lørdag 5. oktober 2013

Bysykling i Barcelona

P
Haustferie i Barcelona. Byen er kjend for god tilrettelegging for sykling, sjå for eksempel kva denne bloggen fortel om det. Bysyklane er bare for fastbuande, det var ein avtale mellom byen og sykkelutleigarane, slik at dei ikkje skulle tapa på at byen fekk bysyklar.

Alt på flyet ned (KLM) begynte syklane å kome, på glasa vi fekk drikke i. Eit teikn på at sykling er i tida, eller var det eit symbol på Holland? Det var også tulipanar på glaset.




Vi planlegg å leige sykkel hos Green Bikes ut frå anbefaling hos Trip Advisor. Første dag skal vi ha 3,5 time bysykling med guide for å orientere oss. Turen skal gå forbi dei mest kjende turiststadane Plaza Sant Jaume, Plaza del Rei, Plaza Sant Felip Neri, Palau de la Musica, gamlebyen El Borne, Barcoloneta Beach, Parc de la Cituadella, Sagrada Familia m.m.

Ankomstdagen går med til å virre litt rundt i Ramblas og El Born området. Vi ser mange stader med sykkelutleige, og masse bysyklar. Det er også sykkelvegar, lysregulering for sykkel m.m.

lørdag 21. september 2013

God ide å sykle i Skåne?

E

Første gong i Lund i Skåne: Dette må vere ein sykkelby. Syklar på kryss og tvers i den gamle byen. At det er langt mellom syklar med gir, og at det for det meste er litt tunge rett-i-ryggen-syklar viser både at det er flatt og at det er transportsykling meir enn trening. Også lite hjelmar å sjå. Ingen sykkelbukser eller knallgule jakkar. 
Eg håper eg kjem tilbake igjen på sykkel. 
Denne gongen var det jobb og morgontur i den vakre gamlebyen og Botaniska Tredgården. Til fots.

søndag 25. august 2013

Egersund - Sandnes i 24 grader og medvind i august. Ca 90 km.

Temperatur over 20 grader i Norge sist i august må brukast til noko kjekt:sykling langs kysten. Vind frå søraust gjer at Nordsjørittruta er eit godt alternativ. 

Toget går frå Sandnes 17 min over kvar time, og det kosta oss 330 kroner for to syklar, ein pensjonist og ein vaksen. Ikkje så billig. Togturen tar litt over 50minutt, og kl 10.05 er vi i gang nordover langs den fine turvegen mellom Egersund og Helvik. 

Vi finn turvegen langs jernbanelinja ved å dra til høgre ut av jernbanestasjonen i Egersund,, gjennom rundkjøringa i retning Eigerøy, og inn på sykkelsti på venstre side av vegen. Kort tid etter møter vi skilting til den gamle jernbanen, inn på grusveg, og over den nye flotte brua som tar oss inn i eit fantastisk parkdrag med mange benker og flott natur til Helvik. Dels går turen på den gamle traseen, og er rett og fin, men plutseleg er det bratt opp eller ned, vi må over ein tunnel eller den "nye" Jærbanen.

Frå Helvik stasjon er Nordsjøvegen skilta opp Netlandsvegen, ein gardsveg som leier oss opp på riksveg 44, og ganske snart er vi på Hegrestad, der del 2 av turen tek til, Vestlandske hovudveg. Utsikta er spektakulær, sjå bileta. Det er framleis grus, og litt laus, så litt anstrengande å sykle, spesielt nedvover.

På Ogna er det igjen eit nytt landskap, sandstrand. Flott når det plutseleg opnar seg med hav og sand i kontrast til skogen vi kjem ut av. Mange familiar på badetur er å sjå, det er godt over 20 grader.
På Brusand går løypa bort frå Rv 44 og opp til Stokkelandsmarka, vidare til Vigrestad og Varhaug før vi igjen skal ned til rullesteinstranda ved Jærhavet. Veksling mellom grusveg ved havet og sykkelsti ved Rv 44 er fin, men endå finare er det å kome til lappar og kaffi på Hå gamle prestegard. Herleg for tørste og svoltne syklistar.

Nå begynner rumpene å bli trøtte, så turen over hengebrua etter prestegården, forbi Nærlandsparken, på vegen forbi Refsnes, Skeie, Vik, Orre (stopp ved den gamle kyrkja), Reve, Hodne, Bore, Voll, Vasshus, Skjæveland osv. blir meir ein motivasjonsprøve enn den koseturen det var i begynnelsen. nÅr var vi trøtte. Men godt fornøgde kom vi heim, omsider.
 



fredag 26. juli 2013

Corbridge - Whitley Bay 48 km kunne det ha vore...

Nå har me kome til elvelandet til Tyne, og vidare følgjer ruta vår stort sett elva. I Corbridge kryssa me elva frå bed and breakfasten til sjølve byen, vidare gjekk turen til Ovingham kor me fekk kaffe hos Siri, Ranveig og Arvind. Andre elvekryssing var brua mellom mellom Ovingham og Prudhoe, og me sykla vidare på sørsida av elva på fin sykkelsti til Wylam, kor vi igjen kryssa over ei flott bru, nedlagd jernbanebru, sjølvsagt. Hagg Bank Bridge, jernbane i drift frå 1867 til 1968, mest for frakt av kol og liknande. Etter Wylam heldt me oss på nordsida av elva, og det gjekk fint heilt inn til byen.

Hagg Bank Bridge er eit tidleg eksempel på ei bru av denne typen med eit spenn over elva, bygd i 1876, fordi det kunne vere vanskeleg med fundament. Brua er modell for større bruer, i Newcastel og i Sydney, Sydney Harbour Bridge.
Langs Tyne har Newcastle fått eit imponernade sykkel- og gangveinett, toppa av milenniumbrua over til Gateshead.  Absolutt å anbefale, sjølv om det er ganska mange fotgjengarar i vegen ein fin dag. Me tok så lunsj der me leigde syklane i Cycle Hub, og så viste det seg at sjølve sykkelturen skulle enda der. Han der var nøgd, leverte sykkelen inn og tok buss og metro til Whitley Bay. Hu der var ikkje ferdig, tok sykkeltaskene med regntøy og freste avgårde på Hadrianvegen. Me så hadde dei Newcastlefantungane knust flasker på den fine sykkelvegen og hu der punkterte. Første gong åleine på slik sykkeltur, og første punktering. 
Enden p visa blei å leie sykkelen tilbake til Cycle hHub, leverer han inn og gå til sentralstasjonen og ta metroen til Whitley Bay (36000) på austkysten. Whitley Bay har sandstrender og var frå 1882 (jernbanen kom) til 1980 ein turistby. Nå er han mest ein soveby for Newcastle. Oaktree Lodge Hotel, 15 Esplanade med ni rom var absolutt ein stad å bu, The Brasserie hadde særs god sjømat, og Siri kom og koste seg med å bade i sjøen. 

Sjølv om avslutninga var eit antiklimaks, så er konklusjonen at det har vore ein interessant og herleg tur. Veret har vore bra, ein føremiddag med regn var bare ein kontrast. Å bu på bed and breakfast greit og interessant, sjølv om teppe på badegolvet er litt spesielt for oss. Å lære meir om romartida i Engalnd, og næringsgrunnlag og tilbakegang i nordengland har også vore interessant, og å oppleve det grøne landskapet, badebyane og dei blømande landsbyane i roleg tempo har vore flott. Under frå Whitley Bay.

Hjelparane våre har først og fremst vore Discovery Travel, som har organisert for oss. Dei som har transportert bagasjen var Brigantes til Carlisle, og Hadrian Haul etter Carlisle. Men bagasjefrakt er ein industri langs Hadrianruta med mange vandrarar, så det fins mange byrå. Vidare hadde vi hjelp av Cycle Hub, som leigde ut gode syklar. Cycle Hub gjorde oss merksame på Saddle Skedaddle som arrangerer guida og sjølvguida turar i England og andre stader, www.skedaddle.co.uk. Dei har også sykkelutleige, som er greit. 

torsdag 25. juli 2013

Haltwhistle - Corbridge 42 km


I Haltwhistle (3-4000) har me vore før, og tenkte nok då at me ikkje kom igjen nokon gong. Der tok me feil.  Haltwhistle var ein romersk stad. Den romerske vegen Stanegate (steinvegen) mellom Carlisle og Corbridge gjekk like nord for staden, og det er ikkje langt mellom elva Tyne og muren på dette punktet.
Seinare har staden vore lasteplass for kol og metall frå gruver i området over på jernbane. I dag er staden i vesentleg grad ein turiststad: Fotturar og Hadrianmur-turisme.

Hall Meadows i Haltwhistle var ein svært rolleg og hyggeleg b&b i ein fin hage. Me var dei einaste gjestene, og blei tatt godt vare på. 

Elles er Haltwhistle ganske kjedelge om kvelden, og hotellet var fullt, så me åt på baren, ok, men ikkje god service, og det dei kalla espresso var traktekaffe. Men me klaga ikkje, me meir smilte av dei, slik er det på landet. 

Me vakna av eit veldig tordenver, men det hadde slutta då me starta syklinga etter ein engelsk frokost. Turen går mykje langs traseen til Hadrianmuren, og etter ei kraftig stigning kom me til Vindolanda utgravingsfelt og museum. Veldig mange gjenstandar frå romartida er funne fullt bevart i Vindolandautgravingane fordi jorda har blitt lukka, det har blitt anaerobt. Derfor fann dei sko og klede, og veldig interessant, små trestykke som romarane brukte slik vi bruker papir, til brev, notat og beskjedar. Det blei spekulert i om dei som budde rundt og handla med romarane måtte lære å snakke latin , og til og med lære å skrive. 

Heile dagen har me sykla på vegar, men lite trafikk, som lova. Me sykla vel ca 10 km og møtte bere tre bilar, for eksempel. Desse små landevegane er lite brukte, og veldig få folk bur på landsbygda i høgda her. Nede i Tynedalen blir det straks fleire.

Corbridge var ein viktig romersk by som låg ved ein stad det var mogleg å krysse over elva Tyne. Han heitte Corisopitum eller Coria då. I år 85 kom det første romerske fortet der, like etter blei det bygd ein by med doble bymurar, og romarane var der til slutten av romersk okkupasjon. I dag er Corbridge ein søt by kor det bur ein del rikare engelskmenn. mykje blomar og mange turistar. 

Hadrian/Adrian var keisar frå år 117 til år 138, og overtok styret av det store riket etter grandonkelen sin, Trajan. Trajan var ekspansiv og utvida riket, men Hadrian var meit forsiktig og konsoliderte det. Den romerske kspansjonen i Britannia stoppa opp i hans keisartid, og han begynte å byggje muren som fekk namn etter han. Seinare (142 - 154) bygde keisar Antonius ein mur lenger nord, kor landet var smalare (64 km), men denne er ikkje så kjend eller synleg lenger. festningsverket ved muren var bare i bruk i 20 år, då måtte romarane igjen trekkje seg tilbake til Hadrianmuren.


Fell Croft b&b er spesiell med norsk vertinne, Tove. Det ligg litt utanom sjølve byen, ved jernbanen. Middag på Black Bull i byen med besøk frå Ovingham igjen. Bra. 

onsdag 24. juli 2013

Carlisle - Haltwhistle 42 km

Carlisle (vel 70000 innbyggjarar) ligg 16 km frå grensa til Skottland, og har vore eit viktig militært støttepunkt då England og Skottland var to rike. Det er i dag godt bevarte bymurar, og Carlisle slott frå 1092. Byen har og vore skotsk og har eit skotsk preg. I Tullie house finn vi historien til området og til Hadrianmuren. Til fin nettside om romarane i Cumbria.


Hadrianmuren var ein voll bygd av stein og torv, bygd frå år 122, for å forsterke grensa og verne mot piktarane. Muren var 4 - 5 m høg og 6 m brei, ikkje slik som denne resten som fins i dag. Muren går frå Wallsend til Solway Firth. Muren er 117 km og den sterkaste befesta grensa i Romarriket. I tillegg til at muren var festningsverk, var det også kontroll med trafikken gjennom portane, slik at det kunne krevast toll for varer frakta gjennom dei. Sjølv om stein er tatt frå muren til annan bruk, står mykje igjen. Muren er på UNESCO si verdsarvliste.


Inn og ut av Carlisle gjekk turen i grøntområder og parkar. Frå  Warwick Lodge var det ganske kort veg til Rickerby Park (med ungfe på beite), og fin veg ut sv byen. Elles var 72-ruta mellom Carlisle og Brampton eit godt døme på at den rette veg mellom to punkt ikkje er den finaste sykkelvegen. På små landevegar med hekkar på begge sider gjekk det i kryss og tvers og opp og ned til søte landsbyar som Linstock, Crosby-on-Eden, Newby, Warwick Bridge, Allenwood, How, Hayton, Low Gettbridge og Aarons Town før kaffepause i Brampton. Cupcakes og kaffe. I Brampton kjøpte me også med oss sandwiches på eit bakeri, som me fann den perfekte stad å ete ein time seinare, etter ei lengre stigning, i Banks.

Me hadde i grunnen rekna med å treffe mange andre syklistar på ein slik tur på ei nasjonal sykkelrute, gjerne bu på same staden, slik me ofte har gjort på kontinentet. Men til nå har det vore få. Då me toucha linja for Hadrianmuren, begynte me å treffe vandrarar, og i dag har me truffe syklistar som tar same løypa som oss. Eit hollandsk par som har vore sju veker på tur (Nederland, Belgia, Frankrike, Irland, England, Nederland) og overnattar i telt, for eksempel. 

Sykkelturen i høgda langs muren var veldig fin, gode vegar, og eigne vegar der det var litt trafikk. Fekk med oss Birdoswald romarfort og lærte litt meir om romanane, før me trilla fint og flott inn i Haltwhistle, midt i England, og fann overnattingsstaden Hall Meadows veldig lett. Der blei me tatt imot i ein fantastisk hage av hund, mann og kone. 

tirsdag 23. juli 2013

Silloth - Carlisle 58 km

Silloth kjem av sæ (eng) hlada (norr), som betyr sjø-låve. Opp mot 3000 innbyggjarar.
I 1860-åra kom jernbanen til Silloth, og då kom også turismen. Silloth blei ein av dei første turistbyane i nordvestengland. I dag blir ein del av desse turistområda pussa opp igjen. Nith View guesthouse i Silloth ligg i turiststripa mot sjøen. Nedanfor Main street er det eit parkområde som minst er 50 m bredt, med litt tre, men mest store plenar, tennisbanar og liknande. Nedanfor der igjen er det lang strandpromenade og trapper ned til sjøen sikkert ein km, sjå under. Dette er dimensjonert for ti gonger så mange turistar som er der, Når det for eksempel bare var eitt hotell Golf, god mat) serverte skikkelig middag, så seier det noko om pågangen av turistar i Silloth i dag. Vi var også åleine på B&B'en.
Dag 3 fekk vi beskjed om at det var meldt regn utpå dagen i området, så vi skynda oss avgarde. I det eg skulle lukka porten etter oss, begynte det å regne, og det regna og det tordna verre dei første timane. Han der blei tatt inn i eit hus då han skulle ta på seg regnbuksa, igjen koseleg nordengelsk gjestfrihet. Etter kvart letta det litt, men ikkje meir enn at vi tok ein snarveg, og unnlot å sykle heile kystvegen langs Solway. Til og med snarvegane var merka med HCW-skilt!! Vi som tenkte vi måtte konsentrere oss og lese kart.
Godt humør i regnet ved Newton Arlosh. På vegen vi valde var det ikkje mogleg å kjøpe kaffi eller mat. Vi var for tidlege til dei få pubane som fans, for vi sykla som uver, tok snarveg, og var framme i Carlisle kl 12. Å sykle fort og kome tidleg fram er mot alle våre prinsipp, men i tillegg til det dårlege veret, hadde vi avtale med ei kjekk jente og mora hennar, som kom med toget frå Newcastle. Dagen var redda.

I Warwick Lodge var det også ubegrensa internett, ein klar fordel. God mat på Casa Romana. 
Tidevatnet går høgt, eller landet er lågt over havet her på Solway-kysten, ved høgvatn kan sjøen stå over vegen.