onsdag 15. juli 2015

Moggio - Udine 82 km

I reisebeskrivelsen er dette strekket sett opp med 55 -60 km, alt etter velde trasear. Då me kom fram til Hotel Principe i Udine, viste min sykkelcomputer 82,3. Det var også 30 grader, så det var ei påkjenning, men godt å kjenne at dei gamle skrottane ennå klarer slikt, og godt nøgd at me tok det så med ro at me ikkje var peste.

Ein veldig variert dag. Først var det siste del av alpene. Nedre del av Vale Canale er nokså smal, og elveløpet tar nokre stader heile breidda av dalen. Det var lite vatn i elva nå, så det ser jo litt dumt ut at det er lange, mektige bruer over ei og anna fisle-elv, men det er nok ein grunn. 
Underlaget for sykkel varierte, asfalt og grus,for det meste ganske godt, og sjelden med trafikk.
I Venzone var me plutseleg ute av alpene og komne til Italia. Det var marknadsdag og pynta med lavendel og lilla.
Landskapet utvida seg, og var kupert og flatt heilt fram til Udine. Det var her utfordringane kom. Nå var det fleire alternayiv å sykle, ikkje bare ei elv å følgje. Det var opp til tre merka val, og her gjorde me val som gjorde turen ganske mykje lengre enn minimum. Det første valet var gjennomtenkt og gjekk gjennom ein fin skog, eit naturreservat. Dei andre to ekstrarundane var fordi me tok feil. Problemet blei mat og ikkje minst drikke. Me begynte å sleppe opp for vatn. På kartet sto det avmerka mange interessante stader, San Stefano, Avilla, Treppo Grande, Cacelle, Carvacco og me kom til desse stadane, ofte opp ein varm bakke. Kyrkjetårnet var å sjå på lang lei. Men kafe eller butikk? Nei! Klokka var 12.30, ho var 13, ho var 13.30. Og kva gjer italienarane på landsbygda då? Då stenger dei alle skodder, alle portar og alle dører og held seg inne. Ikkje eit menneske me kunne spørje om vatn. Til slutt sykla me inn i ein større stad, Tricecino, utanfor løypa, tre km ekstra, for å få kjøpt noko, og lykka var stor då den fjerde staden me prøvde var åpen. Me fekk kjøpt både vatn og sandwich på kafeen på torget der. 

Me sykla på godt merka vegar inn i Udine, men ut over det blei det lite me fekk sjå av byen.  Men god mat blei det, og tilfeldigvis kom våre tyske venner Marion og Peter på same restaurant. Igjen ein kjekk kveld.

mandag 13. juli 2015

Tarvisio - Moggio 53,5 km


Den beste sykkeletappe "ever". Eventyr over alle eventyr. Fem mil slakt nedover på sykkelveg utan bilar! Korleis er det mulig? Svar:
Først byggjer Østerrike - Ungarn ein fantastisk jernbane nedover den tronge Vale Canale på 1800-talet (1875-1879). På denne tida er dobbelmonarkiet så stort at det går ned til Trieste, og Trieste er demed havneby for Østerrike. Klart det må jernbane til. Men sÅ finn italienarane ein gong på 1900-talet ut at denne jernbanen ikkje held mål, og byggjer ny jernbane ( og vegar, og autostrada) slik at dei kan lage sykkelveg for folk på den nedlagde. (Eller var det ikkje det som var grunnen?) Heilt nedlagd var banen i 1995. Deretter avtalar dei med østerrikarar å lage ein samanhengande sykkelveg frå Salzburg til Grado ved Adriaterhavet, og går i gang. Kven kan ha finansiert dette? EU? I så fall god bruk av EU-midlar.

Sykkelvegen er nå nesten ferdig på dette strekket. På eit par strekk har ordføraren ikkje ennå klipt snora, men eit par andre, som sto som uferdige på kartet, var tatt i bruk. Igjen fekk me som syklistar glede av at tog går minst mogleg opp og ned, og minst mogleg i sving. Derfor ca 24 tunnellar og bruer i fleng. Til tider var me veldig høgt over dalen. Eit par gonger måtte me ut av det gamle sporet. Skal sei det gjekk opp og ned då, til og med ei trapp måtte til. Strava viste 922 høydemeter nedover. Vi passerte toppen i dag ved Camporosso på 820 meter, Moggio Udine er på ca 290 moh. Både vegetasjon og klima har endra seg i løpet av dagen. 

Ny regnjakke tatt i bruk - det regna i ti minutt, og jakken var god å ha!

Dalen i seg sjølv er smal og lite bebudd. Ein gong i tida må dette området ha vore ganske aude. Nå dominerer vegar og jernbane, men her og der er det koselege landsbyar, litt jordbruk, litt vedhogst, ein del fint tilpassa turisme, og så har det vore bergvekdrift. Fan med den gode sykkelvegen er at ein susar forbi alt som er å sjå på, ein må bestemme seg for å svinge innom.

2 km på veg på slutten inn til Moggio var "lakk i skrapa", men å kome fram til idylliske 
Hotel Locanda San Gallo med fire rom, var som "kremen på kransekaka". 


søndag 12. juli 2015

Villach - Tarvisio 40 km

På etappe to av Alpe-Adria radweg er det Fun Active  som står for opplegget. I motsetning til opplegget i Salzburg, var det grundig informasjonsmøte kl 0800 om morgonen same dag som syklinga starta. Alle papirer i grøn mappe, grundig forklaring og utdeling av syklar til slutt. Det var ganske mange på møtet, så det er ein heil flokk som syklar same ruta, m.a. ei mormor, ei mor og to guttar, den yngste antar vi 11 år. Det ser ut til å gå upåklageleg, med mormora på elsykkel. Det er søndag og første dag av skoleferie, så det er veldig mange syklistar ute på den gode sykkelstien.





Frå Villach går sykkelvegen vidare langs elva Drau, passerer over og følgjer eit stykke ei klar, lia elv som heiter Gail. Langs Gail er det også høg voll som skal fungere som flaumvern, det er tydelegvis nødvendig. Flaumen i 1966 var veldig stor og vara lenge, så dei tener nok i det lamge løp på å ha godt flaumvern. 

Denne etappen er ein stigningsetappe, opp 250  -300 meter. Men det var for det meste nokså roleg stigning, så sjølv i varmen gjekk det veldig fint. Etter passering grensa til Italia bar det opp i bushen, såg det ut til. Vi fann ut at det måtte vere den aller eldste vegen over passet, det er to nyare. Vegen gjekk rett rundt hushjørnene:

Siste del fram til Tarvisio gjekk tydelegvis på den gamle jernbanetraseen, det liker eg jo godt, med bruer og overgangar. Sjå under: den gamle stasjonen i Tarvisio, men ingen jernbaneskinnar.


Tilslutt Hotel Haberl i Tarvisio, eit koseleg rom med skråtak. Passe trøtt, men ikkje utmatta på nokon måte. 

At området er eit sentralt vegkryss merkar me godt. Både autobahn/autostradaen og jernbanen er like i nærleiken heile tida. Vi kryssar under fleire gonger, men takka vere Alpe-Adriaplanen har vi lite biltrafikk rundt øyrene, rett og slett syklar vi på eigne sykkelvegar. Genialt er det laga. 

Ser vi forskjellar mellom landa? Med ein gong vi har passert grensa, er husa smalare og mindre mektige, men den største forskjellen er at den italienske maten er bedre. I Arnoldstein, like før grensa, hadde me italiensk lunsj med prosciutto, skinke, den beste lunsjen til nå, og det på ein tilfeldig kafe langs vegen. I Villach stengde butikkane lørdag kl 13 eller 15. I Tarvisio er det mange åpne butikkar søndag.

Heile den delen av Italia som me nå skal sykle i, var med i dobbelmonarkiet Østerrike-Ungarn i tida 1867 - 1918. Landet var då ei stormakt i Europa, og besto av det som i dag er Østerrike, Ungarn, Bosnia-Herzegovina, Kroatia, Tsjekkia, Slovakia, Slovenia, store delar av Serbia og Romania, og litt av Italia (der me syklar), Montenegro, Polen og Ukraina. Landet var eit multietnisk lappeteppe utan nokon klar etnisk majoritet, og blei oppløyst etter andre verdskrigen, då dei som sigra meinte at kvar nasjonalitet i størst mogleg grad skulle ha sitt eige land.  

fredag 10. juli 2015

Spittal - Villach 40 km

Sjølv om me visste at det var ein kort og rask tur denne dagen, så klarde me ikkje å kome seint avgarde, gå på museum i Spittal eller vase veldig. I god tid før kl 9 var me på vegen. Etter å ha sige langsomt avgarde langs elva Drau i fire mil, var me plutselig framme på Hotel Mosser i Villach kl 13. Altfor tidleg, bagasjen er ikkje komen, men me fekk rom.

Nedover dalen blei det dyrka grønnsaker, mais og frukt. Me kjøpte nydeleg heimepressa eplesaft på ein vertshusgard me stakk innom.  Elles er det mange syklistar å sjå på vegen, ganske mange godt vaksne, også eldre enn oss! 

Denne dagen var det 100 % sykkelsti. Underlaget var vekslande, asfalt og grus, for det meste var grusen fast. Langs elva Drau er det laga flomvern i form av dike, og ein del av tida sykla me oppå dette. Det ga god utsikt til det paddeflate landet mellom fjella. Elles var det ingen båttrafikk på elva, bortsett frå ei elveferje. Med jevne mellomrom er det kraftverk som stenger for båttrafikk opp og ned elva. Då me nærma oss Villach, møtte me også autobahn og andre store vegar. Villach er og har vore eit vegkryss, og blei grunnlagd seinast i romertida på flomsikre høgder langs Drau. Flomsikre og flomsikre. Det har vore fleire flaumar i byen, spesielt store i 1882, 1965 og 1966. Det har også vire jordskjelv i området, men det er lenger tilbake i tid.

Nå har vi gjort unna første del av Alpe-Adria radweg, første gong med Pedalo som operatør, iikkje bare som salskontor. Nå leverer vi inn syklar og utstyr, for andre del av turen er det Eurobike som er operatør for, og dei kjem med utstyr i morgon. Ruhetag i Villach i morgon, som oppladning for ny klatreetappe til Tarvisio i Italia.




torsdag 9. juli 2015

Böckstein - Spittal 45 km

Der var heldigvis varmen nede på normal, og 1197 moh ville det seie 11 grader om morgonen. Det kjentes både friskt og greit då me tok avgarde frå hotellet og oppover 1,9 km til stasjonen. Vegen i Tauerndalen stoppar i Bøckstein, og alle, bilar som syklar og menneske, må ta toget fra Böckstein til Mallnitz som ligg over fjellet, og er øverst i dalen som heiter Mølltal. Det betyr at det som måtte vere av meir stigning også blei gjort av eit tog! - ei viss bekymring for kva som ville skje med koffertane våre blei gjort til skamme. Hotellet i Bøckstein kom med koffertane og bar dei inn i toget, me "passa på dei" i toget, og på stasjonen i Mallnitz sto taxien klar for å kjøre dei til hotellet i Spittal.


Kjekt med syklar på tog. Det samlar opp mange syklistar, og etter ei slik reise er me på hels med hu spreka med mann med el-sykkel (og heile bagasjen), nederlendarane som reiser med telt og all bagasje og ikkje minst tyskarane som syklar med puddelen sin! Dei siste syklar med Pedalo, og har same hotell som oss, så vi ser korleis det går. Legg merke til hunden i korga under.

Så litt om strekket. Frå Mallnitz var det 8 km nedover med bremsing heile tida. Bremsene heldt. Deretter var det fantastisk gode sykkelstiar heile vegen inn. Samarbeidsprosjektet Ciclovia Alpe Adria Radweg som blei sett i verk så seint som i 2008, må seiast å vere ein stor suksess og var ferdig i 2013. Prosjektet kunne hekte saman allerede eksisterande vegar, men det er likevel imponerande kva dei har fått til for 1,2 mill euro. Så då vi rulla inn i Spittal var vi godt nøgde med dagen, med temperatur på vel 20 grader etter kvart.

Men ennå var det kjekke ting i vente.
Erlebnishotel Post var et opplevingshotell, spennande langt ut over det vanlege. Og då me kom til restauranten son inngjekk i halvpensjonen vår, var den både flott, hadde god met, og ikkje minst personleg meny! Dette hugsar vi!

onsdag 8. juli 2015

St. Johann -Böckstein 45 km

"
Vi vakna til tordenver i St. Johann, ca 580 moh, og er nå på Gasthof zur Post i Bøckstein, ca 1160 moh. Og korleis kom vi dit? Sykkel og slit? Nei du, vi tok toget. Både av frykt for å ruste ( eller bli våte), å bli peste, og å bli eksosforgifta i tunnel, valde vi toget 80 prosent av vegen og 90 prosent av stigninga. Det var sikkert lurt, sjølv om det lenge såg ut til å kome veldig lite regn. Vi følte oss lurde, heilt til vi gjekk på friluftsmuseum i Bøckstein uten regntøy. Då fossa regnet ned.

I staden for mykje sykling, fekk vi altså med oss friluftsmuseet i Bøckstein som er eit museum over bergverdrifta i området oppe i alpane, det er funnne mange mineralar, også gull. Her oppe er det også varme kjelder og kalde kjelder, og derfor kurbad for ganske lenge sidan, og turisme nå. Namna Bad Gastein og Bad Hofgastein vitnar om det. 


Nede ved St. Johann tok vi turen inn i Lichtensteinslukta (-klamm) som er ei elv son har grove ei smal renne i fjellet, og som det gjekk an å gå inn til på fint tillaga galleri og bruer. Veldig fint, og tydelegvis kjent, då vi kom ut, fossa busslastene imot oss. Greit å vere tidleg ute.

Ein god ting med regnet, temperaturen har gått ned til fin sommar, sånn litt over 20 grader, og i natt er det visst slutt på regnet. - og i morgon passerer vi toppen. Det føles litt juksete, ikkje noko slit, to mil sykla, og i morgon skal vi fossa nedover. 
Framkomstøl i Bøckstein! Er livet godt?

tirsdag 7. juli 2015

Golling - St. Johan 40 km

Med vervarsel som sa 32 grader Celsius kl 11, fann me ut at det var lurt å starte litt tidleg for å få litt av morgonfriskheten. Det var godt. Etter Golling er det ca 150 stigning opp Pass Lueg 550 m.o.h. Jevnt og ikkje så bratt oppover, og med ein kjølig trekk og skygge i det smale passet. På det smalaste var det bare plass til elva, jernbanen og vegen, ikkje sykkelsti, sjå biletet.


Utanom strekket i passet på veg, har det vore super standard på sykkelstien. Mykje oppover langs elva. Og vegen har mange namn, Alpe-Adria Radweg, Tauern Radweg, EU-sykkelveg 7 på dette strekket. Østerrike har kome langt med sykkelvegar, og det er mange syklistar å sjå, både langvegsfarane og lokale. Sykkel- og fotturisme ( og skiturisme om vinteren, sjølvsagt) er ein betydeleg næringsveg i området. Det vi ser elles oppover dalen av næringsvegar er kraftverk ( 6  - 7 til nå), tømmerhogst, trelast og ved og jordbruk.

Lang lunsj i Bishofshofen, deretter tidleg innkomst til Gasthof Lechner i St. Johann. Godt med ein dusj og ny svette.greit med kort strekk i varmen, 40 km. Så var det neste dag: denne dagen er det 4-500 meter stigning, fordel på to bratte stigningar med ein tunnel på 1,5 km som det ikkje blir anbefalt å sykle. I tillegg er det meldt uhorvelege mengder regn! Me held på med plan B. Det er ikkje sikkert det blir så mykje sykling!