Viser innlegg med etiketten Horten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Horten. Vis alle innlegg

søndag 9. august 2026

Horten - Moss - Drøbak i fint ver.



Eg tok i bruk appen Komoot til denne turen, og det fungerte bra med lyd frå appen inn i høyreapparatet. Det kan eg altså bruke høyreapparat til. Eg måtte lære kva det betydde når appen sa ta til høgre og ta til venstre, ofte var det rett fram, men den eine varianten av to moglege. Og så gjekk appen heilt i spinn då eg måtte sykle rundt eit vegarbeid i Moss, og då eg var inne og handla mat i ein ganske stor Kiwibutikk. Ruta blei omkalkulert fleire gonger. 

Det var fint å starte turen med Horten - Moss-ferja. Den går ca 3 gonger i timen og er gratis for syklar og folk. Etterpå fann eg lett vegen med appen, og fekk eit glimt av Moss. Elles var turen kjedelegare enn dagen før. Det var ganske lange strekk i skog langs vegen til Oslo. Ca 3 km sykla eg på bilvegen - då gjekk det fort - men heldigvis var resten på sykkelsti, parallelt med vegen eller eit stykke frå. Det.var asfalt heile vegen, og litt motvind gjorde det relativt tungt sjølv om turen ikkje var så lang. Eg sykla på nasjonal sykkelvei 7 før eg svinga av til Drøbak. 

Var turen kjedeleg, så var Drøbak ei perle. Masse gamle trehus ved fjorden, og like mykje blomar som i Alsace. Vandra i byen i ettermiddagssola, sjå bilete under. Eg overnatta på Reenskaug Hotel, eit historisk hotel som skryter av å ha hatt Christian Krohg og co som gjester. 

Sykkelen fekk stå i et konferanserom, i går fekk han stå på koffertoppbevaring på Thon hotel Horten, og første dag på motellet tok eg han inn på rommet. Han har vore trygg heile tida.






torsdag 2. juli 2026

Larvik - Sandefjord - Tønsberg - Horten i regn

 Første og lengste sykkeldag var det meldt ganske heftig regn, som skulle begynne ca kl 11. Derfor tidleg av stad frå motellet, 10 km til Sandefjord og frokost. Hadde håpa at Strava ville gi gode sykkelstiar. Eg fann fram, men valde eit noko anna alternativ enn det Strava foreslo delar av vegen. Frå Sandefjord flekk eg fin rute til Tønsberg, mykje sykkelveg, noko på småvegar i byggefelt, og ein del på svært lite trafikkert landeveg. Dette var skilta sykkelveg 1. 

Det gjaldt å sykle lengst mogleg før regnet, og eg klarte ca 40 km og Tønsberg før regnet kom. Landskapet er bølgande og kupert, fint med el-sykkel. I Tønsberg fikk eg sett vikingskip og bygging av eit nytt vikingskip

I regnet passa det fint med tidleg lunsj, men etter kvart måtte regnkleda fram, og turen via Åsgårdstrand til Horten gjekk i pisseregn. Frå Åsgårdstrand fann eg kyststien (sykkelvei 1). Det var verkeleg STI, men veldig fint med skog, hytter og flott landskap. På grunn av at eg var våt, orka eg ikkje å stoppe på Munchs hus, på Borrekaupangen eller på vikingmuseet i Borre. Heller ikkje studere Gokstadhaugane. Godt var de å få kome inn på hotellrommet kl 14, dusje og slappe av. Lenge sidan sist det prikka i lårmusklane. Fin middag på restaurant Balzer på Thon-hotellet eg bur på. Litt kjedeleg å ete åleine, men sykling åleine går heilt godt (så lenge alt går bra).

Eg skifta batteri etter 46 km. Då var dett ein prikk igjen på indikatoren. Så godt med ekstra batteri.





 

Oslofjorden 2026

 På hjul igjen.

Ein elsykkel skal flytte til Oslo. Den får sitte på bil til Larvik, så må den trille via Sandefjord, Tønsberg, Horten, Moss, Drøbak, Nesoddtangen til Oslo. Det blir min første lengre sykkeltur åleine.

Første etappe var å kjøre til Larvik. Ganske seigt, men alt frå vegarbeid og 50 km/t til motorveg med 110 km/t. Sykkelen hang fint bakpå. Bilen må stå ein stad i seks døger, og då er ikkje ein by det mest gunstige. Det blei Holms Motel på prærien midt mellom Larvik og Sandefjord. Kode og kort, ingen folk, men reint og fint og lyden frå vegen kom ikkje inn. 900 kr natta ver ingen upris. Einaste ete-alternativet var Burger King på andre sida av motorvegen, 900 meter unna. Så då blei det burger.