mandag 8. oktober 2012

Mai 2013: Puglia, Italia

Godt å tenkje på når hausten mørknar til: I mai 2013 håper vi på ei veke sykling i Sør-Italia, i Puglia, hælen på støvelen som kartet av Italia utgjer. Reisa blir igjen kjøpt av Pedalo, sjølv om det godt er mogleg å sykle rundt på eiga hand. Det er rart med det, blir ein van med kofferttransport og god sykkelservice, er det vanskeleg å begynne å frakte bagasje... Ruta blir fly til Bari (Brindisi er også mogleg, men har færre flyavgangar), direkete tog til Alberobello og så sykling Alberobello - Ostuni - Mesagne - Gallipoli - Santa Maria di Leuca - Otranto - Lecce. Strekka er mellom 40 og 50 km, med mulighet for å forlenge eit av strekka til 85. Frå Lecce blir det igjen jernbane til flyplassen.

Naturen skal vere nydeleg, med oliventre, pinjer og mandeltre. Andre halvpart av traseen går langs havet, det pleier ikkje vere stygt. I mai er det nok også blomstring på gang.

Alberobello er kjent for sine spesielle hus, trulli. Ei nettside seier at det er ein byggemåte ein veit var i bruk så langt tilbake som 1300 f. Kr. Husa har  koniske tak utan mørtel, og dei er bygde av lokal kalkstein, med spesielle toppar og takdekorasjonar.
Dei står på Unesco si verdsarvliste, og dei må me sjå, sjølv om dei fleste bygga i dag er for turistar.


Eit anna høgdepunkt på denne turen er er Zinzulusagrotta i søraust.




fredag 5. oktober 2012

Nedlagd fabrikk ved sykkelstien på Figgjo

I Hellas såg vi mange forlatte fabrikkbygningar. Slike har vi ikkje i Norge, tenkte eg. Men eg tok feil. Ved sykkelstien mellom Sandnes og Ålgård ligg rønna etter Figgjo trikotasjefabrikk, DFU, der dei laga m.a. badedraktar. Her er ein liten film om DFU. I sommar melde Stavanger Aftenblad at det skulle bli bustader der. Ikkje så originalt i desse tider, men bygget er eigentleg staseleg, og staden det ligg på er nydeleg, så det kan bli bra bustader.

Bilete og tekst er laga med Blogger for Iphone!


Vi har forlatte bygg i Sandnes også

onsdag 26. september 2012

Jerntepperuta eller Iron Curtain Trail


Fantastisk og til å drøyme om: Langs den 8000 km lange grensa mellom tidlegare Aust- og Vest-Europa, er det i ferd med å vekse fram eit gigantisk nettverk av sykkelvegar og grøne friområde. Frå Grense Jakobselv i nord, til Svartehavet (Bulgaria/ Tyrkia) i søraust var det under den kalde krigen ei stengd grense som mange stader var ganske brei. Dei fleste landa som ligg inntil grensa har slutta seg til arbeidet med å utvikle sykkelveg og å skape eit grønt naturbelte med friområde og naturreservat. I og med at områda langs grensa har vore uutnytta så lenge, har utrydningstrua artar overlevd der.

Den tyske EU-politikaren Michael Cramner er ein av dei som har stått på fot å sikre ruta, og ein av støttespelarane er Green Cross, starta av Mikhail Gorbatsjov. Planen er at ruta skal vere ferdig i 2020, men ein god del er alt gjort. Eg legg merke til at sommarens tur frå Lübeck til Stralsund er med i ruta, eg har alt sykla litt av strekket! Sjå under etiketten Østersjøen.


Offisiell side for Iron Curtain Trail. Eit mektig fredsmonument og ei påminning om kor mykje ressursar det blir sløst på å oppretthalde grenser.

fredag 21. september 2012

Sykkel som framkomstmiddel på ei gresk øy

Sykkel er eit flott framkomstmiddel når du oppheld deg på eit gresk kloster litt utanfor alfarveg, men likevel vil litt rundt. Når klosteret i tillegg ligg på ei øy, er det lite biltrafikk og ingen store vegar.

Syklinga er såkalla transportsykling: Rett-i -ryggen-sykkel med  bredt sete, gode dekk og korg på bagasjebrettet. Dei som hadde hjelm, slutta fort med det. Så om morgonen og i siestaen
er det ut på sykkel, mest på grus til stranda - Skala - eller til næraste landsby - Kaloni.

Optimal dag på jobben:
Kanskje ein liten sykkel- eller spasertur før frokost
Frokost
Jobbe fra 9 til 13 i skuggen
Lunsj
Siesta: Sykle til stranden. Bade, sole seg. Sykle vidare til kafe for refreshment. Sykle tilbake til klosteret.
Tilbake for jobbing frå 17 - 19.
Middag
Kjekke presentasjonar

Kristine og Hildegunn på grus ut frå klosteret, over. Til venstre syklar Jostein og eg frå Kaloni til Skala Kaloni (stranda).








Dette er Lesesenteret, Universitetet i Stavanger, på Metochi, Lesbos. 28 grader i september.
Det blir jobba. He me det ikkje godt?

søndag 9. september 2012

Ti vegar til grøn lykke.


Bladet Folkevett skriv om grøn lykke, i kontrast til OECD sine lykkemål, som mykje baserer seg på økonomisk velstand. Dei ti overskriftene er:
  1. Naturopplevingar gir velvere.
  2. Ta vare på dei gode, små augneblinkane.
  3. Lykkeleg med trening.
  4. Prioriter pengar lågt.
  5. Ver altrustisk, gi bort pengar, ting og eiga tid.
  6. Smil meir enn du føler for.
  7. La grøda gro. (Jobbe med jord utan hanskar auker nivået av serotonin).
  8. Bli oppslukt, ha flyt.
  9. Vær takknemleg.
  10. Ha meiningsfulle mål i livet.
Så å sykle smilande gjennom naturen på ein billig sykkel på veg for å besøke ein gammal far, men ha tid til å stoppe opp og sjå på blomane langs vegen og vere takknemlig for både blomane og helsa, og nyte naturen slik at ein gløymer tida, då er det ikkje mykje som manglar! Dersom ein då kan kome heim og hauste sjølvdyrka mat i tillegg....




Endelig på hjul igjen. På anleggsvegar i Sirdal





Kneskade har hindra sykling lenge, men nå ser det betre ut, og i helga prøvde eg forsiktig sykling på anleggsvegar i Sirdal.


1. Frå Haugen opp Hønedalen til vegen slutta, ca.13 km innover. Ein del stigning i starten, deretter innover i småkupert terreng. Heile tida på asfalt, vegen var stengd med bom, så freden var der, og fjellfølelsen. Eit herleg, bilfritt tilbod. Litt regn og vind, men fint.

2. Frå Kvæven til Deg. Ca. 3 km, men kan forlengast med å sykle i sjølve Sirdalen.  Degdammen er stor og imponerande, fantastisk! Mye ein kan oppleve med sykkel. Grusveg, men fin å sykle. Turen vår var fra hytta og blei 11 km. Og kneet held!!!