søndag 25. november 2012

Igjen lagar dei syklar på Ganddal.



I oppveksten min på 1960-talet var det bare ein type syklar som var aktuelle, DBS. Syklane var laga på Sandnes på Øglænds sykkelfabrikk, seinare på Kvål. Kortreist, lokalt og eit eksempel på lokalt initiativ. Nokre modellar her også. Men tidene skifta, Øglændarvingane selde aksjane sine til eit svensk firma, Monark i 1989, og sykkelfabrikken blei etter kvart lagd ned. Det var for dyrt med norsk arbeidskraft i konkurranse med Austen. Men ennå fins salsapparatet til DBS, Cycleeurope i Sandnes.

Men nå blir det likevel laga syklar på Kvål, der den siste DBS-fabrikken låg. Ådne Orstad har laga ei bedrift som set saman syklar ved hjelp av ferdige delar, Sykkellaboratoriet. Det spesielle er at kvar sykkel er unik, spesialtilpassa kroppen til kjøparen. - Det morosam er at Øglænds sykkelfabrikk starta på same måten i 1892, med å setje saman sykkeldelar dei fekk frå Tyskland (Hengstberg) og USA (The World), før sykkelfabrikken i Langgata i Sandnes blei opna i 1906. - Men Øglænd sine syklar var neppe spesialtilpassa kjøparen!

Rundtur Lura - Stavanger - Madla - Forus - Lura nesten bare på sykkelsti

Utsikt over Gandsfjorden mot aust
Laurdag 24. november kl. 12.15 - 16.15 var det opphaldsver med solgløtt, 8 - 9 grader og nesten vindstille. Sykkelen hadde stått i ro i garasjen lenge, batteriet på lykta og sykkelcomputaren var utlada, men kva gjorde vel det? Ut på tur før regnet kjem igjen! TUR! Ikkje transport til jobb eller treningsrunde.

Vi fann ein flott runde på ca 40 km, nesten alt på sykkelsti, eigen sykkelveg eller i lite trafikkerte gater. Veldig bra. Vi ser bort frå strekket vi måtte ta til og frå, langs Nordestraen, det er tragisk at det ikkje er blitt betre der.

I forklaringa bruker eg namn frå sykkelkartet for Nordjæren. Første delen av turen er for ny til å vere med på kartet, men han går langs jernbanen.

Velodromen over Tjensvollkrysset, bare for mjuke traffikantar
Forklaringa begynner på Lura, vi sykla Gamlevegen mot Lurahammaren frå nord. Til høgre ned Lurastø,  tok undergangen under jernbanen og sykla nordover på sykkelstien mellom jernbanen og Gandsfjorden. Vi passa på å nyte dette, det var bare flott. Heldt deretter til høgre etter Mariero stasjon, og sykla gjennom Vaulen badeplass, sjølv om merkinga viser på "innsida" av jernbanesporet akkurat der.

Steinsetting ved Møllebukta i Hafrsfjord

Det går an å ta seg ein bystopp i Stavanger, men vi sykla over gangbrua over Lagårdsveien, og kom inn på Indre Ring over Våland, passerte det gamle sjukehuset og Arkeologis museum. Ved Mosvatnet heldt vi til høgre og sykla Madlaruta. For første gomg sykla vi på den nye sykkelvelodromen over Tjensvollkrysset, sjå bilete, og vidare på brei sykkelveg til Madlakrossen.

Frå Madlakrossen tok vi nordover igjen, Madlaveien til Møllebukta, og inn på ny sykkelrute Hafrsfjordruta, som er nydeleg steinsett ut mot fjorden, sjå bilete.

I neste rundkjøring sykla vi sykla sørover over Grannessletta, ved Sørnes følgde vi skilting mot Forus (Sørmarkruta), under Nesbuvegen og inn på snarvegen mellom Sørnes og Forus som berre er for syklistar, fotgjengarar og rulleski (vi møtte to). På Forus skjer det store omleggingar heile tida, men det kjem til å bli veldig flotte forhold for syklistar på nordlege Forus. Litt verre var det i området ved Tvedtsenteret/ Elkjøp. Men når det var passert, var det fint langs Svanholmen og Vassbotnen. Endå betre blir det nå kollektiv/sykkelbrua over E39 blir ferdig (forsinka frå desember 2012 til vår 2013).

Vi sykla over E39 ved IKEA, på venstre side av RV44, og Stavangervegen retning Lura til slutt. Heile tida på fortau/sykkelsti. (Kaffe og dessert på Lura Turistheim passa godt før vi sykla gjennom trafikken på Nordestraen heim til Austrått.)






mandag 8. oktober 2012

Mai 2013: Puglia, Italia

Godt å tenkje på når hausten mørknar til: I mai 2013 håper vi på ei veke sykling i Sør-Italia, i Puglia, hælen på støvelen som kartet av Italia utgjer. Reisa blir igjen kjøpt av Pedalo, sjølv om det godt er mogleg å sykle rundt på eiga hand. Det er rart med det, blir ein van med kofferttransport og god sykkelservice, er det vanskeleg å begynne å frakte bagasje... Ruta blir fly til Bari (Brindisi er også mogleg, men har færre flyavgangar), direkete tog til Alberobello og så sykling Alberobello - Ostuni - Mesagne - Gallipoli - Santa Maria di Leuca - Otranto - Lecce. Strekka er mellom 40 og 50 km, med mulighet for å forlenge eit av strekka til 85. Frå Lecce blir det igjen jernbane til flyplassen.

Naturen skal vere nydeleg, med oliventre, pinjer og mandeltre. Andre halvpart av traseen går langs havet, det pleier ikkje vere stygt. I mai er det nok også blomstring på gang.

Alberobello er kjent for sine spesielle hus, trulli. Ei nettside seier at det er ein byggemåte ein veit var i bruk så langt tilbake som 1300 f. Kr. Husa har  koniske tak utan mørtel, og dei er bygde av lokal kalkstein, med spesielle toppar og takdekorasjonar.
Dei står på Unesco si verdsarvliste, og dei må me sjå, sjølv om dei fleste bygga i dag er for turistar.


Eit anna høgdepunkt på denne turen er er Zinzulusagrotta i søraust.




fredag 5. oktober 2012

Nedlagd fabrikk ved sykkelstien på Figgjo

I Hellas såg vi mange forlatte fabrikkbygningar. Slike har vi ikkje i Norge, tenkte eg. Men eg tok feil. Ved sykkelstien mellom Sandnes og Ålgård ligg rønna etter Figgjo trikotasjefabrikk, DFU, der dei laga m.a. badedraktar. Her er ein liten film om DFU. I sommar melde Stavanger Aftenblad at det skulle bli bustader der. Ikkje så originalt i desse tider, men bygget er eigentleg staseleg, og staden det ligg på er nydeleg, så det kan bli bra bustader.

Bilete og tekst er laga med Blogger for Iphone!


Vi har forlatte bygg i Sandnes også

onsdag 26. september 2012

Jerntepperuta eller Iron Curtain Trail


Fantastisk og til å drøyme om: Langs den 8000 km lange grensa mellom tidlegare Aust- og Vest-Europa, er det i ferd med å vekse fram eit gigantisk nettverk av sykkelvegar og grøne friområde. Frå Grense Jakobselv i nord, til Svartehavet (Bulgaria/ Tyrkia) i søraust var det under den kalde krigen ei stengd grense som mange stader var ganske brei. Dei fleste landa som ligg inntil grensa har slutta seg til arbeidet med å utvikle sykkelveg og å skape eit grønt naturbelte med friområde og naturreservat. I og med at områda langs grensa har vore uutnytta så lenge, har utrydningstrua artar overlevd der.

Den tyske EU-politikaren Michael Cramner er ein av dei som har stått på fot å sikre ruta, og ein av støttespelarane er Green Cross, starta av Mikhail Gorbatsjov. Planen er at ruta skal vere ferdig i 2020, men ein god del er alt gjort. Eg legg merke til at sommarens tur frå Lübeck til Stralsund er med i ruta, eg har alt sykla litt av strekket! Sjå under etiketten Østersjøen.


Offisiell side for Iron Curtain Trail. Eit mektig fredsmonument og ei påminning om kor mykje ressursar det blir sløst på å oppretthalde grenser.

fredag 21. september 2012

Sykkel som framkomstmiddel på ei gresk øy

Sykkel er eit flott framkomstmiddel når du oppheld deg på eit gresk kloster litt utanfor alfarveg, men likevel vil litt rundt. Når klosteret i tillegg ligg på ei øy, er det lite biltrafikk og ingen store vegar.

Syklinga er såkalla transportsykling: Rett-i -ryggen-sykkel med  bredt sete, gode dekk og korg på bagasjebrettet. Dei som hadde hjelm, slutta fort med det. Så om morgonen og i siestaen
er det ut på sykkel, mest på grus til stranda - Skala - eller til næraste landsby - Kaloni.

Optimal dag på jobben:
Kanskje ein liten sykkel- eller spasertur før frokost
Frokost
Jobbe fra 9 til 13 i skuggen
Lunsj
Siesta: Sykle til stranden. Bade, sole seg. Sykle vidare til kafe for refreshment. Sykle tilbake til klosteret.
Tilbake for jobbing frå 17 - 19.
Middag
Kjekke presentasjonar

Kristine og Hildegunn på grus ut frå klosteret, over. Til venstre syklar Jostein og eg frå Kaloni til Skala Kaloni (stranda).








Dette er Lesesenteret, Universitetet i Stavanger, på Metochi, Lesbos. 28 grader i september.
Det blir jobba. He me det ikkje godt?