Viser innlegg med etiketten Salzburg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Salzburg. Vis alle innlegg

mandag 6. juli 2015

Salzburg - Golling 35 - 45 km

Pedalo  hadde sørga for nye, gode syklar til oss, fart- og avstandsmålar på begge syklar og gode vesker som går på og av med eit klipp. Verkeleg lettvinte og kan låsast. Men ikkje eit menneske å sjå frå Pedalo som orienterte om noko som helst, vi måtte lese og klare oss sjølv. Det gjekk fint, alt var skrive ein eller annan stad, på tysk, så det er fint å forstå det.


Salzburg har ein fantastisk sykkelveg langs begge bredder av elva Salzsach. Fotgjengarar og syklistar har kvar si fil, og dette blir praktisert. Når sylkkelvegen møter ei bru, går han konsekvent på eit galleri under brua. Det fungerer veldig bra, og det var mange lokale syklistar å sjå. Vel ute av bykjernen gjekk ruta på asfalterte småvegar og til slutt grusveg, heile tida langs elva. Grus og grus, dette var fast, og god grus. I det heile er Dette strekket veldig bra. Lett å finne fram, ingen vanskar, god skilting, godt underlag.

Etter eit par mil syklar vi rett inn i eit prospektkort. Ei kombinasjon av Heidi og Sound of Music. Flott. Det paddeflate slettelandet blir avløyst av bakke opp og bakke ned, men ikkje så  lange bakkae, ennå. Vi observerte mellom anna eit familie på tur med ein gutt på 9 - 10 år som sykla dette heilt fint. God tid på etappen gjer at vi er over ein time på det interessante Keltermuseet. Det har vore keltarar i dette området sidan eldre steinalder, og mykje velstand er bygd på utvinning, bruk og sal av salt. Bergsalt som kom opp i salte kjelder, men som for det meste ha blitt utvunne i gruver. Spesielt interessat fordi forrige sykkeltur for ein månad sidan gjekk i saltutvinningsområder i Portugal.
Tyrolarhus med alle c-moment.

Kva saltet har betydd kan me høyre i namnet Salzburg -saltborga eller -byen, elva Salzach, Hallein var ein variant av Salinen, som også betyr salt. Elva var hovudtransportåre av salt til Donau, men transport gjekk også over land. 

Hotel-Penzion Golingen i Gollingen er enkelt, men greit. Ligg fint til i hovudgata og ved marknadsplassen litt oppe i skråningen. Vi har funne ein "stamkafe" like utanfor, og får oss litt refreshment i varmen.
Markt in Golling


Veret: Som meldt på Yr, så regna det til kl 9:30. Ca då starta vi, og etterkvart kom sola. Det blei aldri for varmt, men greit å vere farmme før kl 15. Temperaturen har stige nå i ettermiddag.



søndag 5. juli 2015

Bysykling i Salzburg

Å starte eit opphald i ein by med ein guida sykkeltur er igjen ein suksess. Francesca i Fraulein Maria's Bicycle Tour  tok oss tre timar rundt i byen med Sound of music -tema. Kjekt for fans av den filmen, men kjekt for oss andre og, sjølv om me ikkje "kjende oss igjen" heile tida. Ei gruppe på 15 personar glei heilt fint rundt i gamlebyen, gjemmon smug og portar i slott og kloster, besøkte ein gammal gravstad, såg klosteret der Fraulein Maria i Sound of Music var ei kort stund, osv, før det bar ned på sletta, via eit vatn, ein kanal og ein alle til Heilbrunn, kor lysthuset frå filmen står. -

Firmaet som hadde bysyklinga er medlem av Cycle Cities

Det er hetebølge over Europa, godt over 30 grader, men sykling gir alltid ein liten vind, så det er behageleg. Men stopp ikkje i sola. Du blir kokt.



Hotel zur Post utanfor bykjernen har garasjar for syklar og bilparkering for syklistar medan dei er på tur. 

søndag 1. februar 2015

To veker sykling i sommar, Salzburg - Adriaterhavet

Alle turane me har sykla til no, har vore på ei veke eller kortare. Det har mange gonger vore litt kort, me har akkurat kome i siget, så er det slutt. Nå har me funne to turar som heng saman, slik at me får sykla i neste to veker gjennom det som må vere ganske variert landskap. Turen startar i den gamle, flotte byen Salzburg (festspel, kultur, Mozart), sørover i dalane Salzachtal, Drautal og Gasteiner Tal med gamle landsbyar og flott natur til byen Villach, kor første etappe sluttar.

Andre etappe startar i Villach i Østerrike, men ganske fort syklar vi over grensa til Italia, fortsetter å sykle sørover via Tarvis/ Tarvisio, Moggio og Udine til Grado ved Adriaterhavet, og til slutt til Trieste, kor me har vore før.  Det ber frå alpeland til vinskråningar, vide dalar, elver ut til havet.

Tema for reisa må bli dobbelmonarkiet Austerike-Ungarn. Ikkje bare går halve turen gjennom det som framleis er Austerike, men den delen av Italia me syklar i, var også lenge ein del av dobbelmonarkiet (1815 - 1918).  Arrangøren Pedalo forsikrar om at det er ein tur med vanskegrad 2, men eg ser jo for meg ei kryssing av Alpane, eller kva, og då må det vel bli litt tungt!

Me strevde litt med å finna ein god måte å kome oss heim frå Trieste på. Fly derfrå tok lett 22 timar (4 etappar) og kosta 5 - 6000. Løysinga kom då vi fann ut at arrangøren stiller med transport Trieste - Villach som korresponderer med transport Villach - Salzburg. Då tar me fly tur/ retur Stavanger - Salzburg!

Under: Salzburg