkinga, og der måtte vi hjelpe det kanadiske lokomotivet på rett spor igjen. Kartfrid hos oss blei etter dette sett opp til som ein av dei større autoritetar på kartlesing innanfor sykkelmiljøet i vestlege delar av Kanada, og konsultert når det dukka opp problem. Ho bør nok dele æra med Falkeøye

onsdag 18. mai 2011

Jesolo - Caorle - Portogruaro 70 km

Kala i grøfta framfor eit hus
Heldigvis kom sola. Turen blir slik me hadde tenkt.
Ut av turistland og inn i jordbruksland. Det er vår i Veneto og Friuli, men kornet og grønnsakene veks friskt. Det paddeflate området er fulldyrka, me ser ris, mais, kveite, frukt, vinranker. Det er velstelt overalt, og rosebuskar blømer. Spesielt legg me merke til store, snøkvite kala i mengder litt nede i dreneringsgrøftene utafor husa. Fantastisk flott.

Det er paddeflatt, og området er heilt sikkert utsett ved flaum. Derfor er det bygd svære jordvollar på sidene av kanalane og elvene. Ein god del av tida syklar me oppå slike jordvollar, herleg, med godt asfalterte vegar på vollane. Ein sjeldan gong møter me ein bonde i bilen sin, og det er ikkje noko problem. Dei gule syklane me har leigd rullar lett. Sykkeleksperten som er med, meiner at dekka er knallharde, sidan desse relativt tunge syklane med oppakning er så lettsykla. - At syklane rullar lett kan også ha noko med vindretningen å gjere. Vind i ryggen er ein god ting på flat mark.

Mange elever og kanalar i Portugruaro
Me får eit veldig godt inntrykk av italienarar: ein stad me spør om vegen til ein sykkelbutikk, kastar gutten me spør seg på sykkelen sin og syklar framfor oss, i staden for å forklare på dårleg engelsk. I Portogruaro får me tilsvarande hjelp i ein kafe når vi spør om vegen til hotel Antigo Albergo Spessotto****! Me har ikkje noko å klage på.

Me er i Portugruaro ein måndag. Må får sjå alt det fine, gamle i byen, men mange av restaurantane er måndagsstengde.