søndag 12. september 2010

Vatne - Hommersåk

Mellom Vatnekrossen og Hommersåk er det 10,2 km samanhengande sykkelsti som vi sykla på i dag. Denne sykkelstien er nokre år gammal, og eg hugsar kor imponert eg var då han blei opna. Ein fin sti, skild frå vegen, mange stader ligg han høgare enn vegen, og med gjerde. I skråningane hadde Vegvesnet (det heitte sikkert det den gong) sådd forskjellige blomar, og ennå er det igjen nokre lupinar her og der etter det. -

Seinare har det kome sykkelbru ved Vatnekrossen frå Austråttsida over rv. 13 mot Vatne og gjort sykkelstien meir tilgjengeleg frå den sida og. Vi observerte på turen at det var måla kvitt rundt hol i stien. Det såg ut til at det skulle gjerast vedlikehaldsarbeid på sykkelstien.

Heilt bra blir det når den planlagde sykkelstamvegen mellom Sandnes og Stavanger kjem. Håper det blir medan eg er i stand til å sykle!

Å skilje sykkel og bil er eit godt trafikksikringstiltak. Når eg tenkjer etter, er det gjort ganske mykje for syklistane. Det er laga sykkelstiar, hovedruter, grøne ruter, under- og overgangar.

Tjensvollkrysset er vel det flottaste, her positivt omtalt, men og mest utskjelte sykkelovergangprosjektet her i distriktet. Eit anna flott byggverk er avslutninga av sykkelstien langs dobbelsporet ved Felleskjøpet i Hillevåg. Men det flottaste byggverket eg har sykla i, er avslutninga av bruene over Donau i Wien, sjå biletet til venstre.

søndag 5. september 2010

På tur i Sokndal

Sokndal er ein spesiell kommune. Han ligg i Rogaland, men er ein stor kontrast til Nord-Jæren. Når vi i Sandnes-Stavanger-området går for moderne effektivitet, så går Sokndal for cittaslow. Når vi i nord har vide flater, jordbruk og rette, breie vegar, har ein i Sokndal smale fjordar og bratte fjell, fiske, og svingete, smale vegar. På Jæren har ein rive gamle hus (riv raben), i Sokndal har ein teke vare på dei. - Bygda er eit ferieparadis, men eg visste ikkje at det var så fint å sykle der: Den ytre vegen mellom Egersund og Hauge er flott, der han går langs sjøen.

Sykkelturen denne gong starta i sentrum av Hauge i Dalane, først eit kort slag sørover langs rv. 44, deretter til høgre inn Hanebergveien. Idyll med ein gong langs elva, og endå meir idyll er det når ein etter kort tid kjem inn i den gamle hamna Sogndalstrand. I seglskutetida var det ei viktig hamn. Her kan ein gå på kafe, kjøpe kunst, og til og med overnatte. I amfiet er det spel kvar sommar, og det er konsertar.

Vidare kan ein sykle langs sjøen til Rekefjord, atter ein idyll, og ta av mot Egersund på nokså smal og lite trafikkert veg, Nordsjøruta. Mellom Rekefjord og Egersund er det eit strekk med grusveg.Vi snudde før vi kom til den, og sykla tilbake til Hauge, slik at vi fekk ein tur på ca. 2 mil. Flott tur i nydeleg ettersommarver! (Eller haust?)

mandag 9. august 2010

Brompton sykkel 2

Har prøvd Brompton etter planen, bike+train: Sykla frå heimen til Sandnes på 10 min., la saman sykkelen og tok tog frå Sandnes til Jåttå (og ca. 10 min.), slo opp sykkelen igjen og sykla til Ullandhaug. Var så heldig å møte Al Muliman, som også er i Bromptonklubben, på toget. Han tok meg på guida tur i strøket Jåtten, Hinna, Grannes, Ullandhaug, så eg slapp å leite etter vegen sjølv. Tidsbruk 15 - 20 min. Mål å sleppe å dusje, så vi sykla litt roleg. Det tar ca. 10 min. mindre enn å sykle heile vegen + dusjtid. Dessutan mykje mindre anstrengande.

lørdag 7. august 2010

Brompton sykkel

Brompton er ein type sykkel som kan pakkast saman til ein så liten pakke at sjølv eg kan klare å bære han. Nokre enkle håndgrep, så er han pakka, og like lett å slå opp igjen, det tar mindre enn eitt minutt. Og han veg 11 - 12 kg. (Eitt kilo lettare i titan, men også 400 pund dyrare) "Han der", som har litt vanskar med å gå langt, brukte sykkelen medan vi var i Whitby og seinare i York. Vi frakta han på toget mellom byane,  mellom seta, utan problem. Flyfrakt heim med Widerøe var ikkje vanskeleg, det heller, og sykkelen kom uskada heim. Ei veske tilpassa samanleggbar sykkel var fin å ha når sykkelen skulle sendast. Det fins å få kjøpt.

Eg har tenkt å bruke sykkelen frå heimen til togstasjonen på Sandnes, leggje han saman og ta han med på toget, og så sykle fra stasjonen på Gausel til Ullandhaug, helst så roleg at eg ikkje treng å dusje når eg kjem fram.

De fins mange samanleggbare syklar i England, men ingen eg har sett har vore så liten og lett som Brompton, han har mange fikse finessar. Blant anna kan ein også kjøpe ei veske ein svært enkelt plasserer på eit lite stativ framme, som til og med kan stå på når sykkelen er slått saman. Ein kan kjøpe Brompton hos Syklistenes Landsforening i Noreg. Vi kjøpte vår i butikk i England.

fredag 6. august 2010

England: Castleton- Whitby (32 km)


Siste del av ruta er i dalen langs elva Esk nedover til havet. Vi fekk ikkje sykla den, eg hadde vore forkjøla eit par dagar, og blei bare verre og verre, så vi betemte oss for å ta toget frå Castleton Moors til endestasjonen Whitby. I turistsesongen gjekk det heile fem tog om dagen! Turen gjekk fram og tilbake over elva som slynga seg nedover i eit grønt, flott landskap. - Og plutseleg dukka vi ut av det grøne og høyrde måkar. Vi var ved kysten, i Whitby. Det hadde vore turistar av typen sportslege vandrarar før på turen, i Whitby var det alle typar, det var mange, og det var spesielt mange hundeeigarar. 


Ein del av den langstrakte stranden var "hundestrand" kor hundane fekk springe fritt. Elles hadde Whitby det meste på eit relativt begrensa område: Lang strand med kabinar til leie, fiskehavn, gamleby, klosterruinar frå 1100, ein bydel frå slutten på 1800-talet då turismen sette i gang, eit skrekkeleg, men heldigvis lite område med speleautomatar, hotel, restaurantar, golfbane, og ein super leikeplass, heilt ny. Og fuglar, som vi blei åtvara imot:


Det er første gongen eg ikkje har sykla alle etappane på ein sykkeltur. Denne gongen gjekk det greit å likevel følge opplegget, toget gjekk direkte same distansen vi skulle sykle, og toga i England tar syklar. Elles kunne vi ha prøvd å bli med kofferttransporten eller fått hjelp av turarrangøren på andre måtar. Vi kunne vel rett og slett ha sett igjen syklane, og latt arrangøren plukke dei opp nest siste stad, sidan vi avslutta syklinga då. 


Denne sykkelturen var av dei meir harde av dei vi har sykla, mest på grunn av det kuperte terrenget og stigninga. Men hadde eg vore frisk, hadde det ikkje vore noko problem å gjennomføre med normal god sykkelform. Turen var karakterisert som demanding. Når vi syklar på kontinentet, vel vi ikkje dei heilt lettaste, med etappar på ca. 4 mil eller mindre på flat mark. Vi vil gjerne ha litt utfordringar, og turen må kunne vare ei stund, men alt med måte.


Andre ruter frå kyst til kyst i England:  C2C 

torsdag 5. august 2010

England: Osmotherley - Castleton 37 km

Jeremy frå Discovery Travel hadde rett: Kvar dag på denne kyst-til-kyst-turen var flott og  forskjellig. Denne dagen sykla vi gjennom mange landsbyar på flatlandet før det igjen bar inn i eit aude område med sauer igjen: North York Moors. North York Moors er ei grøderik lynghei, det meste privat, men med over 1000 miles "public paths". Så også her var det mange vandrarar. Ei hei, er ikkje den nokså flat? Eg trudde det, men tok nok feil. Plutseleg var det ein bakke med 20% helling ned til ein bekk (sjå skiltet på biletet), og så opp på andre sida, like bratt. Over heia og ned Esk Dale går det jernbane til Whitby ved havet, og mange vandrarar tar toget eit stykke for å få nye utgangspunkt for turane sine.

Vi hadde overnatting i The Downe Arms i Castleton, ein landsby som låg på ein åsrygg med flott utsikt på begge sider. Rommet var bra med kjempefin utsikt, men maten var typisk engelsk. Til då hadde vi prøvd å unngå alt smultkokt. Her bestilte vi ein frisk forrett med masse småting som vi kunne plukke: Sopp, løk, reker... trudde vi. Det var feil: Alt var vendt i deig og frityrsteikt. Vi som nesten har vent oss av med å ete feitt her i Noreg, blei stapp mette av bare fire-fem småting (det var godt), og då sto hovedretten igjen. Eg hadde bestilt hamburger. Gjett om det var med haugar med chips? Smelta ost? Bacon? - Eg skrapte ut sjølve hamburgarene og åt kun dei. - Og eg som er oppdradd til å ete opp maten...

Frokost i England er også eit kapittel for seg. På alle overnattingsstader var det tilbod om cooked breakfast, full English. Det vil seie det meste av dette: Bacon, egg, pølser, tomatbønner, blodpudding, steikt sopp, steikt tomat, juice, te eller kaffi + toast. Dessutan kan ein få kornblanding, frukt, yoghurt, syltetøy og smør. Serveringa var i alle variantar, frå sjølvbetening til meny ein kunne bestille frå, og kelner som fylte på. Downe Arms tilbaud sjølvsagt full pakke.

onsdag 4. august 2010

England: Reeth - Osmotherley 56 km


Etter Reeth sykla vi nedover Swaledale til byen Richmond og vidare utover på slettelandet. Det var kjekt å kunne sykle litt på flatt land også, å kunne trø på litt, delvis på større vegar, men mest på gards- og skogsvegar.

Sykkelstiar var det svært lite av på heile denne turen. Ruta tok i bruk småvegar med svært lite trafikk, og bilane som kom tok svært godt hensyn. Desse småvegane følgjer sjølvsagt terrenget, og når terrenget har ei mengd med elver og bekkar (mange heiter beck), så blir det mange elveovergangar. Bruer er ein fin ting, og det var det mange av, men litt spesielt var det også at fleire plassar passerte ein elva ved hjelp av ein "ford", ein vadeplass, som på biletet. Nokre stader var det laga fotgjengarovergang ved sida, som vi bar syklane over, for når det hadde regna, var det ganske stor vassføring over fordane. Tørrare dagar såg vi tørrlagde fordar, til og med midt i landsbyar. 



Vi kjem nær naturen når vi syklar. Ei kjekk oppleving denne dagen var vesle harefrøken i vegkanten. 


Ei anna kjekk oppleving var hotellet: The Three Tuns i Osmotherley, i fleire samanhengande, nyrestaurerte gamle hus.Vi fekk rom med peis, liten gang ut til badet og direkte tilgang til salongen, alt i fin gammal stil. Og restauranten hadde same kvalitet. Kan anbefalast!


Osmotherley er truleg eit navn frå vikingtida: Åsmund sin rydning. Det var elles svært mange -by-namn på turen, kan nemne Swainby, Faceby, Kirkby, Ingleby, Great Buby. Antar by betyr det same som på norsk: Bu, by, bust (gard, bustad), og at i det minste ein del av namna opprinneleg er skandinaviske. Dessutan la vi som sagt merke til at elvene heitte beck, og dalane dale. I York heiter gatene gate, og ei elv heiter Foss. Vi er ikkje dei første nordmenn i dette distriktet, nokon var her for over 1000 år sidan. Dessutan var gamalengelsk eit germansk språk, og kanskje er det også ei forklaring på likskapen.