søndag 17. november 2013

Sekstiårssykling i Alsace - mai 2014

Første varsel gjekk ut til barn og barnebarn 1,5 år på forhånd: Vil de bli med på tur når eg fyller 60 år? Alternativa var å sykle i Europa (Bourgogne foreslått), tur i Sør-India (Tamil Nad og Kerala) eller tur i Nord-India (Sikkim eller Ladakh). Varselet gjekk ut til ein astrofysikar i Trondheim, ein jurist i Newcastle, ein dyrevenn og språkkunnig i Ovingham, ein sjuåring i Ovingham, ein vinimportør i Oslo og ein politi i Hønefoss. Dessutan til pensjonisten på Sandnes.
Og tru det eller ei: Det blei semje om sykkeltur ganske fort! Pensjonisten sette søkemoteoren i sving, og kom med eit forslag som kunne passe alle: Stjernetur i Alsace. Stjernetur betyr at vi bur same staden heile tida, men syklar i ulike retningar kvar dag.

Her er ei redigert  utgåve av invitasjonen (og alle blei med!!)

Eg vil gjerne ta dykk med på noko av det beste eg veit, sykkelferie.

Reisemålet blir Alsace, Frankrike, for der trur eg vi kan finne noko som kan interessere alle, i tillegg til syklinga: Vinmarker og vinproduksjon, tidleg skrift og utdanning, historiske byar, idylliske landsbyar, kyrkjekunst og god mat og vin. (Eg veit ikkje om dei driv med Crossfit.)

Turen blir ein så kalla stjernetur rundt byen Colmar. Stjernetur betyr at vi bur på same hotellet i Colmar (Hotel Beauséjour), og kvar dag dreg ut frå det. Det betyr òg at alle ikkje nødvendigvis må sykle kvar dag.

Alsace har tre nasjonale kulturskattar, og vi skal heilt sikkert få med oss dei to siste, ja kanskje alle tre:
  • Katedralen i Strasbourg 
  • Issenheimaltartavla i Colmar
  • Det humanistiske biblioteket i Sélestat

Colmar

Gamlebyen i Colmar har bruer og kanalar som har gitt opphav til kallenamnet "Petite Venise" – lille Venezia. Han er som ein eventyrlandsby med skeive bindingsverkshus og blomar i alle fargar; bysentret står på UNESCO si verdsarvliste. Sjå biletet på side 1.

Men den største skatten i Colmar finn ein innandørs, i det fredelige kapellet i Musée d’Unterlinden.

Her kan vi sjå Mattias Grünewald sitt meisterverk, Issenheimaltaret. Dette meisterverket gjorde djupt og varig inntrykk på oss som såg det i 2007. Detaljane her kan gi eit lite inntrykk av kva vi kan vente. 






Det humanistiske biblioteket i Sélestat
Bøkene i Det humanistiske biblioteket i Sélestat frå 1542 gjer oss i stand til å studere utviklinga av boka frå 7. til det 16. århundret. Her finn vi mange håndskrivne bøker, blant andre ei merovingisk lectionary (= preikenbok) frå det 7. århundret, den eldste boka i Alsace. Bøkene ligg under fløyelsteppe, slik at lyset ikkje skal øydeleggje dei.

Katedralen i Strasbourg

Den gotisk-romanske katedralen, Notre Dame, er eit av dei vakraste og mest imponerande kyrkjebygga i Europa. Han har bare eitt tårn (142 m), som vart ferdig i 1439. Det gir bygget ein asymmetrisk og særeigen profil. Kyrkja er eit eksempel på brytninga mellom fransk og tysk gotikk. Ho har ei ualminneleg rik utsmykking med vakre glassmaleri, skulpturar og eit astronomisk ur frå 1571.



Vin i Alsace
Bortsett frå litt raudvin og rosévin, lagar ein her kvite, tørre vinar (92 prosent av produksjonen) samt god musserande vin, AOC Crémant d’Alsace. Men vin skal Marie få fortelje meir om. 









Program:
       Kome til Colmar - best med fly til Basel eller Strasbourg
       Rundtur i dei berømte vinlandsbyane, m.a. Riquewihr, Turckheim, Eguisheim. Ruta er 60 km, men det er ein rundtur rundt Colmar, slik at det heilt sikker går an å korte ned.
       Sélestat: enten med tog frå Colmar til Sélestat utan sykkel og 0 km sykling, eller tog + 37 km liten rundtur, eller sykling heile vegen frå Colmar tur/retur 60 km for dei sprekaste.
       Tog + sykkel til Strasbourg, sykling 25 km - oppleve Strasbourg
Fødselsdagsmiddag om kvelden.
       Reise heim eller forlenge.

My little pony har lov å bli med. 



Etter kvart blei også ein lærar frå Klepp, ei helsesøster og ein osteopat frå Skudeneshavn påmelde.
 


torsdag 10. oktober 2013

Fra Gaudi til Gaudi på sykkel.

Casa Batilo i Eixample.

Mykje av det Barcelona er mest kjent for rundt om i verden, er bygningar laga av den "geniale eller skrullete" Gaudi. Bygningane er spreidde rundt om i Barcelona, og igjen: Sykkel fungerer bra når ein skal dekke eit ganske stort område. Sykkel og kart. (Sykkelkartet fekk vi på Green Bikes(

Når vi finn vegen sjølv, er sykkelvegane eit funn. I dag sykla vi eit heilt rett strekk langs Passeig St Joan. Lille Rektor heldt styr på kvartala vi passerte: Det blei 15. Og 15 lyskryss. Heilt flott, og vidare var det lett å finne fram til Park Guell, sjå under. Park Guell var eit prosjekt den rike Eusebio Guell hadde saman med Gaudi. Dei ville skape eit ideellt bustaområde på ei høgd. Prosjektet blei ein fiasko, bare tre tomter av seksti blei selde, men fellesområda står der, og er nå park til glede for turistar og dei som tener på turistar i Barcelona. (App for Park Guell var 7 bortkasta kroner).
Frå Park Guell.
Eit anna Gaudi-hus i Eixample. Casa Mila.

onsdag 9. oktober 2013

Sykle på eiga hand i Barcelona

I Barcelona har dei laga tovegs sykkelstiar på eine sida av fleire av dei gjennomgåande vegane i byen. Både passering av fotgjengarovergangar og sidevegar er regulert med lys, også eigne sykkellys. Dette gjer det relativt trygt å sykle desse vegane, men det går ikkje så fort på grunn av alle lysa,

Vi skulle denne dagen til Montjuic, ei høgd på sørsida av Barcelona, som ennå har mange av dei bygga som blei bygde til verdsutstillinga i 1929. Av utleigaren i Green Bikes fekk me det rådet å ta sykkelstien langs Avenida Parallel til Plaza Espagna deretter til høgre og litt rundt for å kome opp på Montjuic på den slake sida. Første del av rådet følgde me, sykkelvegen var utmerka. Så skulle me opp på Montjiic. Utstryrt med guidebok som viste kjekke turar frå attraksjon til attraksjon, leia Lille Rektor oss inn på motsett side av fjellet i forhold til rådet vi hadde fått, vi var då i ikkje redde for litt stigning! Stigninga viste seg å vere omgjort til trapper, ikkje bare ei lita trapp, men ganske mange og ganske lange, vi fann fort ut at guideboka var skriven for fotgjengarar. 
Men ved hjelp av Map2go fann vi fram, først til MIro-museet, deretter til olympiastadion og til slutt til Pueblo Espagna, eit friluftsmuseum med bygningar frå heile Spania, og håndverkarar i arbeid. Vi såg glassblåsar, smykkekunstnar og skinnarbeidar i gang. Etter lunsj sykla vi oss ein tur langs sjøsida ut til bystranda i langsomt tempo. Herlig, i 25 grader i oktober!


Når vi gjekk frå syklane, var dei låste med tre låsar: Setet var låst til ramma, bakhjulet låst med gammaldags fast lås, og ramma var låst fast til sykkelstativ det er ganske mykje av med kraftig lås. Dette er visst heilt nødvendig.


mandag 7. oktober 2013

Tre timar guida sykling i Barcelona

Perfekt. - God oversikt, mange opplevingar på kort tid, og mykje interessant å høyre. God temperatur i oktober i Barcelona.

Green Bikes hadde sett oss opp på ei gruppe med seks personar på guida tur på tysk. Då det kom fram at engelsk var betre, blei det på kort tid hosta fram ein hollansk-amerikansk ung mann på nesten to meter med gode kunnskapar om det meste, både Barcelona, Catalonia og Franco-styret. I tre timar tok han oss rundt i byen på sykkel. Vi starta i gamlebyen, kor han fortalde om undertrykkinga av det katalonske under Franco, m.a. at dei tok dei nyfødde frå fattige katalonske kvinner og "selde" dei til spanske familiar. (Film om det). 

Deretter ned på strandpromenaden, både havn, kjøpesenter, promenade og lange strender laga i samband med OL i Barcelona i 1992. Litt tid for forfriskningar var det og. Deretter til Sagrada Familia-kyrkja frå to vinklar, så gjennom Eixample-området som var planlegt for dei fattige, men så vellykka at det har blitt middelklasse og oppover som bur der. Ein fin park, Parc de Cituadella med minne frå verdensutstillingar i 1888 og 1929, og mykje meir. Alt med interessante kommentarar. Det er mykje interessant i denne byen, spreidd over eit ganske stort område. Sykkel er flott! For det meste kunne vi ta oss fram på eigne sykkelvegar, i parkar eller i smale gater i gamlebyen. Litt i trafikkerte gater måtte vi tåle, men bilistane var hensynsfulle.


Temperaturen er mellom 20 og 25 grader, og regnet? Det kom i natt. Prisen for turen var 20 euro pr person. Og til lunsj var det paella med hummar. Luksus.


Andre firma som tilbyr sykling er: Barcelona CicloTour, eBike Tour and Rentals, Color Bikes og mange fleire. 

lørdag 5. oktober 2013

Bysykling i Barcelona

P
Haustferie i Barcelona. Byen er kjend for god tilrettelegging for sykling, sjå for eksempel kva denne bloggen fortel om det. Bysyklane er bare for fastbuande, det var ein avtale mellom byen og sykkelutleigarane, slik at dei ikkje skulle tapa på at byen fekk bysyklar.

Alt på flyet ned (KLM) begynte syklane å kome, på glasa vi fekk drikke i. Eit teikn på at sykling er i tida, eller var det eit symbol på Holland? Det var også tulipanar på glaset.




Vi planlegg å leige sykkel hos Green Bikes ut frå anbefaling hos Trip Advisor. Første dag skal vi ha 3,5 time bysykling med guide for å orientere oss. Turen skal gå forbi dei mest kjende turiststadane Plaza Sant Jaume, Plaza del Rei, Plaza Sant Felip Neri, Palau de la Musica, gamlebyen El Borne, Barcoloneta Beach, Parc de la Cituadella, Sagrada Familia m.m.

Ankomstdagen går med til å virre litt rundt i Ramblas og El Born området. Vi ser mange stader med sykkelutleige, og masse bysyklar. Det er også sykkelvegar, lysregulering for sykkel m.m.

lørdag 21. september 2013

God ide å sykle i Skåne?

E

Første gong i Lund i Skåne: Dette må vere ein sykkelby. Syklar på kryss og tvers i den gamle byen. At det er langt mellom syklar med gir, og at det for det meste er litt tunge rett-i-ryggen-syklar viser både at det er flatt og at det er transportsykling meir enn trening. Også lite hjelmar å sjå. Ingen sykkelbukser eller knallgule jakkar. 
Eg håper eg kjem tilbake igjen på sykkel. 
Denne gongen var det jobb og morgontur i den vakre gamlebyen og Botaniska Tredgården. Til fots.

søndag 25. august 2013

Egersund - Sandnes i 24 grader og medvind i august. Ca 90 km.

Temperatur over 20 grader i Norge sist i august må brukast til noko kjekt:sykling langs kysten. Vind frå søraust gjer at Nordsjørittruta er eit godt alternativ. 

Toget går frå Sandnes 17 min over kvar time, og det kosta oss 330 kroner for to syklar, ein pensjonist og ein vaksen. Ikkje så billig. Togturen tar litt over 50minutt, og kl 10.05 er vi i gang nordover langs den fine turvegen mellom Egersund og Helvik. 

Vi finn turvegen langs jernbanelinja ved å dra til høgre ut av jernbanestasjonen i Egersund,, gjennom rundkjøringa i retning Eigerøy, og inn på sykkelsti på venstre side av vegen. Kort tid etter møter vi skilting til den gamle jernbanen, inn på grusveg, og over den nye flotte brua som tar oss inn i eit fantastisk parkdrag med mange benker og flott natur til Helvik. Dels går turen på den gamle traseen, og er rett og fin, men plutseleg er det bratt opp eller ned, vi må over ein tunnel eller den "nye" Jærbanen.

Frå Helvik stasjon er Nordsjøvegen skilta opp Netlandsvegen, ein gardsveg som leier oss opp på riksveg 44, og ganske snart er vi på Hegrestad, der del 2 av turen tek til, Vestlandske hovudveg. Utsikta er spektakulær, sjå bileta. Det er framleis grus, og litt laus, så litt anstrengande å sykle, spesielt nedvover.

På Ogna er det igjen eit nytt landskap, sandstrand. Flott når det plutseleg opnar seg med hav og sand i kontrast til skogen vi kjem ut av. Mange familiar på badetur er å sjå, det er godt over 20 grader.
På Brusand går løypa bort frå Rv 44 og opp til Stokkelandsmarka, vidare til Vigrestad og Varhaug før vi igjen skal ned til rullesteinstranda ved Jærhavet. Veksling mellom grusveg ved havet og sykkelsti ved Rv 44 er fin, men endå finare er det å kome til lappar og kaffi på Hå gamle prestegard. Herleg for tørste og svoltne syklistar.

Nå begynner rumpene å bli trøtte, så turen over hengebrua etter prestegården, forbi Nærlandsparken, på vegen forbi Refsnes, Skeie, Vik, Orre (stopp ved den gamle kyrkja), Reve, Hodne, Bore, Voll, Vasshus, Skjæveland osv. blir meir ein motivasjonsprøve enn den koseturen det var i begynnelsen. nÅr var vi trøtte. Men godt fornøgde kom vi heim, omsider.