søndag 12. mai 2013

Ostuni - Raum Avetrana 62 km


Ostuni er ein gammal, gammal by, gjenoppbygd av grekarane - og fekk namnet Astu Neon - den nye byen på gresk.

Ostuni er også eit turistmål, han er kalla den kvite byen, etter dei kvite bymurane frå mellomalderen rundt det sentrale citadellet. I byen finn vi ei flott kyrkje og palassa til mange rike familiar. Hotellet var også eit palass: Ostuni Palace. Veldig flott, inklusiv frokosten. Frå hotellrommet kunne vi sjå Adriatarhavet langt der nede.

Med hendingane frå dagen før i friskt minne: Dette var dagen då alt klaffa. Løypa ut av byen krevde nøyaktig kartlesing, eit belgisk par brukte 1,5 time ut, vi brukte 10 min. Det var sykling (leiing av syklar) mot kjøreretning i tronge gater. Litt spesielt, og det kunne gjerne vore betre markert i reisebeskrivinga. Men hu der var ute morgontur og rekognoserte, så det var full klaff. 

Vidare var dagen ein dag for slak nedstigning mot kysten, i tillegg var det ganske sterk medvind. Så vi trill fort dei 62 kilometrane det eigentleg var. Det var klaff med piler, løypebeskrivelse og GPS. Og løypa tok oss gjennom olivenlundar, vinmarker og kornåkrar. Mest oliven. Langs vegen blømer det ville blomar. Vi reiste frå ein kald og sein vår i Noreg, her har vi følelse av fin norsk juli. 

Når vi syklar ei slik rute, treffer vi jevnt og trutt dei andre som syklar same løypa. I dag har vi ca snakka med alle 14 som tar same turen: To tyske (Dani og Mikael), to sveitsiske, eit tysk/walisisk par, fire belgiske (som snakka flamingo i følgje ein kvinneleg taxisjåfør).

lørdag 11. mai 2013

Alberobello - Ostuni ca. 45 km



Sykkeltur i Puglia, Italias hæl. Puglia har 4 mill innbyggjarar, og produserer oliven, vin (Primitivo-drue) og kveite til pasta. Hovudby er Bari.

Turen startar i Alberobello, ein liten by (11 000) med ein flott ting: Trulliane. Ein trulli er eit steinhus med konisk tak, og det er bygd utan bindemiddel, slik at det kan demonterast. Det var visst aktuelt ein gong i tida, nå er husa innreda moderne. Veggene er tjukke og isolerer godt. Vi starta med å sykle inn i Alberobello, og det krydde av trullihus, den eine gata tøffare enn den andre. Vi trudde at nå hadde vi sett det som var av slike hus, men der tok vi feil. På heile turen fram til Ostuni var det nye og gamle trullihus. Dei nye hadde gjerne også tak med annan fasong i tillegg, men mengden skulle tilseie at det er ein levande byggjemåte.


Heile landskapet er fantastisk. Steingjerder langs vegar og jordlappane kor det først og fremst er dyrka oliven, men også druer og korn. Vi sykla mykje på småvegar, nokre veldig  små, så små at det eigentleg ikkje var veg. Då hadde vi sykla feil! Plutseleg var vi tilbake i byen Cisternino, som vi hadde sykla ut av meir enn ein time tidlegare. Kva var problemet?

Når vi syklar, finn vi vegen sjølv. Vi bruker kart, beskrivelse og merking (piler). Denne gongen hadde vi også GPS. Korleis kunne vi så sykle feil? På ein strekning i øydemarka dvs utan byar og stadnamn, fann vi plutseleg ingen fleire piler. Litt vanskeleg å finne på kartet, det kunne vete rett, det kunne vete feil, ein raud strek som svinga seg avgarde. Beskrivelsen blei veldig sparsommelig, men då hadde vi GPS, som fortalde at vi var på rett veg. Så utan piler og med usikker kartlesing lot vi den finne fram, og det gjekk tilsynelatande godt, sjølv om det var litt rart på kartet. Nokon hadde bygt nøyaktig likt hus son vi hadde sett tidlegare, nokon hadde mista ein sko ein stad, og den andre skoen midt i vegen ein annan stad, eller hadde vi vore der før? Det hadde vi. Vi trudde vi var framme, men vi var altså tilbake til nest siste by, Cisternino, og ganske langt frå mål. Javel, vi snudde og fann fram etter kvart og kom fram til nydelige Ostruni. Kvit by på ei høgd med utsikt mot Adriaterhavet. Ser ganske gresk ut på avstand. Vel framme etter over 60 km møtte vi andre på same tur som også hadde slite med vegen.

Litt meir om GPSen. Han der fekk ikkje til å montere han på styret, så det blei til at han sykla med han i handa i førsten. Plutseleg måtte han bremse, og med ei hånd blei det løysing håndbrems, og hard håndbremsing medfører stup over styret. Det såg ganske alvorleg ut, med pusten slått ut..., sjukehuset neste? Vi fekk han der over i stabilt sideleie, så fekk han pusten igjen. Litt skrubbsår på lår,kne og albue, og vondt i ribbeina... Ikkje noko det for ein vaksen mann. Men: Begge hender på styret heretter!



Reell sykling denne dagen var over 60 km.

fredag 10. mai 2013

Bysykling i Trondheim


Flott å bli kjent i Trondheim ved hjelp av syklene til Clarion Hotell & Kongress Trondheim. Ingen reservasjon av sykler, men første mann til mølla, og det var oss som var det. Vi sykla frå hotellet på Brattørkaia, over Lade og kikka på Lade herregård. Vidare innom hagen på Ringve, over Persaunet, Tyholt, Øya og gjennom sentrum og kaffekopp på Dromedar. I alt 22 km, og med god tilrettelegging for syklister.

Vi brukte kart på nettbrett (Statens vegvesen) og mobilkart. En ny verden når det gjelder å finne fram.
Fint i Trondheim, ikkje sant. Godt tilrettelagt for syklister, og mange som sykla til jobben, på kryss og tvers.

søndag 14. april 2013

Planetstien Sandnes

Lørdagens kosetur gjekk langs Planetstien. Den begynner nord i Sandvedparken ved Mega, og går langs Storånå gjennom parken (som er 3,6 km), vidare rundt Stokkelandsvatnet, der dei ytste planetane ligg, m.a. Neptun. Planetmodellane er plassert innbyrdes i rett avstand i målestokken 1:1milliard, og heile løypa er 5,95 km. Sjå kart i lenka over.- Kvar planet er markert med ei støtte, slik som Neptun på biletet.

Etter Stokkelandsvatnet sykla vi opp Kleivane, som har fått god gjennomgåande veg til Austrått fordi Sandnes tomteselskap skal byggje 500 bustader der.

Rundturen Austrått - Sandnes - Gandal - Høyland - Kleivane - Austrått var 15 km. Kan vere ein flott tur med barn, mykje å sjå, og nesten ikkje på bilveg. 

søndag 3. mars 2013

Nye sykkelvegar på Forus og Sola




Målet var å sykle på den flotte sykkelvegen langs Solastrand, nesten ute i havet, og det var like flott som tenkt. Sjå bilete.

Men for å kome dit, tok vi vegen over Forus, Skadberg og Åsen, som var ei openbaring av nye sykkelbruer og vegar. Først såg vi den uferdige kollektiv-/sykkelbrua over motorvegen ved Statoil, deretter nyasfaltert sykkelveg vestover frå brua i retning Sola sentrum, og jamen så dukka det opp ei luftig sykkelbru mellom industriområdet og bustadområdet på Skadberg, bilete to.

Den neste positive overraskinga var brua over den nye nye vegen Solasplitten, som gjer det ganske trygt å kome seg på sykkel frå indre strok av Sola til flyplass- og strandområdet.

Skulle gjerne finne eit oppdatert kart over sykkelvegnettet på Forus. Det er mykje bra som skjer, håper dei snart blir ferdige med alt vegarbeidet.

Kvilepause ved Sola ruinkyrkje, så det flotte strekket langs stranda, men så var det slutt på herlegheita. Sykkelstiens missing link ved Sola golfbane til Rv 509. Resten til Sandnes var igjen OK.

Runden var 32 km. Herleg vårver.

Ruta fins her på Runkeeper - Rundt flyplassen


fredag 28. desember 2012

Hadrians sykkelveg sommaren 2013

Fottur 2004 Hadrianmuren ved Haltwhistle
Ganske flott!
Plan for sommaren 2013 er å sykle Hadrians sykkelveg i Nordengland frå Ravenglass på vestsida tvers over England til Tynemouth, nasjonal sykkelrute 72. Denne ruta er nokså lett, flatare enn den kuperte Coast-to-coast me sykla i 2010. Då kan me kanskje få med Siri (då 7 år), Ranveig og Arvind, som bur i Ovingham like før Newcastle på slutten av ruta.

Sykkelruta er:  Ravenglass - Whitehaven - Silloth - Carlisle - Haltwhistle - Corbridge - Tynemouth. Her er Sustrans si nettside med siste oppdateringar, for eksempel med flaumvarsel når det er aktuelt.

Hadrians sykkelveg har namnet etter Hadrian's wall, eller Hadrianmuren, som var den sørlegaste av to forsvarsmurar mot Skottland som Romerriket hadde på dei britiske øyane. Antonine Wall på 60 km var bygd lengre nord, men han er mindre kjend fordi det er lite å sjå av han i dag.


Hadrianmuren blei bygd frå år 122 og utetter. Det var ei av dei sterkast forsvarte grensene i Romarriket, men i alle portane gjekk det også føre seg handel, toll- og skatteinnkreving. Mykje av muren er bevart, mykje takka vere John Clayton frå Newcastle som på 1800-talet kjøpte opp delar av muren og restaurerte. Muren er på UNESCO si verdsarvliste og ein av dei største turistattraksjonane i Nordengland, og det er vanleg med fottur langs muren.



søndag 25. november 2012

Igjen lagar dei syklar på Ganddal.



I oppveksten min på 1960-talet var det bare ein type syklar som var aktuelle, DBS. Syklane var laga på Sandnes på Øglænds sykkelfabrikk, seinare på Kvål. Kortreist, lokalt og eit eksempel på lokalt initiativ. Nokre modellar her også. Men tidene skifta, Øglændarvingane selde aksjane sine til eit svensk firma, Monark i 1989, og sykkelfabrikken blei etter kvart lagd ned. Det var for dyrt med norsk arbeidskraft i konkurranse med Austen. Men ennå fins salsapparatet til DBS, Cycleeurope i Sandnes.

Men nå blir det likevel laga syklar på Kvål, der den siste DBS-fabrikken låg. Ådne Orstad har laga ei bedrift som set saman syklar ved hjelp av ferdige delar, Sykkellaboratoriet. Det spesielle er at kvar sykkel er unik, spesialtilpassa kroppen til kjøparen. - Det morosam er at Øglænds sykkelfabrikk starta på same måten i 1892, med å setje saman sykkeldelar dei fekk frå Tyskland (Hengstberg) og USA (The World), før sykkelfabrikken i Langgata i Sandnes blei opna i 1906. - Men Øglænd sine syklar var neppe spesialtilpassa kjøparen!