torsdag 10. juli 2014

Gisors - Forges-les-Eaux 65 km

Hotel Moderne  i Gisors var nok moderne då jernbanen var ny. Nå var det meir eit litt gammaldags hotell, fin kontrast til dei moderne kjedehotella me elles har budd på. Restauranten i Gisor som Han der hadde funne på Trip Advisor var nedlagt, men me fann ein god japansk, og fekk god mat.

Gisors heitte Gisoritum i gallisk-romersk tid. Byen låg strategisk på grensa mellom kongeriket Frankrike og hertugdømmet Normandie (Gange-Rolf), og begynte å vekse frå 1066 då Vilhelm Erobraren tok England. Chateau de Gisors stammar frå denne tida. Byen har industri og jernbane Paris - Dieppe, og blei øydelagd under andre verdskrigen.

Sykkelen min blei godt doktorert av Ricardo i hos turoperatøren Nature Verte.. Det er første turen me har hatt følgjebil på den måten at dei også bur på hotellet og hjelper deltakarane. Me syklar samtidig med ei guida gruppe, og i går tok Nature Verte til og med ein av deltakarane til sjukehuset. Elles er det bare å skryte av kartboka er svært detaljert og god, i tillegg til kart og beskrivelse, er det også litt om området rundt og byane vi syklar gjennom. Paris-London ser ut til å bli ein klassikar. I dag møtte me ganske mange som sykla motsett veg på oransje syklar, tyskarar, engelskmenn og nordmenn med eit selskap som heiter Girolibere, også det italiensk. Under tre som syklar parallelt med oss, ein italiensk far med to søner i tenåra.


Etappe 3 Paris-London var også ein ganske krevande etappe, svært kupert, og då var det å sykle opp og ned 65 km. Det var også regn i dag, så det var godt med regntøy, sjølv om det var småregn.
Det var mange gamle kyrkjer å sjå, frå tusentalet, 11 - og 1200. Spesielt abbediet i St. Germer de Fly var flott. Dette bygget er eit av dei eldste gotiske bygga i Frankrike, bygd på 1000-talet, som erstatning for det gamle bygget som vikingane hadde øydelagt. Under bilete av abbediet.

Det er utruleg kor mange svært lite trafikkerte vegar det fins i Frankrike. I dag sykla me bare på veg, dermed på asfalt, og kunne vore plaga av trafikk. Me var av og til innom litt større vegar med litt trafikk, men for det meste var det folketomt, både på vegane og i landsbyane me sykla gjennom. Landsbyane er svært små, gamle og pittoreske. Hagane er eit syn med stokkroser, roser, hortensia og mykje anna. Elles er det kornåkrar (kveie og rug), mais, erter, bønner, grønnsaker og eplehagar. Eg fann også noko eg ikkje veit kva er, sjå under:


tirsdag 8. juli 2014

Maisons Laffitte - Gisors 75 km

Dette er ein hard etappe, spesielt dersom det er feil med sykkelen og det regnar. Me tar det kronologisk.


Hotel Ibis Maisons Laffitte var svært lett å finne, og greit å bu på. Restauranten me hadde funne på Trip Advisor, Bouche a Oreille, var stengd mandagar, så det blei middag på hotellet med Joanne og Harold frå Canada. Veldig koseleg.

Maisons Laffitte er først og fremst kjent for slottet sitt, bygd ca 1650 og brukt av kong Ludvig XV som jaktslott på 1700-talet. Slottet er eit eksempel på typisk fransk barokk. Dessutan har staden ein heilt spesiell, rettlinja og symmetrisk byplan. Opplysningstida har slått tungt inn, med mange praktbustader. 


Frå Maisons Laffitte går sykkelruta gjennom skogen St. Germain-en-Laye, vidare i Oisedalen, ein dal med mykje lys som har vore inspirasjon for impresjonistiske målarar som Daumier, Pissarro (sjå bilete), Césanne og van Gogh. Området er nasjonalpark, med mange idyllar. Midt i dette grøne landskapet reiser det seg plutseleg ein gjeng med nye bustadblokker på 7 - 8 etasjar! Rundt jernbanestasjonen Cergy-le-Haut har det reist seg ein by midt i skogen! Trur ikkje det var så mange arbeidsplassar. Men me fekk kjøpt god lunsj som me tok med oss til picnic. Det var lurt å ikkje bruke tid til lunsj på restaurant ein så lang dag,

Så gjekk turen gjennom eit parklandskap, Vexin Francais, med gamle landsbyar, slott og kyrkjer,
til elva Epte, som markerer starten av Normandie.
Dag 1 på turen var ganske flat, denne dagen var ikkje det, det var ein god del stigning. Dessutan gjekk ein god del av ruta på sølete grusvegar (det regna også) med innslag av leire, det var sugande. Då eg sleit som verst, forsto eg etterkvart at bakhjulet var skeivt og tok borti andre delar av sykkelen, slik at eg sykla med tilleggsbelastning. Det var hardt!!! Sykkelen blei fiksa fleire gonger, og fram skulle me, sjølv om eg var ganske pest etter 45 km, og me skulle ha 75. Dei siste 20 km frå Bray et Lu til Gisors på NEDLAGD JERNBANE redda oss. Her ein gjnbrukt stasjonsbygning langs linja. 

Stadnamn: I Noreg heiter stadar Klepp, Tu, Ims, til nød to stavingar som Sola, Bryne, Sandnes og Austrått. I området vi er nå er det lite med bare eit ord, jfr dei kursiverte stadnamna over. Eller kva med Conflans Sainte Honorine eller Wy-Dit-le-Joli-Village? - Og der bur bare 330 personar!!


mandag 7. juli 2014

Paris - Maisons Laffitte 52 km

Hu der foreslo ein gong at dei kunne sykle frå London til Paris eller omvendt, og jammen fant ikkje Han der ein tur, sjølv om han etter fleire titals turar til Paris ikkje kunne tenkje seg å sykle i den byen. Rett nok måtte me denne gongen gå utanom våre gamle vener Pedalo. og bruke ein italiensk operatør som heiter Verde Natura, og som sende post på italiensk. Men det kan lett gå godt. (Pedalo har seinare fått same turen).

Turen går på den nye Avenue Verte eller The Green Way som skulle stått ferdig til OL i London i 2012. Mykje er gjort, men ein del av ruta går på midlertidige løysingar. Her er nettsida.

Turen startar frå Holiday Inn Canal de la Villette, eit stort hotell som ligg som namnet seier ved Villettekanalen. Villette var fram til tidleg på 1800-talet eit landbruksområde. Bassin de la Villette, som var ferdig i 1808, er det største kunstige vatnet i Paris (70 x 700m), og saman med Canal Saint-Martin (1825) forandra det landskapet i området. Bassenget og kanalen blei bygde dels for å skaffe Paris drikkevatn, og dels for å få ein vassveg i tillegg til Seinen. Då Haussmann gjorde store endringar i byplanen til Paris, blei Villette urbanisert. Villette blei eit populært område for arbeidarar og immigrantar som arbeidde i gipssteinbrot rundt Buttes-Chaumont. Aktiviteten i Villette var på sitt høgste mellom 1867 og1967. Slakthuset i Villette var ein svær kjøttmarknad som i deg er blitt til Parc de la Villette. Her er lenke til spasertur i Villette. Det er scenar, museum og ikkje minst mange hagar i parken. Her ser vi frå bambushagen.
s
Sjølv om hotellet ligg 6 km i traseen frå Notre Dame, "startar" turen, og kilometertellinga på nullpunktet utanfor Notre Dame (franskmennene meiner at Paris er sentrum i verda, og at alle avstandar skal målast derfrå). Derfor starta me turen innover mot sentrum. Me hadde fordommar mot "Sykkel-Paris", me tenkte at det sikkert bare var ein sykkelveg i Paris, den me skulle sykla på, derfor litt sløv kartlesing. Me følgde sykkelveg midt på boulevarden, skilta, merka i gata og med eigne trafikklys. Men etterkvart stemde ikkje kartet lenger. Feil park dukka opp der han ikkje skulle ha vore. Place de Etoile nærma seg, og der hadde me ikkje lyst å sykla. Så me ga blaffen i heile nullpunktet, snudde, og brukte Map2go for å finna tilbake til vårt nullpunkt, vårt hotell i Villette. Erfaringar: Det lønnar seg å lese kart, Paris har meir enn ein sykkelveg, det er stress å sykle i Paris sjølv med sykkelveg (Han der seier nesten ekstremsport), storby har eit hekkans bråk, det er gratis toalett i Paris, og det er aldri for seint å snu.
Etter denne opplevinga blei me veldig glade for å kome inn i freden, først langs Villette-kanalen, så Canal St. Denis til Seinen. Nokre gonger kom me borti sivilisasjonen: Gruslasting, fabrikkar, vegarbeid, skular, eit par ganske trafikkerte vegar (med god sykkelsti), men for det meste var det eigne sykkel- og gangvegar og fred og ro. Utruleg så nær ein stor by. Det var for det meste lett å finne fram, elver og kanalar er ganske synlege, men i St. Denis var det mykje vegarbeid (bybane) og litt strev å finne fram. Men greie parisarar hjelpte oss. 

Turen følgde Seinen sine mange meandarar gjennom mange parkar. Ein park er impresjonistparken i Giverny, kor vi kan sjå brua som Monet måla, og vannliljer.



Giverny-parken er ein av dei flottaste parken eg har sett. Bare løkar, stauder og roser, men mykje blomar, sånn passe halde. Ikkje heilt strigla, ikkje overslept.

Me fann ein godt plassert restaurant, Pavillon des Berges i Nanterre, ved sykkelstien. Heilt greit, ein del av opplevinga å ta skikkelg lunsj saman med lokale folk.




 


lørdag 5. juli 2014

Ny sykkelbru over København: Cykelslangen

Københavnarane kan det. Nettop er Cykelslangen åpna, ei bru i boge godt over gateplanet i København. Då blir det vel endå fleire syklistar der.

søndag 22. juni 2014

Syklistglede over kraftutbygging i Sirdal

Igjen vil eg slå eit slag for tursykling på anleggsvegane til kraftverka og dammane i Sirdal.

Tur 1 frå Suleskar/ Ådneram er det 13 km god, asfaltert veg inn til Svartevassdammen kor det for tida er arbeid med utviding av dammen og stengt. Det er parkering like etter Suleskarvegen tar av til Setesdal, vi kjørte litt ekstra og tok sjansen på å parkere på ein privat parkeringsplass, sjølv med trugsmål om å bli taua bort. 

Det går oppover når ein syklar fra Øvre Sirdal til øvre Øvre Sirdal, men jamnt og ikkje bratt, og farten ned att var ikkje avskrekkande. Det fine er at det er bomveg, og derfor nesten ikkje bilar. Vi møtte tre bilar og ein ATV, ingen syklistar, ingen som gjekk... Det var rett nok juni og nokså kald vind, men likevel.

Tur 2 er frå Haugen opp Hønedalen til Hegrefoss kraftstasjon. Ganske bratt opp frå Haugen, men deretter kupert inntil Hegrefoss. Fjellfloraen i juni er prega av små, kvite blomar. Spesielt var det å sjå massevis av molteblomar, håper bare det kjem litt varme og insekt slik at det blir bær


Vidare kan ein og sykle på bilveg mot Lysebotn, eller opp Suleskardvegen. Men bilane kjører fort.

søndag 15. juni 2014

Erstein - Strasbourg 25 km



Siste sykkeldag var det også kombinasjon tog og sykkel. Denne gongen gjekk togturen Colmar - Erstein ganske greit, me spreidde oss på fleire vogner, og noen av oss fekk også bruke sykkeloppheng.  Nokre kilometer frå Erstein kom me inn på kanalen mellom Rhinen og Rhone. Då var det lett å finna fram, og nokså flatt. Ei stund er det greit å sykla slik også. Det er ein del å sjå: Sluser, båtar, husbåtar og etter kvart også syklistar og forgjengarar. Dessutan er det ganke roleg langs ein kanal.

Det var motvind og omsykling på grunn av arbeid, så det blei litt anstrengande denne dagen også, sjølv om det sto 25 km på planen. Denne dagen sykla me på EU sykkelveg 15, som er Rhinruta mellom Rotterdan og Andermatt i Sveits.

I Strasbourg kom me inn på dei flottast by-sykkelvegane eg har vore borti, dei hadde heilt eigne trasear, lyskryss og hadde sjølvsagt to filer. Det einaste som var brysomt, var når dei gjekk gjemmon fotgjengartette område, slik det var ein del av i Strasbourg.

Katedralen i Strasbourg imponerte. og Lille Ponny, som kom med toget heilt fram til byen utan sykkel, fekk seg ein tur på karusell. Han der fiksa lunsj til ti, det blei åpna i andre etasje i eit vertshus for oss, for det var nokså fullt ute på bakkeplan. Og tilbake til Colmar var det tog for alle, og sykkeltur opp til hotellet frå stasjonen. Om kvelden var det konsert med eit kor som sang gregoriansk musikk og moderne musikk på ein gregoriansk måte. Me fekk med oss litt av kvart.

Om kvelden hadde Store Ponny innlegg om kjende alsassarar: Alsasshamster, Madame Tussaud og ein kjend fotograf, medan Sneglespisaren fortalde om Issenheimalteret me såg på dagen etter. Alltid meir interessant på museum når me veit kva me skal sjå etter.



Colmar - Sélestat - Colmar 44 km

Colmar - tog - Sélestat - Kintzheim- Bergheim (lunsj) - Beblenheim - Ostheim - Houssen - Colmar.

Vurderinga gjekk ut på at å sykle tur-retur Colmar - Sélestat kunne bli for mykje for fleire rumper gjorde at me valde å ta toget til Sélestat for å sykle tilbake. Å ta sykkel på toget skulle vere relativt greit, med eigne sykkelvogner, sjølv om me då kom med seks syklar. Men det var ikkje så greit, ein tyskar stengde for dei tre siste syklane og hevda at det var fullt, han hadde også reservert vogna, og dessutan ville han heller ikkje løfte opp våre syklar når dei ramla. Me fekk likevel plass, men erfaringa med denne turen var god å ha vidare.


Humanistblioteket i Sélestat var under ombygging, slik at det med sine fem utstilte bøker ikkje blei for stort for nokon. Humanistbiblioteket er bygd opp rundt samlinga til Beatus Rhinanus og har både manuskript og trykte bøker, både blokktrykk (utskoren treplate) og typografisk trykte bøker frå før 1501, såkalla inkunablar. 


Utstillinga var raskt unnagjort, så ein koseleg kafe med økologisk kaffe før syklistena tok farvel med togreisarane.

Igjen ein fin sykkeltur på vinruta. Me sykla denne dagen tidvis på sykkelveg EU 5 (på biletet over). At det er EU-sykkelvegar er nytt for meg, og interessant. Her er lenke til sida for EU velo routes. Desse sykkelvegane er svært gode og godt merka. Bortsett frå inne i byane er det svært lett å finne fram. EU 5 går frå London til Brindisi i Italia, og er ruta som erkebiskopen av Canterbury, Sigeric, brukte då han drog til paven i Roma (og vidare til Brindisi?). Ruta heiter Via Romea Francigena.



Igjen frå ein Hans-og-Grete-by til neste. Over ser me frå Bergheim kor me (den harde kjerne) hadde lunsj.

Dyrelivet Askeladden fekk med seg: Stork, ørn, hegre, spurvehauk, hønsehauk, vandrefalk, tårnseglar, trost, sangarar, svaner, ender, hare, moldvarphaugar. Me kunne ha sett alsacehamster, men det gjorde me ikkje. 

Og plantelivet: Grønnsakhagar, raps, kveite, bygg, rug, kirsebærtre, moreller, epletre og anna frukt, modne rips, jordbær, selleri, asparges, salat og så vidare. Og sjølvsagt druer.