Viser innlegg med etiketten Konstanz. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Konstanz. Vis alle innlegg

søndag 9. juni 2024

Arbon - Konstanz (31 km)

Kort sjarmøretappe frå Argon tilbake til Konstanz og Hotel Alte Post, og sykkelturen var over. Kort tid etter at me var i hus, begynte regnet!

Me sat igjen med inntrykk av å ha sykla gjennom tre land prega av orden, med veldig koselege folk. Sykkelstiane var utruleg gode, og svært godt merka, både med skilt /ulik farge i dei tre landa) og maling i vegen. Dessutan hadde me to gode kart, eit tradisjonelt kart og kartbok med ruta vår innteikna. Bare Nederland kan hamle opp med dette! Men så er det tydeleg at sykling rundt Bodensjøen har blitt ein heil industri. Det er nok tusenvis av syklistar i sving kvar dag, både lokale kvardagssyklistar, turistar og dei som trenar. Mange stader er sykkelsti og gangvei skilt, og det er nok best for alle partar. 

Heile omlandet rundt Bodensjøen er i bruk til noko. Fleire byar, Konstanz, Bergens, Ludwigshafen, Friedrichshafen, Überlingen og Lindau er nokre. Og eit vell av tettstader både i gammal og ny stil. Hagane ser mest velstelte ut i Austerrike og Sveits, men den nye bølgja med Å la humla suse har gripe om seg, så det er ikkje like velfrisert overalt. Men dei har kontroll. Mellom landsbyane er det mykje turisme knytta til vatn, badeland, basseng, badeområde, campingplasser og parkar. Og så er det jordbruk innimellom. Eit svært variert og veldrive jordbruk. Folka er driftige. 






tirsdag 4. juni 2024

Konstanz - Gailingen (40 km)

Ein herleg dag. I Sveits og Sør-Tyskland har det vore store mengder nedbør. Det ser vi på vannstanden i Bodensjøen og Rhinen og at dei pumpar vatn ut av åkrane. Og så fekk vi ein så vermessig fantastisk start på sykkelturen vår, i eit flott og velstelt landskap. Pærehagar, kornåkrar, potet- og grasmarker, valmue- og kornblomstfelt, salat, løk, sukkerroer, vinranker… det meste som kan dyrkast. Vi overnatta i Konstanz i Tyskland på Hotel Alte Post, eit flott hotell med svært god frokost. Middag på Konzil var også veldig bra, asparges og fisk var svært bra. 

Vi måtte reise til hovedkontoret til Radweg Reisen, der vi blant 800 syklar (sjå bilete) fekk ut våre fire som vi sykla tilbake på hotellet på fine sykkelvegar og sykkelbru.

Sjølve turen starta også på denne sentrale sykkelvegen, men vi sykla fort inn i Sveits, og sykla frå landsby til landsby på sørsida av Bodensjøen. Det var sykkelveg det meste av vegen, men i landsbyane måtte vi sykle i vegen. Men det var lite trafikk og låg fart. Det var for det meste flatt, men eit par stader, spesielt på slutten då vi sykla langs Rhinen var det nokre gode stigningar. Derfor fint med elsykkel for Han der. 

Askeladden observerte både interessante vekstar, tre, rovfuglar og fiskar på vegen. Her er noko å utforske vidare. I Stein am Rhein hadde vi lang lunsjpause og fekk studert fantastisk middelalderarkitektur (sjå bilete under). Frå Stein gjekk vegen vidare til Hotel Rheingold i Gailingen kor vi blei godt mottatt, og har fått rom med balkong (sjå under) og utsikt over øvre Rhindal. Dette er også like over grensa til Tyskland, etter at me har sykla i Sveits heile dagen.