Viser innlegg med etiketten Italia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Italia. Vis alle innlegg

torsdag 13. oktober 2016

Sicilia: Noto - Siracusa 35 km

Siste etappe på strålande tur. Fire fornøgde damer, ingen punkteringar, gullgod temperatur, regnet som var meldt kom ikkje. Løypa var lagt opp slik at var det noko interessant å sjå, så var etappen kort, var det ikkje det, så var strekket lengre. Men aldri veldig langt. Italia er ikkje eit flatt land, det har vi lært, og etter ein fin tur ned, kom det ein tyngre tur opp. Sjølv i oktober er det grønt og mange blomar. Dei norske potteplantane har flytta ut, og sitron og appelsin veks i gedigne hagar. Det har visst regna litt i haust i området.
Vi starta frå hotellet i Noto litt over ni. Sykla ned til Lido de Noto, ein nokså tømt badeby, vidare langs kysten til Avola, kor me kjøpte inn lunsj for 7 euro til fire personar.
Pikniksjefen og Tornerose snakkar flytande italiensk i butikkane, ser det ut til, dei får i alle fall det dei vil ha. Lunsjen hadde vi ved ein badeplass i Fontana Blanca. Flott plass å ha pause, sjølv om vi ikkje såg dei kvite fontenene.
Det gjekk nok litt fort etter dette, igjen drog Storesøster opp farten på trafikkert veg. Det er nok ikkje til å unngå trafikk i dette landet, og det har jo gått bra.

Siracusa (UNESCO) er heimbyen til Arkimedes, og staden kor St. Agata og St.Lucia kom frå. Siracusa er ein gammal by, byen var hovudstad for kolonien i antikken, og ein viktig by på den tida.

Ein vegg i domkyrkja (Duomo) er restar etter eit Athenetempel frå 400-talet f.Kr.
Tidlege kristne menighetar blei grunnlagde i Siracusa, og frå år 63 var det også ei jødisk gruppe i byen, ført til byen som slavar. Etter kvart laga dei sine eigne kvartal, og under byen har ein funne jødiske bad i tilknytning til kjelder med ferskvatn som finst under byen.
Det finst ganske mange bygg frå mellomalderen også; m.a. festningen Castello Maniace, vidare det gotiske palasset Palazzo Bellomo frå 12-1300-talet. og sjølvsagt finst det også barokk her.

Vi fekk med oss Apollopalasset, Dianafontenen, domen, snask på Cafe Minerva og flott og god avslutningsmiddag på Al Mazari. Fisk til noen, kjøtt til noen andre, og igjen god siciliansk vin. Kjøkkenet på Sicilia er ulikt italiensk kjøkken. Storesøster og Pikniksjefen fant saman i felles glede over fisk, og delt fleire gonger forrettar med mange små fiskerettar, så også på Al Mazari.- Det verkar som om all mat og all vin er lokal, utan unntak får vi svaret når vi ber om lokal vin: Vi har bare lokal vin. Øya er eit skattkammer, og det ser ikkje fattigsleg ut. Ein stad planta dei nytt nå i oktober!

Hotel Mediterraneo Siracusa var eit lite og svært koseleg hotell. 18 rom, likevel resepsjon 24 timar.

Her er dei kjekke damene. Damer åleine på sykkel på Sicilia har vi ikkje sett nokre av. Det er mange menn og noen få par. Spesielt i innlandet har mennene våre vore etterlyst, av eldre menn. 

Det har vore lett å finne vegen. Med både kart og vegbeskrivelse framme på kartstativet, avstandsmålar på alle syklar, og både Lille- og Storesøster i sving, var det  bare to glipp. Pilmerkinga var nok meir så som så, men ikkje så nødvendig. France Bike har gjort ein god jobb, sjølv om me ikkje såg noko til dei. Syklar og utstyr fekk vi på første overnattingstad av dei som dreiv B&B i Caltagirone, og syklar og utstyr blei levert inn på hotellet i Siracusa. 

Ingenting som kan forbetrast? Jo, sicilianarane kan slutte å kaste søppel langs vegar og på rasteplassar. I byane og der folk bur er det ryddig og fint, men ite på landsbygda er det gale, spesielt var det merkbart første delen av turen, i fjella. Rasteplassane var reine fyllingane. Laushundar kan også vere eit problem. Tremenningen frå Orstad og kone fekk etter seg tre ilske villhundar utanfor alfarveg ein stad. Det gjekk godt, men det blei visst sett ny fartsrekord. 

Så blei det buss til flyplassen, og heim til oktobernorge. Tre av oss rakk alle fly, trass i forsinkelse med det første, men Pikniksjefen, som hadde kjøpt to reiser: Catania - Roma, Roma - Geneve - København - Stavanger, mista reise to og kom heim eit døgn etter. Dumt å avslutte slik!




onsdag 12. oktober 2016

Sicilia: Marzamemi- Noto 25 km

Mellom Marzamemi og Noto må ein sykle på ganskevtrafikkert veg. Det liker Storesøster lite, og fekk det gjort unna i ein fei, det var bare 25 km. Elles var alt denne dagen supert. Vi brukte mykje tid i eit naturreservat, der vi såg på fuglar og plantar,  ein nedlagd tunfiskfabrikk, ei utstilling for reservatet, og ikkje minst bada! Det gjorde sitt til at syklinga føregjekk i siestaen, varmt, men ikkje så mykje trafikk.
Kva er dette? Det lukta godt, såpelukt.

 Noto (UNESCO) et den finaste barokkbyen i Sicilia, seiest det. Byen blei lagt der han ligg nå i 1703, etter at jordskjelvet i 1693 la gamlebyen i ruinar. Det var eit syn med krummelurer i heile byen. Og fint å kome tidleg fram og ha litt tid i byen mens det er lyst.

Næringsvegar: Landbruk, industri og turisme.

Vi blei oppgradert til Hotel Sofia, firestjerners, ny stil på damene, med kvitvin på terrassen ved ankomst. 

Det har vore god temperatur på Sicilia heile veka, rundt 25 grader, flott til å vere oktober. Det har regna to netter, fin vanning slik at det blir grønt i naturen og friskt i lufta om morgonen.

tirsdag 11. oktober 2016

Sicilia: Pozallo - Marzamemi 62 km

Dag 4 starta på markedet i Pozallo, marked med kølapp. Det var stor interesse for druene, søte og sprø muskatdruer. Folk kjøpte på kassevis.

Med ein lang etappe framfor oss kom vi nokså tidleg avgarde. Og farten var stor, det var flatt og sterk medvind. Regnet som ei stund trua med å kome, blei bare nokre dråpar.

Ruta gjekk langs sjøen på sørspissen av Sicilia, gjennom Grotello, Santa Maria del Focallo, Granelli alt småplassar, så inn i landet og opp til byen Pachino (lunsj), ned igjen til havet til
Portopalo di Capo Passero, som er det sørlegaste punktet i det kontinentale Europa.


Derfrå til Marzamemi - frå arabisk: Mars al hamam som betyr turtelduebukta. Næringsveg er fiske og fiskeforeldling: tunfisk, sverdfisk, ansjos m.m. Så litt inn i landet:  Overnatting på Agriturismo Vendicari Tenuta Arangio, den beste overnattinga til nå. Romslige, rustikke rom, basseng, hage.., Flott!

Turen har vore nokså flat og gått gjennom jordbrukslandskap med svære områder med drivhus, for det meste tømde for sesongen.
Elles har vi sett grønnsaker på friland også, oliven, vinranker, sitrusfrukter og sndre frukter og paprika. I det heile mykje dyrka, sjølv om også hus er forlatt. 

Vi ser også mange eigedommar som er til sals, men også nokre få bygg under oppføring. 

Turen blei på totalt 63 km, litt ekstra fordi vi sykla inn i Pachino. Noen rumper er ganske ømme, noen lår er ganske trøtte, men det er veldig bra. I dag møtte vi dei to første nordmennene på turen. Rogalendingar! Mannen frå Orstad var tremenningen til Tornerose! 


mandag 10. oktober 2016

Sicilia: Modica- Pozallo 35 km


Sidan vi hadde god tid, brukte vi føremiddagen i Modica.

Først fekk vi smake mange variantar av sjokolade frå Modica. Vi kjøpte litt med oss, sjokolade med chili, salt, pistasj osv. Godt. Så stakk med hovudet inn i ei barokk-kyrkje av typen bløtkake. Imponerande. Vi fekk selskap av ein liten, eldre italienar som fortalde oss om gullet, helgenane, og ikkje minst om Petra ....., ei rik dame som finansierte gjenoppbygginga av kyrkja. Fem stader var det eit islamsk symbol for Tyrkia, saman med eit pavesymbol, dette var noko Petra ville ha, men italiensk-tysken vår er ikkje så god at vi forsto kva det betydde, det får vi finne ut seinare. 

Frå Modica til Scicli rulla vi ei mil nedover eit grønt dalføre. Det er mykje grønare enn venta i dette området. Scicli var og fin, med lunsj på Italiaplassen. Vi kjøpte kaffe, og fekk bruke bordet til kaffebaren til å ha medbrakt mat på. Of course!

Så begynte herrådå! Det tok lang tid å finne rette vegen ut av byen, vi hadde forlatt ruta for å finne Italiaplassen, og strevde med å finne punktet vi skulle ta av for å kome vidare. Etter fram og tilbake fekk vi hjelp av ein albansk gutt med dårleg engelsk, men vi fann vegen, og alt var fint så langt. Vi rulla ut av byen, Tornerose hadde god fart nedover og jubla då ho såg havet, men akk, plutselig dukka det opp ein liten by som ikkje var på kartet vårt i det heile! Bruk av Google Map viste at vi var komne altfor langt vest. Kva nå? Surt å sykla tilbake, oppover 4 - 5 km på trafikkert veg. Men til slutt blei det til at vi gjorde det, og då vi fann rett sykkeltrasé, var vi alle enige i at det var eit godt valg. Svarte piler som markerte ei anna sykkelrute i Scicli hadde lurt både Lillesøster og Storesøster. Stygt gjort. Vi fekk ein ny omgang nedover frå Scicli andre gong på fine småvegar og trilla inn i
Pozallo (20.000) kl 17.30. Det blei 52 km istf  35.


Byen er ein liten havneby med ferje til Malta, med fire flotte strender og flott strandpromenade. Festningen Cabrera Tower blei bygd på 1400-talet for å verne byen mot piratar. Men det første vi såg då vi rulla inn i byen var flokkar med afrikanske flyktningar i kvite t-skjorter, bare unge menn.
Hotel Villa Ada er bra, og har Internett og engelsktalande resepsjonist. God fisk på Osteria de Tonno Rosso.

søndag 9. oktober 2016

Sicilia: Caltagirone - Modica 52 km sykkel + 40 km bil

Modica var utsett for jordskjelv i 1613 og 1693, og blei bygd opp i siciliansk barokkstil etter 1693 og er ein vakker by. Katedralen San Giorgio, dedikert til St. Georg, er eit eksempel på akkurat den stilen.

San Giorgio ligg i øvre Modica (Modica Alta) og frå kyrkja går det ei trapp på 300 trinn ned til nedre Modica, Modica Bassa.

Vi bur på B&B I Tetti Di Siciliando. Enkelt, men sjarmerande, i skråningen med utsikt over mange hustak. Byane i området ligg høgt, utan unntak har vi sykla opp til Piazza Armerina, ned og opp igjen til Mirabella Imbacari, på same måten til Caltagirone første dag. Andre dag ned først, deretter opp til Santo Pietro, ned og opp til Acate så ned og opp til Cosimo. Men då var det slutt! I Cosimo kom mannen frå Caltgirone og henta oss og syklane og kjørde oss meir opp, så ned og deretter opp til Modica, ein fantastisk by.

Litt om maten. Dag ein stakk Tornerose og Pikniksjefen ut og kjøpte inn brød, pølse, ost, tomatar og bananer som blei lekkert sett fram på Pikniksjefen sin duk. Kaffe blei kjøpt på ein kafe like over gata, og vi hadde ein herleg piknik på ein liten plass i Piazza Armerina. Dag to var søndag, butikkane var stengde om morgonen, og vi var varsla om at det var tur gjennom ein skog utan butikkar eller kafear. Men Pikniksjefen og Tornerose visste råd: Kafeane i Caltagirone var åpne! Ciabatta til alle, i folie, ned i sekken og opp igjen inne i skogen.

Om kveldane har vi vore på to flotte restaurantar og tatt menyar med 7- 9 smårettar pluss ein eller to hovudrettar. Tapssliknande og veldig godt, sjølvsagt med siciliansk vin.

lørdag 8. oktober 2016

Sicilia: Caltagirone - Piazza Armerina - Caltagirone 42 km

Sicilia er den største øya i Middelhavet med 5 millionar innbyggjarar. Plassert midt i leia i det havet som lenge var ei svært viktig ferdselsåre, har øya vore besøkt av og herska over av ei rekkje folkeslag: Dei første ein kjenner til var sikulane, deretter kom i kronologisk rekkefølgje fønikarar, kartagenarar, grekarar, romarar, vandalar, østgotarar, arabarar, normannarar, kongehuset Hohenstaufen, fyrstehuset Anjou (fransk), aragonsk kongehus (spansk), Savoia, Østerrike, Spania og frå 1860 blei øya ein del av Italia. Så kom fire damer i sin beste alder frå Sandnes. Mange har sett spor etter seg, og kulturen er rik, trass i at vulkanutbrot, jordskjelv og flaumar har gjort sitt til for å øydeleggje.

Sicilia er langt frå Noreg. To mellomlandingar er ikkje til å unngå, og turen til tre av oss blei litt komplisert: vi måtte ta ut ombordstigningskort både i Amsterdam og i Roma. Transittkøen i Roma var lang og rikka seg ikkje. Og ulikt seg sjølv så sneik Storesøster i køen og fekk ordna billettar til nesre fly, som var det sane flyet som siste dame, Pikniksjefen, skulle ta. Ho blei ganske paff då ho såg oss andre tre, der ho sto einsam norsk i køen, trudde ho.






Turen startar i Caltagirone, (UNESCO)70 km frå flyplassen i Catania.
Caltagirone (40.000) ligg ganske høgt, 608 moh. Byen har ein tusenårig tradisjon i keramikkproduksjon, elles er næringslivet basert på landbruk, dyrking av druer, oliven og fersken.
Over ser vi den viktigaste attraksjonen i Caltagirone, trappa Santa Marai del Monte, med 142 trinn, bygd i 1608. Kvart trinn er dekorert med fliser med mønster ulikt dei andre. Og om våren blir trappa dekorert med blomar i forskjellig mønster kvart år.
I Caltagirone bur vi i B&B La Pilozza Inforiata ei familiebedrift som også kjører syklistar, syklar og bagasje.

Første dag blei me kjørte av mannen i huset til Piazza Armerina og Villa Romana del Casale (UNESCO). Villaen blei bygd som jakthytte (!) på 300-talet e.Kr. Ho er kjend for godt bevarte mosaikkar frå daglegliv og mytologi. Imponerande var ein lang gang som viste romarar som fanga ville dyr i Afrika  og Asia til sirkus i Roma.


Landskapet så høgt er tørt, men kaltusen veks fint, og har nå spiselege frukter. Fruktene måtte smakast, og ei av damene spratt fort opp i bakken og plukka kaktusfrukt og smaka. Godt! Ho plukka til alle og delte ut. Litt seint oppdaga me at det var massevis av små torner på fruktene. Ho som smaka første hadde torner både på fingrane og rundt og i munnen. Det var ikkje godt, men ho klaga ikkje, og heiter frå nå av Tornerose. Tornerose er ikkje av dei som klagar, snarare det motsatte.



søndag 24. januar 2016

2016 Haustferie på Sicilia

Når januar er på sitt tristaste; julelysa er pakka ned, snøen er regna bort og det er grått ute, så passar det å kose seg med å planleggje ein sykkeltur på Sicilia til hausten. Valet sto mellom Sør-Frankrike, Andalucia og Sicilia, og det blei Sicilia. Litt fordi Italia er eit fint land å sykle i, og litt fordi me ikkje har vore i denne delen av Europa før, nokon av oss. Øya ligg svært langt sør, nesten på høgd med Afrika, og middeltemperaturen i oktober er over 20 grader om dagen. Det skulle vere veldig bra.

Han der har funne flybillettar til og frå Catania, den nest største byen på Sicilia. Frå flyplassen ved Catania vil turen ha denne ruta: Caltagiorne - Piazza Amerina - Caltagiorne - Modica - Pozallo - Marzamemi - Noto - Siracuza. Det blir korte strekk på mellom 25 og 55 km, men mykje kultur. Attraksjonar frå UNESCOs verdsarvliste står i kø, og me vil ha god tid til å sjå på dei.

For eksempel kan me sjå på bikinijentene og mykje annan mosaikk i Villa Romana del Casale i Piazza Amerina. Mosaikken stammar frå ein herskapseigendom frå romartida, men har vore dekt av jord frå eit skred i mange hundre år.

Ein annan attraksjon på UNESCO-lista er Noto. Byen blei fullstendig øydelagd i eit stort jordskjelv i 1693, men blei bygd opp på nytt i stilen som gjaldt då, og er blitt ein svært vakker barokkby. Sjå balkongen på biletet, til og med under er balkongen barokk.

Jordskjelv og vulkanutbrot har samanheng med at Sicilia ligg der den afrikanske og den eurasiske kontinentalplata møtest. Vulkanen Etna er framleis aktiv, og høgda varierer på fjellet, fordi utbrot formar toppen på ny og på ny. Men Etna er det høgaste italienske fjellet sør for Alpane, over 3000 moh. Siste utbrot var i desember 2015, me får håpe me får sykle utan jordskjelv, lava eller oskeutbrot. Lavaen skal visstnok vere seintflytande, så det er visstnok råd å kome seg unna. Me får sykle veldig fort...







fredag 17. juli 2015

Grado- Trieste 68 km

Kviledagen i Grado var veldig god etter to harde og varme sykkeldagar på dei norditalienske sletter. Det var framleis ganske varmt, så dagen blei brukt til spasertur i gamlebyen, sykkeltur halvøya rundt på ca 10 km, god skalldyrlunsj, lang siesta på rom med temperaturkontroll, ettermiddagsbad i det varmaste sjøvatnet eg har kjent og middag på hotellet.
God oppladning til siste sykkeldag som blei ganske variert og litt dramatisk.
Det starta bra med asfaltert sykkelveg mellom hekkar med eksotiske blomar.

Deretter gjennom våtmark, oppå dike ut mot lagunen og deretter inn over eit område som nok er drenert ein gong og delt opp i kvadratiske stykke som er selde til bønder. Svært regelmessig busetnad, har sett noko liknande i Nederland. Og like flatt som i Nederland.


Ved Monfalcone hadde Hu der eit lite fall som resulterte i eit skrubbsår. Godt assistert av Marion og Peter, blei såret vaska og steril kompress kjøpt inn. Det gjekk heilt bra. verre var det med Han der som nok har belasta "den gode" hofta i meste laget, slik at ho nå sviktar når han står på henne.

Etter Monfalcone var det slutt på god sykkelveg. Ruta gjekk for det meste på trafikkert veg, også med 80-grense. Sist gong me sykla inn i Trieste, minnest eg ein flott strandpromenade. Nå var det fredag og supert ver, og strandpromenaden var fullpakka av solbadarar og badarar, så syklinga måtte skje i vegen eller på ein nokså potlete sykkelveg. Opp og ned av fortau, mellom feilparkerte bilar... Ganske vanskeleg for Han der som nesten ikkje kunne stå på det eine beinet. Og framleis ganske varmt.

Herleg var det då å sjå av vi skulle bu på Hotel Savoia, det finaste hotellet i byen, midt å sentrum. Syklane blei tatt vare på, koffertane brakt opp på rommet, og så herleg bad i kjempeflott baderom.

Så oppsummert:
 To veker har vore flott, og svært variert på alle måtar. Korte og lange strekk, klatring i Alpene, grøne enger, italienske småbyar og større byar, bading og turisme ved Adriaterhavet, og stor variasjon når det gjeld hotel. For Alpe-Adria radweg var sykkeltraseen svært god. Ekstradagen frå Grado til Trieste var fantastisk første halvdel ig stressande andre halvdel.
Ganske mange sykla same trase i del to, og vi blir meir og mindre kjent med kvarandre. Her dei vi blei mest kjent med, Marion og Peter. Arkitekt og historikar, kjekke og interessante.
Å kome frå Trieste til Sandnes er ikkje heilt enkelt. Løysningane me sjølv fann, tok fort meir enn 30 timar, både om Ljubljana, Klagenfurt, Venezia, Milano og Roma. Vi tok taxi! Det vil seie at arrangørane av heile turen tilbaud transpoert først frå Trieste til Villach, deretter frå Villach til Salzburg. - det siste strekket kunne vi godt ha gjort med tog, men veldig greit å bli plukka opp av bilar som var bestilt på forhånd. Det tok fem timar å kjøre det strekket me hade brukt to veler på! 

torsdag 16. juli 2015

Udine - Grado 57 km


Utrusta med mange liter vatn starta me tidleg frå Udine,

Det var lettare å finne vegen denne dagen, det var flatt og til tider strålande flotte sykkelvegar. Utfordringa var varmen. På det varmaste 37 grader, og det beste me kunne gjere var å sykle, då var det litt bris. Derfor fekk me ikkje studert forsvarsverka i den stjerneforma byen Palmanova, eller utgravingane eller tårnet i Aqueleia. Her er vi på varm kafe på torget i Palmanova med tyske venner frå Berlin og Solingen.


Det beste var å kome fram til Hotel Diana i Grado. Me sovna straks og sov over ein time. det var godt.

Grado sett fra fly. Mellom fastlandet og Grado er det ein 4,5 km lang veg med eigen sykkelsti på ei fylling. Og før det, lange stekk med tilnærma sykkelmotorveg. Også flott. 

Landskapet lenger inne var jordbrukslandskap. Mykje mais, frukt, erter, solsikker var å sjå, og vinmarker. Ein bonde fortalde at det han dyrka av druer var merlot, pinot grigio og sauvignon blanc. Ikkje noko italiensk tull!




Grado ser ut til å vere ein turiststad for folk i alle aldrar. Heile halvøya er full av hotell, stranda er fullpakka, og det ser fint ut. I morgon er det lagt inn kviledag. Det kan vere godt i varmen.

Alpe-Adria radweg stoppar i Grado, sjølv om me skal vidare til Trieste om to dagar. Heile turen er absolutt å anbefale. Heile turen er 410 km, og med start i ein by i østerrike, passering av alpepass og avslutning på ei strand i Italia, kan det seiast at det er ein svært variert tur. Store delar av traseen er svært god, merkinga og kartunderlaget supert, og folk og land gjestfritt, både i Østerrike og i Italia. 

Turen er beskriven i Bikeline si bok Alpe Adria Radweg. 

onsdag 15. juli 2015

Moggio - Udine 82 km

I reisebeskrivelsen er dette strekket sett opp med 55 -60 km, alt etter velde trasear. Då me kom fram til Hotel Principe i Udine, viste min sykkelcomputer 82,3. Det var også 30 grader, så det var ei påkjenning, men godt å kjenne at dei gamle skrottane ennå klarer slikt, og godt nøgd at me tok det så med ro at me ikkje var peste.

Ein veldig variert dag. Først var det siste del av alpene. Nedre del av Vale Canale er nokså smal, og elveløpet tar nokre stader heile breidda av dalen. Det var lite vatn i elva nå, så det ser jo litt dumt ut at det er lange, mektige bruer over ei og anna fisle-elv, men det er nok ein grunn. 
Underlaget for sykkel varierte, asfalt og grus,for det meste ganske godt, og sjelden med trafikk.
I Venzone var me plutseleg ute av alpene og komne til Italia. Det var marknadsdag og pynta med lavendel og lilla.
Landskapet utvida seg, og var kupert og flatt heilt fram til Udine. Det var her utfordringane kom. Nå var det fleire alternayiv å sykle, ikkje bare ei elv å følgje. Det var opp til tre merka val, og her gjorde me val som gjorde turen ganske mykje lengre enn minimum. Det første valet var gjennomtenkt og gjekk gjennom ein fin skog, eit naturreservat. Dei andre to ekstrarundane var fordi me tok feil. Problemet blei mat og ikkje minst drikke. Me begynte å sleppe opp for vatn. På kartet sto det avmerka mange interessante stader, San Stefano, Avilla, Treppo Grande, Cacelle, Carvacco og me kom til desse stadane, ofte opp ein varm bakke. Kyrkjetårnet var å sjå på lang lei. Men kafe eller butikk? Nei! Klokka var 12.30, ho var 13, ho var 13.30. Og kva gjer italienarane på landsbygda då? Då stenger dei alle skodder, alle portar og alle dører og held seg inne. Ikkje eit menneske me kunne spørje om vatn. Til slutt sykla me inn i ein større stad, Tricecino, utanfor løypa, tre km ekstra, for å få kjøpt noko, og lykka var stor då den fjerde staden me prøvde var åpen. Me fekk kjøpt både vatn og sandwich på kafeen på torget der. 

Me sykla på godt merka vegar inn i Udine, men ut over det blei det lite me fekk sjå av byen.  Men god mat blei det, og tilfeldigvis kom våre tyske venner Marion og Peter på same restaurant. Igjen ein kjekk kveld.