søndag 9. august 2026

Drøbak - Nesodden - Oslo

Siste etappe av denne korte turen gjekk frå Drøbak til Nesodden, eit stykke på 25 km, så båt til Aker brygge og sykkel til Sandakerveien / Lillo gård (Marie og Magnus). Denne gongen også med Komoot-stemme i øyra. Etappen på Nesoddlandet får 4 av 5 poeng: Godt underlag, lett å finne fram, interessante små stader på vegen. Minus var at noko av traseen var på veg saman med bilane, rett nok med lite trafikk sjølv laurdag føremiddag. Men det var altså ganske mykje sykkelveg også. 

Båten gjekk akkurat då eg rulla inn på Nesoddtangen, men det var kafé på plass, så ein halvtime med kaffe var heilt ok. Det kosta 36 kroner for ein honnørbillett frå Nesodden til Aker brygge (Ruterapp) - ingen upris for ca 30 min på fjorden. Frå Rådhuset og opp til Lillo gård guida Komoot meg på strålande sykkelvegar i Oslo: Maridalsveien, Uelands gate, Stavangergata ….så Badebakken og forbi barnehagen til Asta og langs Akerselva til mål i Sandakerveien. Der såg eg Asta på terrassen. Sykkelen blei parkert i sykkelbua, batteri tatt inn for lading, og så var den turen slutt og sykkelen flytta frå Sandnes/Moivika til Oslo. Turen var akkurat passe lang tur, alle ting tatt i betraktning. Og Norge er fint om sommaren!













Horten - Moss - Drøbak i fint ver.



Eg tok i bruk appen Komoot til denne turen, og det fungerte bra med lyd frå appen inn i høyreapparatet. Det kan eg altså bruke høyreapparat til. Eg måtte lære kva det betydde når appen sa ta til høgre og ta til venstre, ofte var det rett fram, men den eine varianten av to moglege. Og så gjekk appen heilt i spinn då eg måtte sykle rundt eit vegarbeid i Moss, og då eg var inne og handla mat i ein ganske stor Kiwibutikk. Ruta blei omkalkulert fleire gonger. 

Det var fint å starte turen med Horten - Moss-ferja. Den går ca 3 gonger i timen og er gratis for syklar og folk. Etterpå fann eg lett vegen med appen, og fekk eit glimt av Moss. Elles var turen kjedelegare enn dagen før. Det var ganske lange strekk i skog langs vegen til Oslo. Ca 3 km sykla eg på bilvegen - då gjekk det fort - men heldigvis var resten på sykkelsti, parallelt med vegen eller eit stykke frå. Det.var asfalt heile vegen, og litt motvind gjorde det relativt tungt sjølv om turen ikkje var så lang. Eg sykla på nasjonal sykkelvei 7 før eg svinga av til Drøbak. 

Var turen kjedeleg, så var Drøbak ei perle. Masse gamle trehus ved fjorden, og like mykje blomar som i Alsace. Vandra i byen i ettermiddagssola, sjå bilete under. Eg overnatta på Reenskaug Hotel, eit historisk hotel som skryter av å ha hatt Christian Krohg og co som gjester. 

Sykkelen fekk stå i et konferanserom, i går fekk han stå på koffertoppbevaring på Thon hotel Horten, og første dag på motellet tok eg han inn på rommet. Han har vore trygg heile tida.






torsdag 2. juli 2026

Larvik - Sandefjord - Tønsberg - Horten i regn

 Første og lengste sykkeldag var det meldt ganske heftig regn, som skulle begynne ca kl 11. Derfor tidleg av stad frå motellet, 10 km til Sandefjord og frokost. Hadde håpa at Strava ville gi gode sykkelstiar. Eg fann fram, men valde eit noko anna alternativ enn det Strava foreslo delar av vegen. Frå Sandefjord flekk eg fin rute til Tønsberg, mykje sykkelveg, noko på småvegar i byggefelt, og ein del på svært lite trafikkert landeveg. Dette var skilta sykkelveg 1. 

Det gjaldt å sykle lengst mogleg før regnet, og eg klarte ca 40 km og Tønsberg før regnet kom. Landskapet er bølgande og kupert, fint med el-sykkel. I Tønsberg fikk eg sett vikingskip og bygging av eit nytt vikingskip

I regnet passa det fint med tidleg lunsj, men etter kvart måtte regnkleda fram, og turen via Åsgårdstrand til Horten gjekk i pisseregn. Frå Åsgårdstrand fann eg kyststien (sykkelvei 1). Det var verkeleg STI, men veldig fint med skog, hytter og flott landskap. På grunn av at eg var våt, orka eg ikkje å stoppe på Munchs hus, på Borrekaupangen eller på vikingmuseet i Borre. Heller ikkje studere Gokstadhaugane. Godt var de å få kome inn på hotellrommet kl 14, dusje og slappe av. Lenge sidan sist det prikka i lårmusklane. Fin middag på restaurant Balzer på Thon-hotellet eg bur på. Litt kjedeleg å ete åleine, men sykling åleine går heilt godt (så lenge alt går bra).

Eg skifta batteri etter 46 km. Då var dett ein prikk igjen på indikatoren. Så godt med ekstra batteri.





 

Oslofjorden 2026

 På hjul igjen.

Ein elsykkel skal flytte til Oslo. Den får sitte på bil til Larvik, så må den trille via Sandefjord, Tønsberg, Horten, Moss, Drøbak, Nesoddtangen til Oslo. Det blir min første lengre sykkeltur åleine.

Første etappe var å kjøre til Larvik. Ganske seigt, men alt frå vegarbeid og 50 km/t til motorveg med 110 km/t. Sykkelen hang fint bakpå. Bilen må stå ein stad i seks døger, og då er ikkje ein by det mest gunstige. Det blei Holms Motel på prærien midt mellom Larvik og Sandefjord. Kode og kort, ingen folk, men reint og fint og lyden frå vegen kom ikkje inn. 900 kr natta ver ingen upris. Einaste ete-alternativet var Burger King på andre sida av motorvegen, 900 meter unna. Så då blei det burger.



søndag 9. juni 2024

Arbon - Konstanz (31 km)

Kort sjarmøretappe frå Argon tilbake til Konstanz og Hotel Alte Post, og sykkelturen var over. Kort tid etter at me var i hus, begynte regnet!

Me sat igjen med inntrykk av å ha sykla gjennom tre land prega av orden, med veldig koselege folk. Sykkelstiane var utruleg gode, og svært godt merka, både med skilt /ulik farge i dei tre landa) og maling i vegen. Dessutan hadde me to gode kart, eit tradisjonelt kart og kartbok med ruta vår innteikna. Bare Nederland kan hamle opp med dette! Men så er det tydeleg at sykling rundt Bodensjøen har blitt ein heil industri. Det er nok tusenvis av syklistar i sving kvar dag, både lokale kvardagssyklistar, turistar og dei som trenar. Mange stader er sykkelsti og gangvei skilt, og det er nok best for alle partar. 

Heile omlandet rundt Bodensjøen er i bruk til noko. Fleire byar, Konstanz, Bergens, Ludwigshafen, Friedrichshafen, Überlingen og Lindau er nokre. Og eit vell av tettstader både i gammal og ny stil. Hagane ser mest velstelte ut i Austerrike og Sveits, men den nye bølgja med Å la humla suse har gripe om seg, så det er ikkje like velfrisert overalt. Men dei har kontroll. Mellom landsbyane er det mykje turisme knytta til vatn, badeland, basseng, badeområde, campingplasser og parkar. Og så er det jordbruk innimellom. Eit svært variert og veldrive jordbruk. Folka er driftige. 






Lindau - Arbon 49 km

Vermeldinga denne dagen sa mykje regn frå 9 til 11. Det blei med skrekken. Ganske snart etter start begynte det rett nok å regne, og regnkleda kom på, men etter relativt kort tid tok me dei av igjen og kom gjennom heile sykkeldagen utan å bli våte. 

Denne dagen sykla me gjennom tre land: Tyskland, Austerrike og Sveits. På vegen passerte me også Rhinen, der elva renn inn i Bodensjøen. Der lærde me at Rhinen renn inn i Bodensjøen i Austerrike, gjennom den store Bodensjøen, blir elv igjen ved Konstanz og renn inn i den vesle Bodensjøen og ut av denne igjen i vest ved Stein am Rhein. Dei regulerer nok vatnet så godt dei kan for å unngå flaum i heile Tyskland og Nederland, og difor heldt dei nok så høg vannstand som mogleg i sjøen. Det var ei og anna «umleitiung» truleg på grunn av vatn, og eit par gonger der sykkelstien sto under vatn, men var mogleg å sykle. 

I Argon fekk me bu i  Hotel Römerhof, eit restaurert bindingsverkhus frå1500-talet. Det hadde vore ein del av bymuren, vore skule, bibliotek og museum, men var nå fint restaurert til restaurant i 1. etg og hotell med 11 rom. Spennande å bu slik. Dagen etter fekk me med oss ein stor loppemarknad, og Han der og Askeladden fekk kjøpt seg skjorte og shorts. 







lørdag 8. juni 2024

Überlingen - Lindau 60km

Igjen ein fin dag med sol og ca 20 grader. Rolig sykling mellom bebyggelsen på nordsida av Bodensjøen. Det er nokså samanhengande bebygd - fine store hus, vinmarker og fruktdyrking, vannsport, båtar, eit og anna slott, kyrkjer, og maange syklistar. Over alt er det ein jamn straum med syklistar, så mange at syklistar og fotgjengarar for det meste er skilde, det er fartsgrense 7 km/t i bygatene, og at syklistane ikkje får sykle på strandpromenadane. 

Dagens hotell er Hotel Bayersicher Hof på Linduaøya. Ferierøya Lindau frå langt tilbake, med mange båtanløp og endestasjon på jernbanen. Hotellet er eit gammalt familiehotell som er sett saman av fleire bygg, og med heilt ulogisk romnummerering. Flott frokostsal, eit streif av overklasseferie for 100 år sidan. 





onsdag 5. juni 2024

Gailingen -Ûberlingen 69 km inkl ekstrasykling (omsykling pga vatn i vegen, og feilsykling)

Vannstanden i Bodensjøen er over 4 meter høgare enn normalt. Tre veks uti vatnet, og to stader var veg (og sykkelveg) stengd på grunn av vatn i vegen. Då me sto i vegen og klødde oss i hovudet ved stengt-skiltet og lurte på kva me skulle gjere, stoppa det ein kabriolet med to eldre tyskarane som fortalde oss at det var umogleg å sykle der det var vatn, og ga oss tips om omkjøring. Kjekke folk! I det heile har det vore mange som har tatt kontakt og fortalt oss vegen, eller svart godt når me har spurt. I dag måtte me ha hjelp til å kome oss ut av byen Radolfzell og finne rette vegen til Ludwigshafen, og ikkje minst å finne fram til Parkhotel St. Leonhard som ligg langt oppi skråninga over Überlingen.  Feilsykling i oppoverbakke på slutten av ein lang sykkeldag var ikkje heilt godt, men det var vanskeleg å finne vegen med det kartmateriallet me hadde. 

Men våre «problem» er små når me les at folk er evakuerte og nokre i Bayern har drukna i flaumen. 

Når Askeladden er med på tur, ser me meir av naturen langs vegen enn det me vanlegvis gjer. Nytt i dag var kvekkande forskar. Elles fekk me kjøpt jordbær, brød og aprikos i sjølvbetent bu (betalte med kort, tasta inn sjølv), og sykla forbi morellutsal. Me observerte i det heile mykje fruktdyrking, bærdyrking og anna landbruk. Litt av det var drukna, men det meste veks fint. 





tirsdag 4. juni 2024

Konstanz - Gailingen (40 km)

Ein herleg dag. I Sveits og Sør-Tyskland har det vore store mengder nedbør. Det ser vi på vannstanden i Bodensjøen og Rhinen og at dei pumpar vatn ut av åkrane. Og så fekk vi ein så vermessig fantastisk start på sykkelturen vår, i eit flott og velstelt landskap. Pærehagar, kornåkrar, potet- og grasmarker, valmue- og kornblomstfelt, salat, løk, sukkerroer, vinranker… det meste som kan dyrkast. Vi overnatta i Konstanz i Tyskland på Hotel Alte Post, eit flott hotell med svært god frokost. Middag på Konzil var også veldig bra, asparges og fisk var svært bra. 

Vi måtte reise til hovedkontoret til Radweg Reisen, der vi blant 800 syklar (sjå bilete) fekk ut våre fire som vi sykla tilbake på hotellet på fine sykkelvegar og sykkelbru.

Sjølve turen starta også på denne sentrale sykkelvegen, men vi sykla fort inn i Sveits, og sykla frå landsby til landsby på sørsida av Bodensjøen. Det var sykkelveg det meste av vegen, men i landsbyane måtte vi sykle i vegen. Men det var lite trafikk og låg fart. Det var for det meste flatt, men eit par stader, spesielt på slutten då vi sykla langs Rhinen var det nokre gode stigningar. Derfor fint med elsykkel for Han der. 

Askeladden observerte både interessante vekstar, tre, rovfuglar og fiskar på vegen. Her er noko å utforske vidare. I Stein am Rhein hadde vi lang lunsjpause og fekk studert fantastisk middelalderarkitektur (sjå bilete under). Frå Stein gjekk vegen vidare til Hotel Rheingold i Gailingen kor vi blei godt mottatt, og har fått rom med balkong (sjå under) og utsikt over øvre Rhindal. Dette er også like over grensa til Tyskland, etter at me har sykla i Sveits heile dagen.







lørdag 1. juni 2024

Rundt Bodensee 2024

Bodensee klassiker

 

I år skal sykkelturen gå gjennom tre land: Sveits, Østerrike og Tyskland. Han går rundt Bodensjøen, startar i Konstanz (D), deretter til Stein, Gailingen (D), Überlingen (D), Lindau (D), Höchst (A), Arbon (CH) og til slutt Konstanz (D) igjen. Han der skal ha elsykkel, mens Hu der, Helsesøstera og Askeladden skal ha vanleg sykkel. Ei utfordring for Han der? Å sykle seint nok?

Vi har som vanleg bestilt via Pedalo radreisen, med lokal operatør Radweg reisen. På forhånd har vi fått hotelliste, korleis vi kan ta buss for å hente syklar, og ein app med GPS for heile turen. Det siste er nytt, og det kan nok lett gå godt.  Trass i at det er alpeland me skal sykle i, skal det vere lettsykla med sykkelveg det meste av tida. 

Reklamen seier flott natur, med skogar, sivbelter, frukthagar og vingardar, dessuten slott, borger, kloster og landsbyar. Blomeøya Mainau og klosterøya Reichenau er kjend. 
















søndag 17. september 2023

Alkmaar - Amsterdam 61km

 Dag 1 på sykkeltur i Nederland juli 2023. Skriving på etterskot.

For første gong drar vi på sykkeltur utan å møte ein einaste arrangerør. Litt rart, men når ting fungerer er det greit. Det held nok prisen nede. Vi betalte 805 euro pr person for sju overnattingar + 164 euro for leige av elsykkel. 

I hotellet i Alkmaar står leigesyklar på rekke og rad i kjellaren. Vi får kartmateriell og nummerert nøkkel i resepsjonen, og syklane er utrusta med sidetasker, pumpe og litt til eventuell reparasjon. Men for eksempel ikkje umbraconøkkel. Det får vi bruk for til å justere seta nokså snart: Sykle ikkje mange min med eit sete som "gnissar"! Første gong vi stoppa og prøvde å justere seta, var det ein veldig serviceinnstild nederlendar som ropa oss inn, henta fram sitt komplette sykkelverktøy og hjelpte oss (Bilete 1) Men det var ikkje heilt perfekt, så neste var å kjøpe verktøy i ein sykkelbutikk. Det har dei i det landet. (Neste: Ta med verktøy på sjølvbetent tur).

Den første dagen sykla vi i ein skog og gjennom mindre byar: Bollendorp, Heiloo, Akersloot (med den kjekke mannen), Uitgeest, Krommenie, Wermeerveer, Zaandijk, Krog aan de Zaan, De Heel, Landsmeer og så inn i Amsterdam via gratis sykkelferje. Mellom byane er det store og små vatn, dyrka jord, dyr som beitar og kanalar heile tida. Ved Zaandijk passerte vi ei rekke med gamle, flotte vindmøller, og fekk ei påminning om korleis det var å vere flokkturist (Bilete 3) - Det var hordar av turistar ved desse vindmøllene, elles få i landsbyane.

Det var veldig lett å finne fram heilt til vi kom til Amsterdam. Der er ikkje vegvisarane (knoopunkt) så tydelege. Men med hjelp av Google Map gjennom turistgatene fann vi likevel hotellet - som låg noko utanfor sentrum. Akkurat det var litt dumt når "han der" ikkje er så god til å gå. Vi vurderte å ta ut syklane, men fann likevel ein fantastisk spiseplass i ein park i nærleiken "Gin und Musselen" eller noko slikt (bilete 4). 

Turen gjekk i vesentleg grad sørover, og det var ein del motvind - då var det utmerka med elsykkel. 






lørdag 16. september 2023

Platja de Palma - Palma de Mallorca

Palma de Mallorca har fått samanhengande sykkelveg frå Platja de Mallorca til sjølve byen på ca 17 kilometer. Med start ved turistmaskinen Platja sykler ein på ein ganske brei veg saman med tøffe-toget, vareleveransar og andre syklistar. Fotgjengarane har eigen stad å gå. Sykkelstien blir etterkvart utan annan trafikk, og passerer eit fint naturområde mellom flyplassen og havet (med mange fly som i lufta over). Deretter langs strandpromenaden inn mot byen, forbi katedralen (under) og til slutt til marinaen kor har stoppar i ei «rundkjøring» (under). Nokre stader er sykkelvegen ganske smal, og det er mange syklistar, men ein må bare tilpasse tempo. Heilt super måte å oppleve Mallorcas største by på saman med Helle som eg hadde jobba saman med i Soller (under). Vi leigde syklar på hotellet (Iberostar Cristina) og sykla fram og tilbake på same sykkelsti. - Det var lett å få kjøpt mat og drikke undervegs.





fredag 14. juli 2023

Nederland 2023

 Nederland er svært god tilpassa sykling, Og saman med hundretusenvis av nederlendarar har me igjen tatt i bruk det fantastiske nettet kor me syklar på sykkelstiar og sykkelvegar frå knutepunkt til knutepunkt. Heile landet er knytt saman med eit nett av knootpunkt, eit system som er heilt topp utanfor byane, men av og til ikkje heilt perfekt i byane, Heldigvis har me også gps på telefonen i Amsterdam.

Årets tur går frå Alkmaar til Amsterdam til Hoorn til Medemblik til Den Helder til Texel og tilbake til Alkmaar (og vidare tar ne båt frå IJmuiden til Newcastle). Turen er heilt utan fysisk kontakt med reiseoperatør. Vi fekk rute og opplysningar i epost og i utskrift på det første hotellet der, eit hefte for kvar dag, og syklane sto klar i parkeringskjellaren med fullt utstyr, bortsett frå verktøy. Operatør for Pedalo er Dutch Bike Tours, og så langt (etter to dagar) ser det ut til å ha fungert godt. Håper bare på at me ikkje punkterer, då har me beskjed om å klare oss sjølv.







onsdag 13. juli 2022

Streikefast i Brønnøysund






Kva gjer ein når ein blir to dagar streikefast i Brønnøysund? Og veret er fint. Då leigar ein syklar på turistinformasjonen og syklar til Torghatten igjen, men denne gongen tar ein eit godt måltid på Torgarhaugen kafe og syklar deretter rundt Torghatten på ein sti som går nedanfor campingplassen og deretter rundt fjellet. 



Dagen etter syklar ein til Skarsåsen festningsanlegg frå andre verdskrigen. Det var interessante tunnelar og kanonstillingar, og oppslag om historien. Brønnøysund blei kalla Vesle Berlin på grunn av at NS hadde 90 medlemmar i den vesle byen. Dessutan var det fabelaktig utsikt over søndre Helgeland.  Det er ca 4 km ut til Skarsåsen, så deretter syklar ein rundt i byen, ser på den gamle kyrkja med minnesteinar over falne sjøfolk og soldatar, og  den nye stradpromenaden.