torsdag 18. juli 2013

Hadrianmuren: Ravenglass - Whitehaven 32 km


Ravenglass, utgangspunktet for Hadrians sykkelveg, er ganske langt sør for sjølve Hadriansmuren. Forklaringa på at turen startar i Ravenglass, er at staden i 300 år var ein romersk garnison (castra) med 500 soldatar, og då var ein del av same forsvarsystemet som Hadrianmuren. Namnet var i romersk tid Glannaventa. Romarane fekk inn forsyningar til soldatane sine i nordvestengland over Ravenglass, og frå staden gjekk det ein romersk veg over Hardknottpasset til det romerske fortet i Ambleside. I dag er einaste resten etter romarane eit bad, Walls Castle.

I dag har landsbyen under 1000 innbyggjarar. Hovudattraksjon er den nedlagde jernbanen Ravenglass and Eskdale Railway.  Vi bur i Bay Horse Bed & Breakfast, eit restaurert vertshus kor farande tidlegare tok inn for å vente på lågvatn, slik at dei kunne kome seg over Esk-vadestaden (ford). Tre elver møtest i Ravenglass: Esk, Irt og Mite. Kastar ikkje bort energi på lange elvenamn der på staden.


Hadrians sykkelveg starta ved det romerske badet. Vi forsto ikkje heilt av kartet kor vi var, så vi sykla opp til badet og snudde og sykla same vegen tilbake. Då vi komnedover igjeb, såg vi skilta som viste inn på ein smal sti, langs jernbanesporet. Stien, som var akkurat brei nok for ein, gjekk over ei bru og vidare langs stranda.Det var flott å sykle der, bare vi og havet. Underlaget varierte, grus, utlagde plastmatter som gjorde laust underlag stabilt, murplater og asfalt, relativt seinsykla. Nokre stader var det plutselig heilt laus sand, vanskeleg å sykle, men det gjekk utan uhell.

Midt i det flotte strandlandskapt dukka Sellafield atomkraftverk opp, heilt usjarmerande, men sikkert bra for energitilførselen i Engalnd, og sysselsettinga i området her. Rett utanfor kraftverket var det naturvernområde og fuglereservat. 

Vi kom gjennom fleire pittoreske landsbyar på turen: Drigg, Seascale, Beckermet og byrn Egremont. Overalt blomar, i hagar og ville langs vegen. For det meste gjekk turen på eigne sykkelvegar eller småvegar, ein gong ut på ein større veg, men der var det sykkelsti. Ved Egremont og inn mot Whitehaven dukka det umisskjennelege preget av nedlagd jernbane opp: Fyllingar, over- og undergangar og rette strekk. Igejn ein nedlagd jerbane, og igjen ein nedlagd jernbane omgjort til sykkelveg, denne gong Whitehaven, Cleator & Egremont railway frå 1856.

I åra midt på 1800-talet blei det bygd minst åtte jernbanestrekningar i området hovudsakleg for å frakte kol og jern frå gruvene i området. Allerede då jernbanane sto ferdige, minka gruvedrifta, og i løpet av 1900-talet blei dei nedlagde. Sustrans starta eit stort arbeid her med å bruke desse jernbanestrekka til grunnstamme i eit samanhengande sykkelvegnett tvers over England: C2C. 

Ved Egremont mista vi ruta ein stad. Vi fekk straks hjep av forbipassserande, den første ga oss villedande hjelp, men den andre sykla framfor oss og hjelpte oss inn på sykkelvegen igjen. Kjekke engelskmenn. 

Ruta er veldig kort, så for ikkje å kome for tidleg fram, tok vi lunsj i havna i Whitehaven for vi kom oss oppover bakkane til Glenard Guesthouse. Lyst og romslig rom, stor, flott hage, men nok meir tradisjonelt b&b enn dagen før. I fint ver ser Whitehaven ut som ein heilt annan by enn de vi opplevde sist gong vi var her. Vi avslutta dagen med eit utmerka måltid med superlokal sjømat på The Waterfront, kan anbefalast. www.waterfrontwhitehaven.co.uk 

lørdag 6. juli 2013

Endå ei ny sykkelbru klar - i Jåttåvågen.

Her kjem Rolf syklande ned brua som kjem ned nordover frå Jåttåvågen stasjon, og rett inn på sykkelnettet langs Gandsfjorden. Ei ny bru som gjer det greit å vere syklist. 

Herlig, herlig langs sjøen Sandnes - Stavanger

Laurdag med god temperatur, sol og nesten stille. Tidleg føremiddag i Vågen, Sandnes. Havblikk og stille i byen. Hanapiren i bakgrunnen. 

Relativt greit med lite trafikk på Norestraen, til Lura og ned til sykkelvegen langs dobbelsporet frå Lura og nordover mot Stavanger, Det var fantastisk flott. 

Ein pause på Ostehuset ved Viking Stadion med scones og kaffi. Herlig, 
Vi prøvde den tøffe brua over jernbanen i Hillevåg, deretter snudde vi og sykla tilbake til Sandnes same veg vi kom. Planen var opprinneleg å sykle til Stavanger, skjære inn og ta ein annan veg tilbake, Sørmarka eller Hafrsfjord. Men når du syklar og håper det ikkje skal ta slutt, kva gjer du då: Snur og syklar tilbake same vegen tilbake. - Og kva oppdaga vi: Sykkelbrua over vegen som går ned til Viking Stadion, like ved Jåttåvågen stasjon, var åpna. 



tirsdag 2. juli 2013

Sykkelbrua over E39 ved Statoil Forus åpna

E
Endeleg, eit halvt år forseinka, åpna gang-, sykkel- og bussbrua over E39 på Forus. Andre dag, men alt full trafikk. Brua har kosta 140 millionar kroner, og går rett inn i sykkelvegnettet. 

På Forus er det elles store endringar og mykje bygging. Vidare på min veg nordover kom eg inn på ein riktig brei sykkelveg som munna ut i den gamle snarvegen til Sørnes, Sola. Hurra for nye sykkelvegar!!!

Har sykla til jobben fleire gonger over den nye brua. Under ser vi brua frå vest, du syklar ein flott allé før du syklar over brua. 


lørdag 29. juni 2013

Asfalt i Sørmarka

Opp frå ridesenteret på Hinna, gjenom Sørmarka i Stavanger går det ein sykkelveg som er ganske kupert, tildels bratt. Det er ein god del syklistar som syklar der, men sist eg gjorde det, med samanleggbar sykkel med små hjul, var det litt vanskeleg med ganske laus grus. Men nå er vegen asfaltert. Det var protestar i avisa frå turgåarar, men mange glade syklistar. Det asfaltete strekket går parallelt med motorvegen og er rein transportetappe. 

Legg til at dette var fredag og sykle til jobben i frisk morgonsol! Mandag som kjem opnar også kollektiv-/sykkelbrua over motorvegen ved Statoil. Nokon tenkjer på syklistane. Under: Asfaltsti i Sørmarka i morgonsol. Ullrigg i bakgrunnen

fredag 17. mai 2013

Puglia 2013: Otranto - Lecce 52 km

Otranto er også grunnlagd av grekarane. Opprinnelege heitte byen Hydrus, Hydruntum ... I romartida var byen ei viktig hamn, nesten det austlegaste punktet i Italia. I tillegg til grekarane og romarane, har bysantinarar, normannarar, ottomanar og franskmenn hatt interesser i byen. Byen har mellom 5 og 6000 innbyggjarar. Ein liten by med ein liten og koselig gamleby med ei borg.

Litt om hotellet i Otranto. Hotel San Guiseppe har vore hotell sidan 1600- talet, men er nyoppussa. Vårt rom hadde eigen inngang på bakkeplan, det var bua tak og høgt under taket. Gammal stil. Slik var det også i frokostrommet. Fantastisk.

Sidan det var 17. mai, sykla vi med norske flagg stikkande ut på bagasjebrettet. Sykkelturen gjekk først nordover langs austkysten. Deretter skar han innover i landet. Det meste på småvegar mellom olivenlundane, men av og til ut på trafikkerte vegar. Trafikk, men aldri mykje trafikk. Det er i det heile lite folk og lite bilar i Puglia. Vi hadde med mat til piknik, og det var lurt. Vi kunne kanskje funne ein lunsjstad, kanskje ikkje.

Puglia skulle vere eit fattig område. Det var ganske rett noko slite. Mange stader var det dårleg vedlikehald av vegar, humpete og lappa asfatl, og badebyane såg noko fordums ut også. Men Lecce såg ganske fin ut, og det var aktivitet, og jorda var i bruk.


Men i Lecce var det folk, ganske mange. Lecce er ein over 2000 år gamal by med 95000 innbyggjarar. Byen er kjent for barokkarkitekturen sin og restar etter dei grensk grunnleggjarane. Byen eksporterer kalkstein (leccestein) som er god til skulpturar, oliven, vin og keramikk. Det er to amfiteateret frå romartida der, og flotte barokkyrkjer.

Vi blir kjent med folk på turar. Denne siste kvelden åt vi middag med Mikael og Dani frå Berlin. Interessante folk. -

Og så var denne interessante og flotte turen over. Vi kjøpte turen av Pedalo. som vi alltid er nøgde med. Operatør på staden var Fun Active, eit italiensk firma. - Koffertane var alltid på plass på rommet når vi kom!!!

Blogginga blei delvis gjort undervegs på turen på Ipad. Bileta blei tekne på Iphone og Ipad, og innlegga skrive på Ipad når det var stabil nettdekning på hotella, noko som ikkje alltid var tilfelle. Det passar godt å produsere undervegs. 

torsdag 16. mai 2013

Santa Maria di Leuca - Otranto 52 km

Santa Maria di Leuca er berømt for fyrtårnet sitt, som er 47 meter høgt og plassert 102 moh.
Bynamnet er laga av to kvinnenamn: Maria, kyrkja som er dedikert til jomfru Maria, og Leuca, som kjem av det greske namnet Leucasia, ei havfrue som lokka sjøfarande til seg. Utanfor Leuca møtest det joniske havet og Adriaterhavet. Elles er byen kjent for grottene og patrisiervillaer frå 1800-talet.

Frå Santa Maria syklar vi nordover på austsida av hælen. I det fjerne ser vi konturane av Albania.
Landskapet er her bratt ned not havet, og løypa er ganske kupert. Den er ganske lett å sykle likevel, strev oppover gir fine nedturar, og heile dagen syklar vi på veg, derfor god asfalt (stort sett). Tidlegare må dette området ha vore ganske aude, nå er det  bygd ein del sommarhus, for det meste ennå lukka. Det er også spor etter menneskeverksemd frå tidlegare tider: terrassar og steinhus. - og vakttårn. Torre.

Ruta vår går opp og ned på vegen med lite trafikk. Stopp på Santa Cesarea Terme for kaffi og sjokolade. Overalt er det mange idylliske sommarbustader, mykje finare enn turistbyane på vestsida. Men her er det ikkje strender, her er det klippekyst. Og denne dagen var det overskya og ikkje så varmt. Dei lange jakkane kom fram.