søndag 30. april 2017

Nærmiljø Moivika: Hellvik - Egersund på den gamle jernbanen 30 km t-r

I dag blei det sykkeltur tur-retur Egersund. Fra Moivika sørover langs Rv 44 til skilt Hellvik stasjon, inn til turvegen gamle jernbane. Den kom på det som var den smalspora jernbanen til Egersund, bygd i perioden 1874 - 1878. Den gamle jernbanen slynga seg i det sterkt kuperte landskapet for å unngå så mange tunnelar. Likevel var det behov for både høge fyllingar og sprenging i landskapet. I den gamle traseen er det ein liten tunnel, men ei flott fylling laga av steinar som er håndkilte. Imponerande arbeid.



Då banen blei gjort breispora, blei mykje av banen lagt i tunnelar, men noko av banen ligg framleis i den gamle traseen. Det betyr at sykkelvegen nokre stader er fin og flat, men seks stader går han utanom, over eller under den nye. Det betyr for syklistar og fotgjengarar sterke, bråe stigningar og nedstigningar, slik at turen blir litt krevjande. Tur-retur Moivika-Egersund i vind frå sør gjorde to gamlingar ganske forblåste og trøytte på ein god måte.




Landskapet er skog og fjell. Anortositt-fjell er eit snaut fjell, likevel er det her blitt skog og lunt. I eldre tider var det mange stasjonar på jernbanane. Nedlagde Maurholen stasjon (holdeplass) ligg mellom Hellvik og Egersund, midt i skogen. Det viser seg at denne stasjonen betente Eigerøya før øya fekk bru. Eigerøyfolk kom med båt til vika nedanfor stasjonen. Då Eigerøy fekk bru, blei  stasjonen nedlagd og bygningane blei feriestad for tilsette på jernbanen. I fin stad i skogen med tilgang til sjø og vatn. Nå er det festlokale til utleige, med ei fin grasslette framfor. Vi ser at det er ein mykje brukt rasteplass.

Turstien er ei perle, både for dei som kjem frå Egersund og går delar av ruta, og dei som tek heile turen. Stien åpna i 2005, og avgjerande for heile strekket var brua like nord for Egersund, konstruert av lærlingar ved Aker Solutions. Det er mange rasteplassar, delvis møblerte med bord og benker gitt av organisasjonar.




lørdag 1. april 2017

Nærmiljø Moivika: Vestlandske hovudveg runde 20 km

Ein runde frå Moivika, nordover til Ogna, inn på Vestlandske hovudveg sørover til Hegrestad, ut på Rv 44 via Hellvik så tilbake til Moivika. Det blei 20 nokså krevande kilometer. Nokre kilometer på Rv 44, men tidleg laurdag er det ikkje så stor trafikk, og bilistane tek hensyn.


Me starta med ein kikk på den "nye" Ogna kyrkje, teikna av vår venn Erik Thesen. Kyrkja har ein eldre del som stammar frå 1250, blei seinare utvida, men brann ned etter lynnedslag i 1991. I 1995 blei kyrkja nyopna, med skip frå mellomalderen, med alter og preikestol som nøysltige kopiar frå 1600-talet, og ein moderne del med tilbygg på eine sida. Ei fin blanding av nytt og gamalt.

Etter Ogna kyrkje svinga me inn mot Hølland og kryssa Ogna-elva over Hølland bru, som er ei gammal steinbru laga til den vestlandske hovudvegen. Brua er 33,8 meter lang, har tre hvelv og blei laga i 1843 under leiing av Andreas Arnesen. (Biletet er henta på sandalsand.net)

Vidare inn gjennom Hølland gartneri og opp på sjølve vestlandske hovedveg. Vegen var tydelegvis under klargjering til Nordsjørittet. Den nordlegaste delen av vegen var klar, fast, jamn og fin. Seinare var han typisk "under arbeid", lausare og våtare. Nokre stader var oljegrusdekket tatt av, det var klargjering for meir oljegrus. Spesielt der Nordsjørittet har nedoverbakke, var det, eller ville det koma fast dekke. Sikkert nødvendig når fleire tusen syklistar ville koma i samla flokk. Det ser ut som arrangørane av Nordsjørittet har mektige vener, vegen blir godt stelt! Det er jo til glede for alle andre på tur.


Den vestlandske hovudveg var planlagd av danskar, som bygde vegar på flat mark. Då er nok den rette veg er den kortaste og beste. Men i "terrenget av Guds vrede" er den rette veg også ein ve-e-eldig kupert veg. Eg blir styrka i avgjerda om å ikkje sykle Nordsjørittet. Denne biten av rittet er årsaka. Eg bremsar i nedoverbakkane, dei er farlege. Eg vil ikkje ha 1000 ville syklistar bak meg då.


Me tok ein pause på gode benkar like før Hegrestad, og reflekterte over kor få folk som hadde tatt i bruk vegen denne dagen. Ingen andre enn oss.

Ikkje før det var sagt så kom dei to første syklistane, dei såg ut som dei trena til rittet. Like etter kom ei turgruppe med 30 - 40 vandrarar på vår alder, ganske gamle. Så vegen blir brukt. Det set me pris på.

Men det var ein på vegen me ikkje sette pris på, der og då, sjølv om han nok har like rett til å bruke vegen som me har. Det var bonden på Hegrestad som var ute med hevdaspreiaren for å gjødsle. Vegen er smal, traktoren tok heile vegen. Me trekte oss ut i vegkanten og håpa det beste, for spruten sto bort frå oss. Men ikkje alt. Delar av spruten sto rett opp, og hevd kom ut på vår side og. Lortsprut/ lortregn er ikkje kjekt. Me blei prikkete, syklane blei prikkete og sekken min blei prikkete.

Me sykla fort tilbake til hytta, kledde av oss direkte i vaskekummen i bua, vaska syklane og dusja grundig. Eg trur ikkje me luktar lenger, men den neonfarga sykkeljakken min (sjølvsagt den nyaste) har fått varige spor.

søndag 26. mars 2017

Canal de Campo de Cartagena



Kanalen går mellom elevene Tajo og Segura, ei stor elv og ei lita elv, og er, etter det eg finn ut på internett 64,3 km.

Tajo (spansk) eller Tejo (portugisisk) er den lengste elva på Den iberiske halvøy. Den har sitt utspring i Albaracín-fjellene i provinsen Teruel i Aragón i Spania, og renner hovedsakelig i vestlig retning derfra til den når Atlanterhavetved Lisboa i Portugal.
Segura (latinThaderarabiskWar-Alabiat) er ei elv og et vassdrag sørøst i Spania. Kilden er ved Santiago Pontones i provinsen Jaén, og renner gjennom CalasparraCiezaMurciaBeniajánOrihuelaRojales, før den munner ut i Middelhavet nær Guardamar del Segura i provinsen AlicanteSegura er vanligvis delvis inntørket, men av og til kan kraftig regn føre til flom, noe som vanligvis skjer hvert 6. til 9. år, alltid om høsten.

Første ekspedisjon for å finne kanalen var etter ein rask kikk på kartet, deretter å sykle oppover. Det gjekk ikkje så bra. Ein eller annan stad tok me for mykje til høgre. Me fekk sett veldig mange versjonar av Kardemomme by: Kvit, gul, rød, med eller utan tårn, men motorvegen, som me skulle krysse, fann me aldri. Men turen var fin!

Andre ekspedisjon for å finne kanalen skjedde ved hjelp av GPS på mobiltelefon. Det gjekk veldig fint heilt til me sykla på ein mur som ikkje GPS-en visste om. Eit nytt turistområde skulle reisast og gjerdast inne. Ein veg var vel ikkje noko å bry seg om. Etter ein ny runde med ein masande GPS måtte me spørje om vegen. Ved hjelp av ein tannlaus engelskmann som budde der fann me vegen over ei mark og opp til kanalen, som var like ved. Kanalvegen var kjempeflott å sykle på! Asfaltert veg nesten utan bilar, og ganske flatt. Ganske fort slutta bebyggelsen, og appelsinlundane tok over. I mars er det fruktblomsting på appelsintrea, de dufta friskt og søtt over heile området. - Me sykla ein del kilomenter før snudde. På vegen tilbake fann me ein veldig grei veg ned mot kjøpesenteret Zenia Bolevard, delvis var det til og med sykkelsti Cyclocalle. 

Tredje ekspedisjon, då visste me kor me skulle, me sykla med høg naseføring forbi kjøpesenteret, over motorvegen og rett opp mot kanalen.Denne gongen sykla me vel ei mil sørover, så langt me hadde lyst. Kanalen var også her groven ganske djupt i landskapet nokre stader, og bygd opp nokre stader. Veldig flat sykling, med andre ord, liknar på å sykle på nedlagd jernbane. Ein stad passerte vegen under i tunnel. Me passerte igjen endelause turistområde og to-tre golfbanar før me kom ut i jordbruksområde, som tydelegvis bli vanna frå kanalen. Mest sitrus her og. - I mars er det blomstrande og flott i området. Det regnar nok til at det ikkje blir svidd landskap. Å sykle er også fint, passe temperert.


Etter turen tapas på El Tapas på Zenia Boulevard. 

mandag 20. mars 2017

Sykling langs playas de Orihuela




















Er på arbeid - skriveveke i Spania - men det er tid til litt sykling innimellom.

I dag fann me strandpromenaden langs Playa Flamingo og nokre andre strender. Fantastisk tur i god temperatur, sol og litt vind. Leiligheit lånt av Ester, syklar har ho ordna til oss frå naboar i Miraflores, Mona og Hans frå Bergen. Snille folk. Det er kjempeflott å ha sykkel å sige rundt på her. Bil er eit dårleg alternativ.

Spanjolane har tydelegvis planar om å lage sykkelvegar her, både langs den store vegen og langs strendene. Delar av ruta er veldig fin, brei, steinlagd  strandpromenade med gjerde, sjå biletet. Elles har dei det tatt litt av gata og malt sykkelsti, eller litt av fortauet.

Plutseleg var det slutt (der det står 4 km.). Strekket langs stranden er 3,5 km, men me skal finne ut om det er framhald lenger sør ein annan dag. Me sykla fram og tilbake. Det gjekk fint, det og.

Denne ruta var svært godt merka, med skilt, maling i vegen i vegen og ikkje minst fine små sykkelplater skrudd ned i gata. Sjå bilete nedst.

Langs den store vegen (332) var det også flott sykkelsti, det er effektivt - men ikkje idyllisk å sykla der. Men også her var det bråstopp i ei stor rundkjøring. Med framvising av stort mot kom me oss over vegen og heimover.




søndag 5. mars 2017

På sykkel i København i mars

Ein grå og regnfull søndag i mars blei kjekk og interessant takka vere Lotte og Frank, som gjentok suksessen frå 2011, og tok oss rundt i København på sykkel. Dette trass i at dei skulle flytte dagen etter.


Hotel Comfort Vesterbro hadde syklar til leige, 150 dkr/dag. Gode rett-rygg-syklar med korg. Det blei indre by som blei tema denne gong: Bruer, slott, bibliotek og god mat på flotte stader.
Sidan sist har Købehnavn fått minst tre nye sykkelbruer: Ei Y-bru som binder saman tre av holmane København ligg på, ei flott ei som liknar på eit seilskip og som kan dreiast, og den såkalla ulykkesbrua. Ulykkesbrua er nyleg åpna, fleire år forsinka: Først gjekk byggefirma nr ein konkurs, deretter firma nummer to. Då det så nærma seg slutten, med firma nr tre, så viste det seg at bestilt midtdel var for kort, og då brua endeleg var klar, var dekket så glatt at syklistane sklei og ramla. Men nå er det fint, med mange brukarar. Navnet på ulykkesbrua er Inderhavnsbroen, men det er det få som veit.

København universitet har eit gammalt bibliotek frå 1400-talet, med midtgang i to etasjar, bøker opp til taket med stigar slik at ein skal kunne rekke dei øverste bøkene. Dette flotte bygget er ikkje ope for dei fleste, men Frank hadde kjenningar, det vil seie nøklar og kode, slik at vi kom inn. Fantastisk! Dei gamle bøkene er borte, og bygget er selt til eit firma som ville lage butikkar, men dei hadde gløymt å lese klausulen om at bygget måtte vere bibliotek. Noko det ennå er, om enn i nokså liten grad i forhold til kor flott det er. Håper det kan kome fleire enn dei som kjenner kjentmenn til gode ein gong.

God dansk mat på Cafe Norden i art nouveau-stil, og såkalla frokost i tårnet i Christiansborg slott. Kake på Cafe Norden,og danske smørbrød i Tårnet: Rugbrød, sild, fisk, kartoffelmat osv., med øl! Typisk dansk og veldig godt. Tårnet er ein restaurant i eit rom som i nesten 100 år var eit hemmeleg pulterkammer kor gipsfigurer som ikkje var i bruk samla støv. Nokre av gipsfigurane dekorerer framleis rommet, som er 11 meter under taket. Over restauranten er det utsiktstårn, med utsikt over heile København.

Igjen er det interessant å sjå kor godt København er tilrettelagt for sykling: Eigne sykkelfelt overalt, lysregulering, bilar som svingar til høgre og kryssar sykkelfelt ventar fint til syklistane er forbi, osv. Det føles veldig trygt å sykle. På toget er det eigne sykkelvogner og flexirom med plass til syklar, barnevogner, rullestolar. Og syklar er med på toget er gratis. Noreg har noko å lære.

søndag 22. januar 2017

Sykkelen 200 år i 2017


I 1817 laga Karl von Drais den første sykkelen (Laufmachine) i Baden-Württemberg, og då blir det jubileum i år. Jublieet blir feira med utstilling i Mannheim, samling av historiske syklar (som ein syklar på) i Karlsruhe, og utstillingar i Baden-Württemberg og i Wesel. Sykkelhistorie i Wikipedia her.


Hollandske hansabyar 2017



Sommaren 2017 (sist i juni) har me bestilt tur med kanalbåt/sykkel i Nederland, start og slutt i Amsterdam. Tenk at me bare har sykla ein skarve bysykkeltur i sykkellandet Holland! Det blir det nå ein slutt på.

Frå Amsterdam går turen til Wijk bij Duurstede med båt kveld/natt, så startar syklinga til Arnhem (35 el. 50 km) neste dag, deretter sykle til Deventer (35/55 km), til Kampen (40/55 km), Harderwijk (40/60 km), Spakenburg (25/55 km) og så tilbake til Amsterdam 35/50 km). Dei fleste stadane finst på hansabykartet under. Det blir kjekt å sjå små hansabyar. 


Me treng ikkje pakka kofferten kvar dag, den siglar på kanalane med MS Gandalf, som me går ombord på når me kjem fram om ettermiddagane. Ein litt annleis tur, ferdig lunsjpakke, middag i båten kvar kveld, og sikkert ikkje så mange bakkar. Me kan velje kort eller lengre tur kvar dag, så dette burde vere ein tur for dei som ikkje er trygge på sykkelformen. Ein kan også velje å sykle med guide eller på eiga hand.
Harderwijk


Direktefly Sola - Amsterdam er eit argument for turen, hansabyane me skal innom er eit anna, og så er Nederland eit kjekt land å vere i, ordentlig, med kjekke folk som kan engelsk. 
Kampen var den største hansabyen i Nederland, og hansatida blir igjen eit tema på reisa. Ellers må vel eit anna nærliggjande tema vere vatn, sluser, bruer, dike og kampen mot havet. Dette området har tidlegare vore i kontakt med Nordsjøen, men diket i Ijsselmeer har stengt den direkte kontakten. 
Kampen
Før turen tar me nokre dagar i Haag, med litt strandsykling og kunst i Mauritshuis. Under maleriet Tanntrekking av Jan Steen, som heng i galleriet saman med kunst av mellom anna Potter, Rubens, Brueghel, Vermeer og Rembrandt. 
Jan Steen: Tanntrekking - Mauritshuis i Haag.