

Tema for reisa må bli dobbelmonarkiet Austerike-Ungarn. Ikkje bare går halve turen gjennom det som framleis er Austerike, men den delen av Italia me syklar i, var også lenge ein del av dobbelmonarkiet (1815 - 1918). Arrangøren Pedalo forsikrar om at det er ein tur med vanskegrad 2, men eg ser jo for meg ei kryssing av Alpane, eller kva, og då må det vel bli litt tungt!
Me strevde litt med å finna ein god måte å kome oss heim frå Trieste på. Fly derfrå tok lett 22 timar (4 etappar) og kosta 5 - 6000. Løysinga kom då vi fann ut at arrangøren stiller med transport Trieste - Villach som korresponderer med transport Villach - Salzburg. Då tar me fly tur/ retur Stavanger - Salzburg!
Under: Salzburg