søndag 22. juni 2014

Syklistglede over kraftutbygging i Sirdal

Igjen vil eg slå eit slag for tursykling på anleggsvegane til kraftverka og dammane i Sirdal.

Tur 1 frå Suleskar/ Ådneram er det 13 km god, asfaltert veg inn til Svartevassdammen kor det for tida er arbeid med utviding av dammen og stengt. Det er parkering like etter Suleskarvegen tar av til Setesdal, vi kjørte litt ekstra og tok sjansen på å parkere på ein privat parkeringsplass, sjølv med trugsmål om å bli taua bort. 

Det går oppover når ein syklar fra Øvre Sirdal til øvre Øvre Sirdal, men jamnt og ikkje bratt, og farten ned att var ikkje avskrekkande. Det fine er at det er bomveg, og derfor nesten ikkje bilar. Vi møtte tre bilar og ein ATV, ingen syklistar, ingen som gjekk... Det var rett nok juni og nokså kald vind, men likevel.

Tur 2 er frå Haugen opp Hønedalen til Hegrefoss kraftstasjon. Ganske bratt opp frå Haugen, men deretter kupert inntil Hegrefoss. Fjellfloraen i juni er prega av små, kvite blomar. Spesielt var det å sjå massevis av molteblomar, håper bare det kjem litt varme og insekt slik at det blir bær


Vidare kan ein og sykle på bilveg mot Lysebotn, eller opp Suleskardvegen. Men bilane kjører fort.

søndag 15. juni 2014

Erstein - Strasbourg 25 km



Siste sykkeldag var det også kombinasjon tog og sykkel. Denne gongen gjekk togturen Colmar - Erstein ganske greit, me spreidde oss på fleire vogner, og noen av oss fekk også bruke sykkeloppheng.  Nokre kilometer frå Erstein kom me inn på kanalen mellom Rhinen og Rhone. Då var det lett å finna fram, og nokså flatt. Ei stund er det greit å sykla slik også. Det er ein del å sjå: Sluser, båtar, husbåtar og etter kvart også syklistar og forgjengarar. Dessutan er det ganke roleg langs ein kanal.

Det var motvind og omsykling på grunn av arbeid, så det blei litt anstrengande denne dagen også, sjølv om det sto 25 km på planen. Denne dagen sykla me på EU sykkelveg 15, som er Rhinruta mellom Rotterdan og Andermatt i Sveits.

I Strasbourg kom me inn på dei flottast by-sykkelvegane eg har vore borti, dei hadde heilt eigne trasear, lyskryss og hadde sjølvsagt to filer. Det einaste som var brysomt, var når dei gjekk gjemmon fotgjengartette område, slik det var ein del av i Strasbourg.

Katedralen i Strasbourg imponerte. og Lille Ponny, som kom med toget heilt fram til byen utan sykkel, fekk seg ein tur på karusell. Han der fiksa lunsj til ti, det blei åpna i andre etasje i eit vertshus for oss, for det var nokså fullt ute på bakkeplan. Og tilbake til Colmar var det tog for alle, og sykkeltur opp til hotellet frå stasjonen. Om kvelden var det konsert med eit kor som sang gregoriansk musikk og moderne musikk på ein gregoriansk måte. Me fekk med oss litt av kvart.

Om kvelden hadde Store Ponny innlegg om kjende alsassarar: Alsasshamster, Madame Tussaud og ein kjend fotograf, medan Sneglespisaren fortalde om Issenheimalteret me såg på dagen etter. Alltid meir interessant på museum når me veit kva me skal sjå etter.



Colmar - Sélestat - Colmar 44 km

Colmar - tog - Sélestat - Kintzheim- Bergheim (lunsj) - Beblenheim - Ostheim - Houssen - Colmar.

Vurderinga gjekk ut på at å sykle tur-retur Colmar - Sélestat kunne bli for mykje for fleire rumper gjorde at me valde å ta toget til Sélestat for å sykle tilbake. Å ta sykkel på toget skulle vere relativt greit, med eigne sykkelvogner, sjølv om me då kom med seks syklar. Men det var ikkje så greit, ein tyskar stengde for dei tre siste syklane og hevda at det var fullt, han hadde også reservert vogna, og dessutan ville han heller ikkje løfte opp våre syklar når dei ramla. Me fekk likevel plass, men erfaringa med denne turen var god å ha vidare.


Humanistblioteket i Sélestat var under ombygging, slik at det med sine fem utstilte bøker ikkje blei for stort for nokon. Humanistbiblioteket er bygd opp rundt samlinga til Beatus Rhinanus og har både manuskript og trykte bøker, både blokktrykk (utskoren treplate) og typografisk trykte bøker frå før 1501, såkalla inkunablar. 


Utstillinga var raskt unnagjort, så ein koseleg kafe med økologisk kaffe før syklistena tok farvel med togreisarane.

Igjen ein fin sykkeltur på vinruta. Me sykla denne dagen tidvis på sykkelveg EU 5 (på biletet over). At det er EU-sykkelvegar er nytt for meg, og interessant. Her er lenke til sida for EU velo routes. Desse sykkelvegane er svært gode og godt merka. Bortsett frå inne i byane er det svært lett å finne fram. EU 5 går frå London til Brindisi i Italia, og er ruta som erkebiskopen av Canterbury, Sigeric, brukte då han drog til paven i Roma (og vidare til Brindisi?). Ruta heiter Via Romea Francigena.



Igjen frå ein Hans-og-Grete-by til neste. Over ser me frå Bergheim kor me (den harde kjerne) hadde lunsj.

Dyrelivet Askeladden fekk med seg: Stork, ørn, hegre, spurvehauk, hønsehauk, vandrefalk, tårnseglar, trost, sangarar, svaner, ender, hare, moldvarphaugar. Me kunne ha sett alsacehamster, men det gjorde me ikkje. 

Og plantelivet: Grønnsakhagar, raps, kveite, bygg, rug, kirsebærtre, moreller, epletre og anna frukt, modne rips, jordbær, selleri, asparges, salat og så vidare. Og sjølvsagt druer. 

Rundtur i vinmarkene rundt Colmar 62 km


Desse blei med meg for å sykle og feire at eg hadde blitt seksti år: Liltle og Store ponny, Muskuløs og Muskuline, Sneglespisaren, Askeladden og fru Askeladd, Laktosefri og sjølvsagt Han der. Det er ein ganske variert gjeng, alder frå åtte til syttito, treningsgrunnlag frå sykling på ergometersykkel åtte minutt i veka til konkurransetrente cross-fittarar. Spennande!

Ruta første dag var 66 km og gjekk slik: Colmar - Houssen - Guémar - Ribeauvillé - Hunawihr - Riquewihr -Kientzheim - Sigolsheim - Ingersheim - Turckheim - Wintzenheim - Wettolsheim - Eguisheim - Colmar. Overgangen frå åtte minutt til åtte timar var ganske stor, sjølv om dei åtte timane hadde innlagd lunsj i Riquewihr og svært mange andre stopp.

Først sykla vi i flatt lende i by, mellom maisåkrar og i skog, så inn i vinmarkene ved Ribeauvillé. Sykkkelveien går på vegar brukt i arbeidet på vinmarkene og er så godt som utan trafikk, og avstanden mellom dei supersøte, blomstrande bindingsverklandsbyane er bar nokre få km. Ei kort tid er løypa kupert, men ho blir snart relativt flat igjen.


Til å vere åtte personar i feltet går det overraskande bra. Muskuløs og Muskuline tar nokre bakkespurtar, men ventar fint og gildt på toppane. Askelandden legg fint inn naturlege pausar for alle, han finn nøtter og andre frø, han finn det meste, utanom vegen. Dei andre legg seg fint inn i rekka og det er bare godord å høyre.

Utstyrt med fleire kartbøker, GPS og avstandsmålar på syklane skulle det vere greit å finne vegen. Første vanske var at hotellet låg nokre kilometer inne i løypa, så me måtte trekke frå km på avstandsmålet i kartboka. (Eller var det leggje til?). Neste vanske var at dei ulike syklane viste forskjellig avstand, dei var rett og slett ikkje nøyaktige nok. Tredjeg vanske var at GPSen nok viste kor vegen gjekk, men ikkje retningen, slik at me ved å følgja GPSen sykla tilbake ein gong etter to. Etter kvart sigla Muskuløs opp som ein god vegfinnar, han brukte sola, rutebeskrivelsen og følgde med på avstanden frå punkt til punkt. Det gjekk svært bra! Skulle tru at han hadde trening i å finne fram!

Hotel Beauséjour er eit ganske midt på treet hotell, litt utanom den gamle bykjernen, og reine, men ikkje spesielt flotte rom. Men dei tok igjen ved at dei ligg på sykkelstien ut/inn i Colmar, har svært godt kjøkken, fin hage, stille rom, og ikkje minst ein super service. Nå er det femte generasjon som driv hotellet.

Første kveld hadde Muskuline vinsmaking. Då fekk vi gratis låne eit lite konferanserom, glas og lov til å bruke vin Muskuline hadde kjøpt inn for dagen. Vi smaka på forskjellige druer frå Alsace:
Pinot Gris,
Riesling og
Gewürtztraminer.

Interessant.

Kvelden etter var det festmiddag med den eigentlege bursdagsfeiringa, femrettare på restaurant Keller på hotellet. Alle fekk svært god mat på tilpassa vin, både vegetarianarar og Laktosefri fekk rett mat.



onsdag 16. april 2014

Nordsjøruta i Skottland

Sjølv om vi er på ferie i Skottalnd utan sykkel, må vi feire det når vi treff på Nordsjøruta, North Sea Cycle Route. Det er påske, og vi har sett ruta, men ikkje ein syklist.

Vi bur i ein fantastisk fiskaridyll som heiter Catterline, sør for Stonehaven, som igjen er sør for Aberdeen. Huset vi leier, ligg i første rekke ut mot havet, oppå skrenten. Det same gjer fiskerestauranten/puben Creel Inn, som eg vil anbefale til alle som skulle kome til å sykle Nordsjøruta i Skottland. Dei serverer lunsj og middag, og restauranten ligg bare nokre få hundre meter frå ruta.

Nordsjøruta går her på småvegar, ganske nær kysten, men eit stykke går ruta også på ein større veg. Eg trur eg ville studert vanleg vindretning før eg valde om eg skulle sykle nord- eller sørover. Det er ikkje så mange skogar i Aberdeenshire, og lite ly.

mandag 31. mars 2014

Bysyklar i London

London by, sponsa av Barclay, har klart å få til eit svært godt bysykkelsystem. Det er mange syklar, tett med oppstillingsplassar, godt vedlikehald og ei svært god internettside med alle typar opplysningar, mellom anna kor mange syklar som er inne på kvar oppstillingsplass. Ein grunn til at det var mange syklar inne heile tida, var betalingssystemet slik at den første halvtimen var gratis, etterpå steig prisen ganske mykje kvar halvtime. - Sette du frå deg sykkelen, kunne du begynne på ny halvtime etter fem minutt. 

Pippi hadde vore i London før, og gjorde eit godt arbeid med å få med både Tommy, ho som ikkje er Annika og Prussiluskan med på tur den søndagen vi hadde i London etter ein dysleksikonferanse.



Pippi fekk oss raskt På Sporet frå marknad til marknad, de var jo søndag. Først til Camden-marknaden kor det blei litt handling, peruiansk og etiopisk mat frå buer og forfriskningar. I folkemengda var det herleg å sleppe å bry seg om syklane, det er tydeleg å sjå på Pippi og ho som ikkje er Annika at dei slett ikkje bekymrer seg for syklane --->

Etter Camden sykla vi eit heilt stykke til blomemarknaden i Shoreditch. Og før vi trykka oss inn i marknadsgata Columbia Road, var syklane parkerte.

Etter tredje sykkeluttak klarte Pippi  å finne vegen tilbake til hotellet sjølv om kartet hadde reist frå oss. Godt gjort. - Einaste typiske Pippihandling var då ho skar til høgre tvers over fire filer for å ta ein sving.

Så var det kritikken. Vi måtte sykla i gatene. Det beste London hadde å by på, var bussfiler, men der var jo dei irriterande bussane. Like før nokre lyskryss var det laga nokre rørande sykkelfiler, ca fem meter, og plass for syklistar framfor bilane i sjølve krysset. - Det skla vere sykkelmotorvegar i London, men ikkje der vi var.

Wikipedia har ei fin side om sykling i London.

søndag 2. mars 2014

2014 Knall og fall

Tidleg i januar pumpa eg opp den vesle Bromptonsykkelen, monterte ny, sterk lykt og rulla glad og nøgd nedover lia mot Sandnes stasjon. Første gong i sesongen, frisk luft, men ikkje vind, fire - fem grader. Godt!

Eg veit ikkje kva som hende, men plutseleg låg eg der. Med store smerter i venstresida som eg landa på, og endå verre smerter i høgre hånd. Det viste seg seinare at tommelen var ute av ledd, eit bein brekt og eit leddbånd var av.

Det gjekk litt tid før det kom folk, og eg fekk ringt han der som kom med bil og frakta meg først til Sandnes legevakt, derettet til SUS for røntgen. Det enda med gips, operasjon av leddbånd ei veke seinare, og sjukemelding i tre heile veker + ei med 40 prosent sjukemelding. Det tok mykje meir på enn eg hadde trudd. Nå, 2.mars, har eg begynt å trene opp handa att, men eg skal framleis vere forsiktig.

Sånn kan det gå! Men eg skal bli heilt bra att. Øvst er det bilete av hånda med såkalla skinne, stadiet etter gips og før opptrening.