Viser innlegg med etiketten sykkel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sykkel. Vis alle innlegg

mandag 20. juli 2020

Førebuingar til sykling i Norge.

Å sykle frå hotell til hotell i Noreg er faktisk ei ny oppleving for oss, etter mange år i Mellom- og Sør-Europa. Det er mykje nytt: Veret, det kuperte terrengent, å frakte bagasjen sjølv og å bruke eigne syklar. Nytt for oss er det også å kjøre bil fram til startstaden. 

Dette nye medførte fleire val: 

Dersom me skulle bruke dei lette, "vanlege" syklane våre, måtte minst ein av oss montere bagasjebrett. Sjølv om det bare var to overnattingar med sykkel, ville det truleg vere mykje å sykle med all bagasjen på ryggen. 

Å bruke el-syklane ville vere ein risikosport for Han der, el-sykkelen hans ville truleg ikkje ha god nok rekkevidde. Ein kikk på kartet viste at seint dag 1 (55 km) var det ei saftig stigning. - Då dette gjekk opp for Han der, blei turen døypt til Dødsmarsjen.

Slik kunne me ikkje ha det. Lille rektor kom med eit veldig godt forslag: Han der kunne låne Pilfinnar sin el-sykkel. Den hadde god rekkevidde. Då Han der hadde tenkt litt over det, kom han til at han like gjerne kunne kjøre seg ny el-sykkel sjølv. Dette ville gi han ein sykkel som kunne gjere Dødsmarsjen om til ein parademarsj, og dessutan ville han ein gong for alle få slutt på det der at Hu der hadde meir el-kraft og sykla frå han. Som sagt så gjort: Ny Raymon el-sykkel kom raskt i hus, tidsnok til eit par prøveturar før Telemark. På el-syklane er det bagasjebrett, og med våre eigne to sykkelvesker og lån av eitt sett frå Lille rektor, har vi meir enn nok lastekapasitet, både til regntøy og mat vi må ha med oss. 

Prøvetur 1 var bytur i Sandnes sentrum ++ i regn (brukte 10% av batterikrafta), prøvetur 2 var Austrått - Bergsagel - Hommersåk- Austrått, 42 km. Då var det gått 40% av elkrafta på Hu der sin sykkel, litt meir på Han der sin. Det bør halde.

I dag har me kjørt Hunnedalen, Sirdal, Suleskar, Setesdal og over fjellet igjen til Telemark. Dette er delar av vegen Ranveig og Marie sykla då dei sykla frå Sandnes til Gol ca år 2000, eller litt før det. Dei hadde i tillegg 800 m rett opp frå Lysebotn i regn før dette, og dei var begge i tenåra. Eg er så imponert over det dei klarte, med relativt enkelt utstyr. Det er stigningar i masse, og lange fjellstrekk utan vidare ly. Det var nok mindre trafikk då, for i år var det stor trafikk, spesielt Suleskar, men likevel.

Me køyrde alle småvegar som fanst, og vegen verka ganske lang, men me fekk også inspisert vegen me skal sykle i morgon. Konklusjon: Me må ha med niste.





 


lørdag 23. september 2017

onsdag 17. mai 2017

Elsykkel i hus

Å sykla elsykkel er bare for pyser, har Hu der lenge tenkt. Skal ein først sykla, må det vere rein og rå muskelkraft. Sjølv for ei kone på 63. - Men i løpet av dei første vårturane med "Sykle til jobben", blei det merkeleg nok til at ho tenkte meir og meir på elsykkel, spesielt i kuling motvind på Lura. Hu der kom til å tenka på Moste, som i åttiårsalderen ennå nekta å bli trilla i rullestol, fordi då "såg ho så gammal ut". 63 er vel gammalt nok til elsykkel når ein har 14 - 15 km til jobben? Og sjølv om ho skulle få seg elsykkel, ville det ikkje vere forbod mot å sykle på vanleg sykkel, eller?


Eit søk på Finn.no, lite brukt elsykkel til sals på Gramstad, så god som ny, den hadde trilla 56 km. Hu der tok med seg Han der, og sykkelen skifta eigar. Han der kjørte bilen heim, Hu der sykla. Etter to dagar hadde sykkelen trilla 120 km. Dobling!

Bortsett frå at batteria ladar grusom seint, og straumen nesten blir brukt opp på eine strekket av jobbsyklinga, har elsykkelen vore ein suksess. (Trur batteriet må gå seg til...) På ein god dag med vanleg sykkel tar det 50 - 52 min til jobben, nå tar det 35 - 38 min med elsykkel. Det hender det tar like lang tid å kjøre bil. Og det blir nokre sykkelturar meir enn med bare vanleg sykkel, både nordvesten og sørausten kan taklast, sjølv etter ein arbeidsdag. - Og dersom ein vil, kan ein legge krefter i trøinga og få god trening med elsykkel også.




søndag 22. januar 2017

Sykkelen 200 år i 2017


I 1817 laga Karl von Drais den første sykkelen (Laufmachine) i Baden-Württemberg, og då blir det jubileum i år. Jublieet blir feira med utstilling i Mannheim, samling av historiske syklar (som ein syklar på) i Karlsruhe, og utstillingar i Baden-Württemberg og i Wesel. Sykkelhistorie i Wikipedia her.


søndag 25. november 2012

Igjen lagar dei syklar på Ganddal.



I oppveksten min på 1960-talet var det bare ein type syklar som var aktuelle, DBS. Syklane var laga på Sandnes på Øglænds sykkelfabrikk, seinare på Kvål. Kortreist, lokalt og eit eksempel på lokalt initiativ. Nokre modellar her også. Men tidene skifta, Øglændarvingane selde aksjane sine til eit svensk firma, Monark i 1989, og sykkelfabrikken blei etter kvart lagd ned. Det var for dyrt med norsk arbeidskraft i konkurranse med Austen. Men ennå fins salsapparatet til DBS, Cycleeurope i Sandnes.

Men nå blir det likevel laga syklar på Kvål, der den siste DBS-fabrikken låg. Ådne Orstad har laga ei bedrift som set saman syklar ved hjelp av ferdige delar, Sykkellaboratoriet. Det spesielle er at kvar sykkel er unik, spesialtilpassa kroppen til kjøparen. - Det morosam er at Øglænds sykkelfabrikk starta på same måten i 1892, med å setje saman sykkeldelar dei fekk frå Tyskland (Hengstberg) og USA (The World), før sykkelfabrikken i Langgata i Sandnes blei opna i 1906. - Men Øglænd sine syklar var neppe spesialtilpassa kjøparen!

mandag 6. juni 2011

Endeleg ny sykkel

Til fødselsdagen fekk eg ny sykkel av Han der og Hu der. Det var ein overgang og ei oppleving å sykle til jobben. Sykkelen er mykje hardare enn den eg har og syklestillingen er meir framoverlent. Dette gjer at eg bruker musklane på ein annan måte, bruker dei meir, og får større fart. Det tar nå 48 - 49 min. til jobben mot før 58 - 60. Eg merker spesielt i motbakke at det går mykje lettare, men også at eg på flat mark kan sykle så det kviner. Men eg bruker andre musklar og får litt gangsperr. Bare godt.

I dag var me på søndagstur, rundt Sviland. Formen er nok ganske god, men lett sykkel gjorde vel sitt til at det gjekk veldig lett, det verka som ein veldig kort tur, det som for nokre år siden var ein halvdagstur med kaffipause. Denne gongen sykla ikkje Han der frå meg. 

lørdag 9. oktober 2010

Ny sykkel?

Med Elkjøp og Hans kone i Sogndalstrand. Min gode sykkel i front.
Eg har lenge tenkt at alle dei fartsfantoma som fyk forbi meg på jobbvegen gjer det fordi dei er unge menn, streke og veltrente.  Eg har sykla der med min gode, nokså nye sykkel, som eg vann ein gong for fem-seks år sidan, godt utstyrt med bagasjebrett, solide skjermar, støtte, lykt, drikkeflaske, og ganske solid ramme også, og følt at eg hadde utstyret i orden! Men så var me på tur med Elkjøp og Hans kone. Elkjøp har trent mykje sykling i det siste, så det kunne aksepterast at han sykla lettare enn meg, men når Hans kone sykla frå meg i bakkane opp frå Rekefjord, då slo det meg at eg kanskje hadde litt tung sykkel. Det same tenkte Han der, han hadde også tung sykkel. Og Elkjøp var rask til å plante kjøpeidear i hovudet hans.

Han der utan skjermar
Dagen etter turen hadde Sykkelzentrum salg. Han der var kjapp, vips hadde han ny sykkel: Lett ramme, utan skjermar, støtte, lykt, flaskehaldar osv. Og vips, så sykla han frå Hu der. Han sykla bare det som "var naturleg i det giret", sa han, men det var ganske mykje fortare enn han pleier, og ikkje så koseleg for Hu der.

Dette er det tre løysingar på: At Han der alltid syklar sist, at Han der syklar med den gamle sykkelen på fellesturar eller at Hu der kjøper ny sykkel. Det er ikkje så lett for ei som er nøysomt oppdradd å kjøpe sin tredje sykkel når dei to første er heilt gode, og den siste (Brompton samanleggbar) er ny av året. Me får sjå.

I dag sykla me langs Stokkelandsvatnet, i Vagleskogen og i Sandvedparken i strålande haustver. Vagleskogen har vore joggeskog for oss, men det gjekk heilt fint å sykle. Vegane og stiane var godt vedlikehaldne.

lørdag 7. august 2010

Brompton sykkel

Brompton er ein type sykkel som kan pakkast saman til ein så liten pakke at sjølv eg kan klare å bære han. Nokre enkle håndgrep, så er han pakka, og like lett å slå opp igjen, det tar mindre enn eitt minutt. Og han veg 11 - 12 kg. (Eitt kilo lettare i titan, men også 400 pund dyrare) "Han der", som har litt vanskar med å gå langt, brukte sykkelen medan vi var i Whitby og seinare i York. Vi frakta han på toget mellom byane,  mellom seta, utan problem. Flyfrakt heim med Widerøe var ikkje vanskeleg, det heller, og sykkelen kom uskada heim. Ei veske tilpassa samanleggbar sykkel var fin å ha når sykkelen skulle sendast. Det fins å få kjøpt.

Eg har tenkt å bruke sykkelen frå heimen til togstasjonen på Sandnes, leggje han saman og ta han med på toget, og så sykle fra stasjonen på Gausel til Ullandhaug, helst så roleg at eg ikkje treng å dusje når eg kjem fram.

De fins mange samanleggbare syklar i England, men ingen eg har sett har vore så liten og lett som Brompton, han har mange fikse finessar. Blant anna kan ein også kjøpe ei veske ein svært enkelt plasserer på eit lite stativ framme, som til og med kan stå på når sykkelen er slått saman. Ein kan kjøpe Brompton hos Syklistenes Landsforening i Noreg. Vi kjøpte vår i butikk i England.