lørdag 25. juni 2016

Nærmiljø Moivika: Nesten som på sykkeltur i utlandet: Runde i Eigersund kommune. 37,6 km

 Tredje tur med hytta som utgangspunkt, truleg det som blir "turen".

Ut frå Moivika, Vatnamot. Sørover på riksvegen (44), som ikkje er å unngå i starten same kor me skal. Forbi Hellvik og til venstre mot Eige. Vegen over Eige er ein strålande god og fin sykkelveg, sjølv om det er ganske god stigning i starten. Men det er god asfalt heile vegen og vegen er så smal at bilane som kjem har rimeleg fart. (Det kom fem bilar). Oppå høgda er utsikta slåande, og i eit vegkryss ligg idyllen Eige med ca fem hus. Det går ein veg til høgre på Eige, skilta St.Olav-sykkelvei. Den var grus, så me tok ikkje sjansen, men me såg han igjen seinare, og hadde me tatt den, hadde me unngått eit ganske langt strekk langs Tengselva med ein del trafikk. 


Det kan hende det var ekstra stor trafikk også frå Vikeså denne dagen, for det var Egersundveke, med eit yrande folkeliv og tivoli i gatene i Egersund. Me fekk med oss ein gjeng gode hip-hopdansarar og utsikt til ein karusell då me hadde lunsj. Det er mange kafear i Egersund, me hadde først kaffe og sjokolade på Mocca kafé, så lunsj på Roxmann. Alt var godt. Og det minna oss litt om ein fransk eller tysk by, bortsett frå at folka snakka norsk. Kjendisar var også å sjå, yngste bror fotballspelar Berisha var på Roxmann og fylkesordførar Tengesdal passerte i gata.

Tilbaketuren gjekk på langt fredelegare stiar. Først sykla me i retning Eigerøy, men før me kom så langt fann me den gamle traséen for jernbanen Egersund-Hellvik. Me har sykla han fleire gonger før, men blir stadig overraska over kor fint det er langs vegen, og kor bratte dei fem kryssingane det er over jernbanen. Ved Hellvik måtte me ut på riksvegen igjen, var innom Joker og kjøpte eit brød, deretter trødde me raskt tilbake til hytta. Herleg tur!



Veret var nydeleg, og blomane langs vegen nok på sitt beste. Ein flott fridag - feriefølelsen er der, sjølv om eg har tre veker igjen på kontoret før eg verkeleg får ferie. 

søndag 5. juni 2016

Sykling i Norge: Inderøy

Inderøy

Færre turar utanlands i 2016 på grunn av ny hytte, gjer at tema 2016 kjem til å bli meir sykling i Norge.
Vi starta med ein runde på Inderøy i Trøndelag i april. Søsken og svoger til Han der, Ingunn, Siri og Kjell, skaffa oss syklar, proviant og guiding. Vi starta ved Sakshaug, sykla til Utøy, Vågaveien, Berg gård, Kjerknesvågen, Skjemstad, Hastad og tilbake til Sakshaug. Det vil seie at vi kryssa halvøya to gonger, og fekk merka at dette slett ikkje er noko flatt område. 
På Kjerknesvågen kom Geir Otto med proviant, inkl pikekyss og gammal dansk. 

For det meste sykla vi på veg, ofte småvegar med lite trafikk. Flott og roleg. Vi fann blåveis og såg ei gammal fellesbadstu som sto for seg sjølv i eit kryss. Det var vanleg å ha slike badstuer eit stykke frå gardane ein gong i tida. Brannfare?






Nærmiljø Moivika: Hellvik



Skadbergvågen? ved Hellvik. Sørlandet neste!

Tur 2 gjekk sørover, utforsking av Hellvik, som hadde mykje meir å by på enn eg trudde. For det første er det ganske stort, med industri, fleire byggefelt og nybygg. Me tok av RV 44 inn mot Hellvik havn, sykla gjennom havneområdet og utover Trosavigvegen og kom til idyll etter idyll på "utsida" av Hellvik, turveg, badestrand, skjærgård og hytter. Hurra for norsk strandlov som gjer at hyttene er bygde eit  stykke frå strandkanten, slik at det er mogleg å ferdast for alle ut mot havet.


Tilbaketuren gjekk gjennom ganske store,velstelte byggefelt, deretter ut på RV 44 og raskt tilbake til hytta. Lengde 14 km. Det hadde vore mogleg å sykle Vestlandske hovudveg til Ogna dersom vi ville ha hatt ein lengre tur. Men Han der måtte heim og slikke såra sine frå gårsdagens velt.

Nærmiljø Moivika: Sirevåg - Ogna - Brusand


Med ny hytte i Moivika i heilt sør i Hå, på grensa til Egersund, må det bli meir sykling i Norge ei stund, og mindre i utlandet. Første helga i juni kom med eit fantastisk ver, over 20 varmegrader og nesten ikkje vind. Me lasta syklane på bilen og var klar for først å utforske nærområdet rundt hytta.


Tur 1 gjekk nordover til Sirevåg, Ogna og Brusand. Hytta ligg slik at vi alltid må sykle litt på Rv 44, og det er ikkje så kjekt. Men trafikken er ikkje så stor, og bilistane tek hensyn. Vi utforska Sirevåg, som er mykje meir enn det vi ser langs vegen, med mange nye hus og levande industri tilknytta sjøen, og litt turisme. Etter Sirevåg er det flott sykkelsti, og før vi kjem til Ogna, ved Vedafjell, er det gang- og sykkelvei på vestsida av jernbanen og heilt ned mot sjøen til Ogna Camping. Finfin turveg og fine badeplassar.  Sidan vi ikkje ville ha så lang tur, sykla vi tilbake same vegen, utan å ta turen om Sirevåg. Heile var 22 km, og gjekk heilt fint til Han der sklei på grusen på parkeringsplassen i Moivika og måtte doktorerast  på tre skrubbsår med mykje grus i. Men det gjekk godt.
Strand mellom Ogna og Brusand.
Sirevåg konferansesenter

søndag 24. januar 2016

2016 Haustferie på Sicilia

Når januar er på sitt tristaste; julelysa er pakka ned, snøen er regna bort og det er grått ute, så passar det å kose seg med å planleggje ein sykkeltur på Sicilia til hausten. Valet sto mellom Sør-Frankrike, Andalucia og Sicilia, og det blei Sicilia. Litt fordi Italia er eit fint land å sykle i, og litt fordi me ikkje har vore i denne delen av Europa før, nokon av oss. Øya ligg svært langt sør, nesten på høgd med Afrika, og middeltemperaturen i oktober er over 20 grader om dagen. Det skulle vere veldig bra.

Han der har funne flybillettar til og frå Catania, den nest største byen på Sicilia. Frå flyplassen ved Catania vil turen ha denne ruta: Caltagiorne - Piazza Amerina - Caltagiorne - Modica - Pozallo - Marzamemi - Noto - Siracuza. Det blir korte strekk på mellom 25 og 55 km, men mykje kultur. Attraksjonar frå UNESCOs verdsarvliste står i kø, og me vil ha god tid til å sjå på dei.

For eksempel kan me sjå på bikinijentene og mykje annan mosaikk i Villa Romana del Casale i Piazza Amerina. Mosaikken stammar frå ein herskapseigendom frå romartida, men har vore dekt av jord frå eit skred i mange hundre år.

Ein annan attraksjon på UNESCO-lista er Noto. Byen blei fullstendig øydelagd i eit stort jordskjelv i 1693, men blei bygd opp på nytt i stilen som gjaldt då, og er blitt ein svært vakker barokkby. Sjå balkongen på biletet, til og med under er balkongen barokk.

Jordskjelv og vulkanutbrot har samanheng med at Sicilia ligg der den afrikanske og den eurasiske kontinentalplata møtest. Vulkanen Etna er framleis aktiv, og høgda varierer på fjellet, fordi utbrot formar toppen på ny og på ny. Men Etna er det høgaste italienske fjellet sør for Alpane, over 3000 moh. Siste utbrot var i desember 2015, me får håpe me får sykle utan jordskjelv, lava eller oskeutbrot. Lavaen skal visstnok vere seintflytande, så det er visstnok råd å kome seg unna. Me får sykle veldig fort...







søndag 11. oktober 2015

Haustferie 2015 i Provence

F
Haustturen i år går til Provence, eit område vi har sykla i tidlegare, men både ruta og selskapet vi kjøper turen gjennom, France Bike, er nytt.

Traseen er Avignon - Arles - Saintes-Marie-de-la-Mer, St. Gilles, Pont du Gard - Uzès - Pont du Gard (sløyfe) - Avignon. Det vil seie at tre monument på UNESCO si verdsarvliste fins på turen: Pavepalasset i Avignon, heile byen Arles med mange manument frå romartida og middelalderen, og aquadukten Pont du Gard.
Blir flott å oppleve dette igjen!

Vi kjem til Avignon med direktefly til Paris, dette blir ein av dei siste turane for direkteruta Stavanger - Paris med Air France. Frå Paris tar vi hurtigtog, TGV, til Avignon. Tre timar frå Paris til Avignon er ikkje verst, det er ganske langt.

Pilfinner og Lille rektor er med, og denne gongen er det ikkje noko GPS-tull, så Pilfinnar vil kunne utfalde seg igjen.

Hotel Bristol ligg i sentrum i Avignon, ein by med 90 000 innbyggarar (300000 med omland). Byen er mest kjend for at han var paveby på 1300-talet, og pavepalasset ruvar godt i bybiletet. At paven flytta frå Roma i ein periode, gjekk sjølvsagt inn i eit spel om makt. Kongen av Frankrike var med, dei rike Tempelriddarane og. 

Denne gongen har me bestilt halvpensjon. Me har gode erfaringar med at operatøren finn restaurantar. Det slo til, No 26 med 11 bord var svært bra, både på mat, miljø og service.



Rundtur Pont du Gard - Uzès 40 km

Hu der hugsar eit bilete av eit flott byggverk frå romartida i geografiboka si frå barneskolen på sekstitalet, og tenkte vel aldri at ho ein gong skulle sykle over brua på biletet! Men slik har det blitt med dei rike nordmennene, dei flaksar rundt i verda og ser det meste.
 - Pont du Gard er bare eit fantastisk byggverk. Lille Rektor og Hu der sykla både fram og tilbake over brua, og fekk med seg både film og multimedieshow med god del opplysningar om bygginga og korleis forholda var då brua blei bygd.
 Viadukten over elva Gard er den største, men bare ein av mange dalpasseringar for den 50 km lange vannrenna som gjekk frå Usèz til Nimes. Vatnet blei ført til Nimes slik at romarane som hadde flytta dit kunne bade, og alle i byen kunne få drikkevatn. Kanalen blei ferdig nokre år før null, og blei brukt i over 500 år. Sjølve Pont du Gard er 360 m lang og 50 m høg. Steinane blei hogde til i området og så heiste på plass. Når siste stein i bogen blei kilt på plass, skulle bogen bere seg sjølv og stillaset under kunne takast bort. Her måtte det reknast og hoggast nøyaktig!
Elles gjekk turen i dag fram og tilbake til Usèz i ei sløyfe, i nordaustskråning til byen og i sørvestskråning frå byen. Det betydde god utsikt over det frodige, bølgande lanskspet med sypressar og vinmarker. Uzès er ein fin by, kjend for å teke imot både jødar og protestantar i tider dei har vore upopulære. Dessutan ein fin by med vakre bygningar og plassar.

Tilbake las Hu det kart, og lokka dei andre inn på ein veg utanom løypa for å unngå trafikk. Den alternative vegen var også merka som sykkelveg. Det gjekk veldig fint ei lita stund, men plutseleg fekk me svaret på kvifor me skulle ha sykla på hovudvegen, det meste av sykkelstien var rast ut, sikkert i ein flaum, og ikkje bygd opp at. Det gjekk trass alt å få syklane over avgrunnen og inn på betre veg. Deretter gjekk det susande tilbake til Pilfinnar som måtte stå over denne dagen på grunn av sjukdom. Greit av vi ikkje skifta hotell akkurat denne dagen.