søndag 15. juni 2014

Rundtur i vinmarkene rundt Colmar 62 km


Desse blei med meg for å sykle og feire at eg hadde blitt seksti år: Liltle og Store ponny, Muskuløs og Muskuline, Sneglespisaren, Askeladden og fru Askeladd, Laktosefri og sjølvsagt Han der. Det er ein ganske variert gjeng, alder frå åtte til syttito, treningsgrunnlag frå sykling på ergometersykkel åtte minutt i veka til konkurransetrente cross-fittarar. Spennande!

Ruta første dag var 66 km og gjekk slik: Colmar - Houssen - Guémar - Ribeauvillé - Hunawihr - Riquewihr -Kientzheim - Sigolsheim - Ingersheim - Turckheim - Wintzenheim - Wettolsheim - Eguisheim - Colmar. Overgangen frå åtte minutt til åtte timar var ganske stor, sjølv om dei åtte timane hadde innlagd lunsj i Riquewihr og svært mange andre stopp.

Først sykla vi i flatt lende i by, mellom maisåkrar og i skog, så inn i vinmarkene ved Ribeauvillé. Sykkkelveien går på vegar brukt i arbeidet på vinmarkene og er så godt som utan trafikk, og avstanden mellom dei supersøte, blomstrande bindingsverklandsbyane er bar nokre få km. Ei kort tid er løypa kupert, men ho blir snart relativt flat igjen.


Til å vere åtte personar i feltet går det overraskande bra. Muskuløs og Muskuline tar nokre bakkespurtar, men ventar fint og gildt på toppane. Askelandden legg fint inn naturlege pausar for alle, han finn nøtter og andre frø, han finn det meste, utanom vegen. Dei andre legg seg fint inn i rekka og det er bare godord å høyre.

Utstyrt med fleire kartbøker, GPS og avstandsmålar på syklane skulle det vere greit å finne vegen. Første vanske var at hotellet låg nokre kilometer inne i løypa, så me måtte trekke frå km på avstandsmålet i kartboka. (Eller var det leggje til?). Neste vanske var at dei ulike syklane viste forskjellig avstand, dei var rett og slett ikkje nøyaktige nok. Tredjeg vanske var at GPSen nok viste kor vegen gjekk, men ikkje retningen, slik at me ved å følgja GPSen sykla tilbake ein gong etter to. Etter kvart sigla Muskuløs opp som ein god vegfinnar, han brukte sola, rutebeskrivelsen og følgde med på avstanden frå punkt til punkt. Det gjekk svært bra! Skulle tru at han hadde trening i å finne fram!

Hotel Beauséjour er eit ganske midt på treet hotell, litt utanom den gamle bykjernen, og reine, men ikkje spesielt flotte rom. Men dei tok igjen ved at dei ligg på sykkelstien ut/inn i Colmar, har svært godt kjøkken, fin hage, stille rom, og ikkje minst ein super service. Nå er det femte generasjon som driv hotellet.

Første kveld hadde Muskuline vinsmaking. Då fekk vi gratis låne eit lite konferanserom, glas og lov til å bruke vin Muskuline hadde kjøpt inn for dagen. Vi smaka på forskjellige druer frå Alsace:
Pinot Gris,
Riesling og
Gewürtztraminer.

Interessant.

Kvelden etter var det festmiddag med den eigentlege bursdagsfeiringa, femrettare på restaurant Keller på hotellet. Alle fekk svært god mat på tilpassa vin, både vegetarianarar og Laktosefri fekk rett mat.



onsdag 16. april 2014

Nordsjøruta i Skottland

Sjølv om vi er på ferie i Skottalnd utan sykkel, må vi feire det når vi treff på Nordsjøruta, North Sea Cycle Route. Det er påske, og vi har sett ruta, men ikkje ein syklist.

Vi bur i ein fantastisk fiskaridyll som heiter Catterline, sør for Stonehaven, som igjen er sør for Aberdeen. Huset vi leier, ligg i første rekke ut mot havet, oppå skrenten. Det same gjer fiskerestauranten/puben Creel Inn, som eg vil anbefale til alle som skulle kome til å sykle Nordsjøruta i Skottland. Dei serverer lunsj og middag, og restauranten ligg bare nokre få hundre meter frå ruta.

Nordsjøruta går her på småvegar, ganske nær kysten, men eit stykke går ruta også på ein større veg. Eg trur eg ville studert vanleg vindretning før eg valde om eg skulle sykle nord- eller sørover. Det er ikkje så mange skogar i Aberdeenshire, og lite ly.

mandag 31. mars 2014

Bysyklar i London

London by, sponsa av Barclay, har klart å få til eit svært godt bysykkelsystem. Det er mange syklar, tett med oppstillingsplassar, godt vedlikehald og ei svært god internettside med alle typar opplysningar, mellom anna kor mange syklar som er inne på kvar oppstillingsplass. Ein grunn til at det var mange syklar inne heile tida, var betalingssystemet slik at den første halvtimen var gratis, etterpå steig prisen ganske mykje kvar halvtime. - Sette du frå deg sykkelen, kunne du begynne på ny halvtime etter fem minutt. 

Pippi hadde vore i London før, og gjorde eit godt arbeid med å få med både Tommy, ho som ikkje er Annika og Prussiluskan med på tur den søndagen vi hadde i London etter ein dysleksikonferanse.



Pippi fekk oss raskt På Sporet frå marknad til marknad, de var jo søndag. Først til Camden-marknaden kor det blei litt handling, peruiansk og etiopisk mat frå buer og forfriskningar. I folkemengda var det herleg å sleppe å bry seg om syklane, det er tydeleg å sjå på Pippi og ho som ikkje er Annika at dei slett ikkje bekymrer seg for syklane --->

Etter Camden sykla vi eit heilt stykke til blomemarknaden i Shoreditch. Og før vi trykka oss inn i marknadsgata Columbia Road, var syklane parkerte.

Etter tredje sykkeluttak klarte Pippi  å finne vegen tilbake til hotellet sjølv om kartet hadde reist frå oss. Godt gjort. - Einaste typiske Pippihandling var då ho skar til høgre tvers over fire filer for å ta ein sving.

Så var det kritikken. Vi måtte sykla i gatene. Det beste London hadde å by på, var bussfiler, men der var jo dei irriterande bussane. Like før nokre lyskryss var det laga nokre rørande sykkelfiler, ca fem meter, og plass for syklistar framfor bilane i sjølve krysset. - Det skla vere sykkelmotorvegar i London, men ikkje der vi var.

Wikipedia har ei fin side om sykling i London.

søndag 2. mars 2014

2014 Knall og fall

Tidleg i januar pumpa eg opp den vesle Bromptonsykkelen, monterte ny, sterk lykt og rulla glad og nøgd nedover lia mot Sandnes stasjon. Første gong i sesongen, frisk luft, men ikkje vind, fire - fem grader. Godt!

Eg veit ikkje kva som hende, men plutseleg låg eg der. Med store smerter i venstresida som eg landa på, og endå verre smerter i høgre hånd. Det viste seg seinare at tommelen var ute av ledd, eit bein brekt og eit leddbånd var av.

Det gjekk litt tid før det kom folk, og eg fekk ringt han der som kom med bil og frakta meg først til Sandnes legevakt, derettet til SUS for røntgen. Det enda med gips, operasjon av leddbånd ei veke seinare, og sjukemelding i tre heile veker + ei med 40 prosent sjukemelding. Det tok mykje meir på enn eg hadde trudd. Nå, 2.mars, har eg begynt å trene opp handa att, men eg skal framleis vere forsiktig.

Sånn kan det gå! Men eg skal bli heilt bra att. Øvst er det bilete av hånda med såkalla skinne, stadiet etter gips og før opptrening.

lørdag 4. januar 2014

Sykkeltur nr 3 i 2014: Peloponnes med resten av familien

Middelhavet i haustferien? Ikkje dumt seier Lille rektor, Pilfinnar, Elkjøp og Hans kone, Dei foreslo Sardinia, men Sardinia viste seg å vere vanskeleg, både å kome til på ein rask måte, og å sykle på. Andre øyer blei vurdert, men til slutt fann Han der ein fin tur på Peloponnes hos Pedalo, og alle ville sykle der, og vere litt ekstra i Athen. Lille rektor og Pilfinnar har vore mykje i Athen, og skal også vere plassfinnarar der for oss.

Vi landar i Athen, blir henta og kjørt til Tripolis. Første dag er rundtur rundt Tripolis, 50 km, neste dag syklar vi til Paralion Astros, 60 km, derfrå til Nafplio, 45 km. Dag fire er det rundtur langs kysten og dag fem er det rundtur til Mykene og
siste dag er det rundtur til Epidauros.

Dette er fleire av dei mest kjende stadane i det klassiske Hellas, det antikke teateret til Argos, løvetårnet i Mykene og amfiteateret i Epidaurus. Me har vore fleire av desse stadane, men ser dei gjerne igjen. Amfiteateret i Epidauros har den mest fantastiske akustikken eg har høyrt. Frå eit punkt midt på scenen, kan ein høyre ganske låg stemme langt opp på benkeradene.

Alt dette skal vi oppleve om hausten, når det ikkje lenger er så varmt. 

Sommaren 2014: Paris - London

Det bli tur frå Paris til London i juli. Turen består av fire sykkeldagar i Frankrike, ferje over kanalen og to sykkeldagar i England, totalt mellom 300 og 370 km på to hjul. Turen skal store delar av tida gå på Avenue Verte, sykkelvei som dei prøvde å få ferdig til London-OL 2012, men som ikkje er heilt ferdig ennå.

Vi syklar ut frå Paris langs Seinen, gjennom Eptedalen, kor Monet måla vannliljene sine, inn i Epte-dalen kor mange av impresjonistane, m.a. Cezanne og van Gogh, henta inspirasjon til maleria sine. Vidare på nedlagde jernbanestrekk, småvegar og parkar gjennom Normandie til havnebyen Dieppe. Derfrå går ferja til Newhaven, kor vi syklar langs dei kvite klippene til Brighton, så inn i Sussex til London på sykkelstiar og gjennom parkar.


Sykkelmotorveg kan kome!

Stavanger Aftenblad har i dag eit stort oppslag om sykkelmotorvegen som nå blir planlagd mellom Sandnes og Stavanger. Overskrifta er 800 millionar for fem minutt, Dei framstiller det slik fordi ein syklist frå Stavanger til Forus kjem fem minutt fortare fram med ein slik veg i staden for slik han syklar i dag. Dei gløymer betra sikkerheit for syklistane, færre bilar på vegane og mindre behov for vegar og helsegevinst for syklistar. Eg synest motorvegen ser bra ut, men er ikkje sikker på om han kjem så raskt at eg kan bruke han til og frå jobb før eg blir pensjonist.

Film om dette, og reportasje, med ganske mange dumme kommentarar under, akkurat det Aftenbladet legg opp til med overskrifta. Dei bit på!