tirsdag 3. august 2010

England: Appleby - Reeth 53 km

I den grad England har fjellovergangar, er strekningen mellom Appleby og Reeth over Penninene ein av dei. Sjølv om ein bare kjem seg opp på mellom 500 og 600 m.o.h., gir det aude og snaue preget ein viss fjellfølelse, og legg ein til vind og sauer, er fjellfølelsen komplett. Ein mellomting mellom Høgjæren og Hardangervidda, går det an å tenke seg det?

Vi forlot Cumbria og Lake District og kom inn i Yorkshire Dales National Park. 33 miles uten butikk, vi var varsla og hadde med niste frå siste større plass: Kirkby Stephen. Vegen var grei å sykle, men etterkvart forsto eg kvifor vi møtte så få bilar, vegen var skikkeleg smal, og spesielt nedover Swaledale etter fjellovergangen var vegen smal og kanta med solide steingardar (dikes) som gjorde passering vanskeleg.  Dessuten var det svært bratte heng, 20% opp eller ned fleire plassar. Litt stress å sykle, til og med nedover.

Det gjekk nesten for fort nedover gjennom dei pittoreske småstadane Keld (også namn på finare flaskevatn i England), Thwaite, Muker, Gunnerside og Low Row til Reeth,  kor vi tok inn på The Buck Hotel, som nok i våre auge var meir ein koseleg pub enn eit hotell.  Truleg på grunn av turismen er desse fjellbygdene tekne godt vare på.

Engelskmenn er flinke med stein. I Cumbria og øvre Yorkshire bruker dei stein til det meste: Hus, tak, gjerde. Biletet viser eit parti ca. frå Keld i Swaledale som viser det flotte systemet med åkrar avgrensa av steingjerder, og med ei høyløe av stein på kvar åker. Amatørteori: Å oppbevare høy i løa på åkeren er lettare enn å frakte det heim til garden, For alle husa som folk bur i ligg i oppi lia.

Lenger nede på flatlandet blir steingjerdene avløyst av hekkar.

søndag 1. august 2010

England: Keswick - Appleby 60 km

Denne dagen vurderte vi som ein av dei hardaste dagane, 60 km i eit terreng som ordet kupert er for svakt til. Dessutan var nok ruta lagd slik at vi skulle få med oss mest mogleg utsikt, etterkvart oppdaga vi at dersom vi såg ein bratt bakke på avstand, så viste det seg at vi skulle opp den. Men vi var flinke: Vi sykla langsomt, vi tok mange pausar og passa på å ete og å drikke nok. Andre dag på ein sykkeltur er ofte litt spesiell, og då dagen var slutt hadde vi løre mår (møre lår). Heldigvis fekk vi rom i andre etasje på Tufton Arms Hotel i Appleby, så vi klarte å kome oss opp. Dette hotellet var også gammalt og fint med god restaurant, og Appleby var ein liten, søt by.

Ulike turoperatørar har valt ulike måtar å vise ruta på: Merking, kartkopiar, eigne kartbøker (som langs Donau). Discovery Travel ga oss ei bunke med gode kart kor dei hadde streka opp ruta med rosa transparent tusj, samtidig med ein god beskrivelse. Dette fungerte utmerka, vi var aldri i tvil om vegen, slik vi kan vere når vi mistar ei pil eller to i ei merking. Så då må ein heller dra på sju store kart, og brette litt. Eit råd: Sjekk om alle kart er med! Vi mangla eitt, men reserveløysinga vår fungerte saman med beskrivinga. Eit anna råd: Les deg gjennom løypa på forhånd.

England: Whitehaven - Keswick

Whitehaven (The Chase Hotel) på Englands vestkyst viste seg frå si mest vestkystaktige side den kvelden vi kom: Ganske vått, regn og vind. Heldigvis hadde vi investert i nye gore-tex-bukser som kompletterte regnutstyret vårt, vi stålsette oss, og tenkte på at vi skulle nok klare ei veke med sykling i regn. Men før vi kom i gang, hadde regnet gitt seg, og slik blei det heile turen: Regnet trua, men det regna ikkje på oss nokon gong. Likevel: Sykling i England inneber nok fare for regn. Vi møtte ei australsk dame som hadde gått same vegen me sykla, ho hadde til då hatt to fine dagar av ti.


Ruta første dag var Whitehaven - Ennerdale - Loweswater - Keswick. Ca. 58 km. i krevjande terreng, aldri flatt, opp eller ned heile tida, og mest opp, sidan vi starta på havnivå. Området heiter Lake District, og det stemmer at det er mange sjøar. Nydeleg, og eit paradis for vandrarar. Vi hadde ei forestilling om at det var eit aude naturområde, slik som ein finn mange av i Noreg. Det var ikkje akkurat tett befolka, men heller ikkje så langt mellom landsbyane, og sauer og sauegarder var det overalt.


Keswick var fin, og større enn me hadde tenkt, butikkane tydeleg prega av vandreturisme. Men det var også mykje å finne på på kviledagar. Vi budde på Crow Park Hotel, type gammeldags og har vore flott. Eit lite sykkelproblem blei fint fiksa av ein kjekk ung mann på Keswick bike, øyeblikkelig, med god forklaring dersom same problem skulle oppstå seinare, og gratis! Hurra for engelsk hjelpsomhet.

mandag 5. juli 2010

Finnøyrunden

Vil ein sleppe å sykle fram og tilbake, er Finnøy staden for sykling i runde, 3 mil. Finnøyrunden er skilta, kanskje ikkje så vanskeleg å finne vegen, men kjekt likevel. Vi sykla der før Finnfast var opna, og då var det svært lite trafikk. Antar det er litt meir bilar i dag, men ikkje så mykje gjennomgangstrafikk.

Finnøy har mykje historie. Hesby kyrkje frå 11- eller 1200-talet, ei kvit, stilfull steinkyrkje. Kyrkja er bygd på eigendommen til Hesby som var eit gamalt hovdingsete, og Ogmund Finnson frå Hesby var drottsete i Noreg på 1300-talet.  Sølvsmeden Folke Helle lagar produkt i sølv og tinn med utgangspunkt i seglet til Finnson.

Elles er det mykje jordbruk, fint og grønt, og Finnøy er stor produsent av tomatar. Meieriet på Finnøy er lagt ned, men lokala er i bruk som undervisningslokale for Rygjabø vidaregåande skole. Skolen sel fisk og kråkeboller frå eige oppdrett. På Kaihuset på Judaberg kan ein kjøpa mat, men bare på vekedagar, søndag er det best med niste.

søndag 4. juli 2010

Rennesøy

Øyane nord for Stavanger er fine å sykle på: Rennesøy, Finnøy og Stjernarøyane. Dei to første er nå landfaste med undersjøiske tunnelar, til Stjernarøyane må ein kome sjøvegen.

I dag har vi prøvd Rennesøy. Det er bare 4 mil å kjøre frå Austrått til Vikevåg. Derfrå er det fin gammal bygdeveg til Sørbø (Sørbøveien) parallelt med E39 til nordvestre del av øya, og i motsatt retning, veg til Østhusvik (Østhusvikveien) på austre del av øya. Dei kan setja namn på vegane, karane der på øya!

Planen var å sykle først mot vest, så tilbake forbi Vikevåg mot aust, kjøpe middag på Fjordbris hotell i Østhusvik, og sykle tilbake til Vikevåg og kjøre heim. Det gjekk ikkje heilt slik.

Det starta fint.  Å finne vegen er ikkje noko problem, det er ikkje så mange val. Det var ikkje bilfritt på Sørbøveien, men på to timar møtte me 14 bilar (7 sølvbilar, 6 mørke bilar og 1 melkebil - Q), det kan me akseptere. Opplevinga er først og fremst nydeleg natur ein fin sommardag med blå sjø, blå himmel og grøn øy.

Men det er meir å oppleve: Sørbø kyrkje frå 1130 (1140?) var open. Flott kyrkje i mur! Biletet her er av glassmåleriet ved alteret i kyrkja. Nørevågen er ei lun hamn med feriehus, der tok vi kaffipause, sjå bilete. Låder ei anna hamn, ikkje fullt så lun, men ennå brukt av fiskebåtar. Det er turstiar fleire stader, på Reianes, Bøheia og søraust frå Vikevåg.

Dessutan går dyr på beite overalt. Det betyr mange ferister (sei øø når du syklar over, det blir øh-øh-øh) og eit snaubeita kulturlandskap. Det er fint. Det er ennå tidleg på året, vi såg mange lam, kalvar og til og med shetlandsponniføl. Idyll.

Idyllen blei broten av eit skrekkeleg girbråk. Rolf sin sykkel skar tenner før det blei stilt. Giret var knekt,  sykkelen blei til sparkesykkel! Anna og eg måtte frese tilbake og henta bilen, og turen enda med at vi henta Rolf ved Sørbø kyrkje. Vi reiste heim og tok middag heime. Turen Vikevåg - Låder t/r tok 1 time og 50 min. inkl. pause. Vi hadde nok klart den andre delen av turen til Østhusvik også. Men det får bli ein annan gong, Fjordbris!

lørdag 26. juni 2010

Coast to coast in England

Turen frå Whitehaven på vestkysten til Whitby på austkysten av nordlege del av England er 178 miles lang og skal ta sju dagar. Vi kjem til å sykle gjennom Lake District, Yorkshire Dales og North York Moors National Parks, mykje natur. Med hjartet på rette staden og Sykehuset i Aidensfield er spela inn i området. Terrenget er kupert, og turen er "quite demanding". Men me er van med bakkar, så det skal nok gå. Bortsett frå Whitehaven og Whitby, er det små stader me skal overnatte på: Keswick, Appleby, Reeth, Osmotherley, Castleton. Alle stader med nokre få tusen innbyggjarar. Området har eit nettverk av sykkel- og vandreruter, og dette blir først og fremst ei naturoppleving med skiftande landskap.

søndag 6. juni 2010

Langs dobbelsporet Sandnes - Stavanger


Vi prøvde i dag for første gong den nye gang- og sykkelvegen langs dobbelsporet frå Lura til Hillevåg (tur- retur, måtte bare sykle begge retningane). Det var sol og fint ver, og turen var bare fantastisk. Tenk at vi har slike perler her vi bur. Folk vi møtte bare smilte, i dag var det plass til både syklistar og fotgjengarar. Å byggje ein slik veg, som gir alle tilgang til å gå eller sykle sjøen, er ein flott ting. Eg reknar med at asfalt kjem på det som ennå er grus og at det blir skilta betre etterkvart. Men... blir det samanhengande turveg til Sandnes sentrum? Det hadde vore stort!