søndag 27. september 2015

Avignon - Arles 55 km

Her har vore mykje vatn i dag og i går. 1,5 liter Pellegrino gjekk lett ned etter klatring opp Alpillene til Les Baux.

Då me kom til Avignon i går, hadde det vore så mykje regn at fleire vegar var stengde. For oss betydde det bare at me måtte vente lenge på taxi, for andre var dette ekstremveret mykje meir alvorleg, det er meldt om 16 omkomne i Sør-Frankrike etter regnet. Utover det å vente ekstra lenge på taxi, merka me etterdønningane på veg ut av Avignon, oversvømde vegar også dagen etter:

Vatn har vore eit tema heilt sidan romartida i Provence. Ein nokså bortgøymd attraksjon er den doble viadukten som går inn i Arles. Flotte viaduktruinar som munna ut i ei kornmølle ei lita mil før Arles:
Romarane var store byggjarar, dei bygde byar der dei slo seg ned, byar etter langt på veg same modell, med bad, hus, amfiteater og rette gater. I Arles mykje bevart, viadukten er lang, det er teater og amfiteater, men byplanen i sentrum er tett og kronglete, sikkert frå mellomalderen.

Vår nye operatør, France Bike, hadde  denne gongen skaffa oss eit hotell som ligg midt i gamlebyen, Hotel Amphiteatre fantastisk bra. Under littt frå byen med amfiteateret til høgre og Han der, Pilfinnar og Lille Rektor på kafe til venstre. Helsar Rigmor!
Halvpensjon har så langt vore ein gedigen suksess, og kveldens timianrestaurant (Le Brin du Thyme) var strålande med sitt provencalske kjøkken. Hu der fekk tak i dei små skjella som Han der og Hu der hugsa frå sist tur i Provence. Eit fint minne. Og ikkje ringt å eta denne gongen heller, sjølv om det tar si tid.
Ei anna stor oppleving denne dagen  var å vere inne i fjellet i Les Baux, kor dei har tatt ut bauxitt og på den måten laga store grotter. I desse grottene har dei nå laga fantastiske lysshow med musikk til. Magisk er ordet, her flaksa Rafaels kjerubar rundt på veggene den eine stunda, medan Michelangelos kunst dukka opp på vegger, tak og golv like etter, alt medan det blei spela musikk som passa til kunsten. 



Sykkel som framkomstmiddel

Tre år etter kjem Lesesenteret tilbake til Metochi på Lesbos for å arbeide og skrive. Studiesenteret Metochi er drive av Universitetet i Agder, men er opprinneleg ein del av klosteret Limonos. Studiesenteret ligg ca 3 km frå "byen" Kalloni, og 4 km frå stranda Skala Kalloni, ganske øde med grusvegar i kryss og tvers. Bussen kan køyre nesten fram, men tåler ikkje å møte ein bil. Vegen fram til Metochi er skilta med "håndskrivne" skilt, sjå under. Det er fint med skilt, for det er fleire stader mogleg å ta feil veg. Å leie syklar kosta 30 euro  veka.

I siestaen midt på dagen sykla dei fleste ein tur til Kalloni eller til Skala eller begge delar. Fint å bade i lagunen, langgrunt og lunka vatn. Sykkel var det beste alternativet for denne turen. Ein dag prøvde eg meg på ei anna rute, men snudde nokså fort, flat grusveg utan eit tre som skygga, det blei for varmt. Lesbos er ganske stor, og det er lite trafikk på vegane (også dei asfalterte), så ein sykkeltur rundt øya er mogleg. Men kanskje ikkje så kjekt å suse forbi flyktningar som traskar langs vegen.


Denne gongen hadde vi fylt opp koffertane våre med saker og ting til flyktningane som reiser over øya, frå Tyrkia til Europa. Eg hadde med to soveposar og klede som blei gitt til Agkalia, ein organisasjon som organiserer flyktingehjelpen i Kalloni, som er ein stad på vegen for dei som kjem i land nord på øya, og skal vidare til Mytilini for å ta båten til Aten.

Bilete frå klosteret Limonos.



søndag 30. august 2015

Langs hav og vatn på nordlegaste Nord-Jæren 35,9 km


Fin-fin søndag i august, med vind frå sør med nye opplevingar! Vi trudde vi hadde prøvd det meste av sykkelvegar i området, men vi fann fleire stader vi ikkje hadde vore, og dei var veldig fine. Denne ruta kan svært gjerne passe som ei sløyfe i ein "Sternfahrt" rundt Stavanger eller Sandnes som eg fantaserer om å lage (dersom ein sykkelbutikk hengjer seg på.)

Vi tok syklane på bilen og kjørde så langt nord det er mogleg å kome på Jæren, til Tungenes, for å få medvind på slutten av turen. Antakelsane om at vinden er lettast på "innsida", på austsida mot Byfjorden viste seg å vere rette. Vi fekk ein fin tur. 


Frå Tungenes går det bare ein veg, men før Randabergfjellet tok vi av til venstre i retning Mekjarvik. Vi finn gardsvegen som til slutt blir ein liten sti før han kjem ut på ferjeleiet som nå bare har ferjer til Kvitsøy. Denne vegen var tidlegare ein del av Nordsjøruta, og grei å finne, nå var nokre av skilta borte. - Frå Mekjarvik og sørover er det flott sykkelveg langs bilvegen. Nesten for flott nå som det er få syklistar som skal denne vegen. Den fungerer ikkje som North Sea Route når det har blitt ein blindveg i staden for å føre til Karmøy. Dei undersjøiske tunnelane i Rennfast har øydelagt denne delen av Nordsjøruta, synd! Eg veit ikkje om det er alternativ busstransport gjennom tunnelane, eg håper det, men det blir likevel ikkje det same som ei ferje.


Når vi så hadde kryssa E39 (under) sykla vi gjennom byggefelt og søkte raskt ned mot sjøen, og vi fann, vi fann: Ein grusa gangveg som gjekk langs Byfjorden mellom bebyggelsen og sjøen heilt frå Grødem til Dusavik. - Over svaberga og gjennom litt skog som beskytta oss mot vinden. Den visste vi ikkje om, tidlegare har vi sykla lenger inne i gatene.

 Ved Dusavik tok vi inn, for så å finne ein liten snutt ned mot sjøen igjen. Men det blei veldig mykje opp og ned så sjønært, så det blei grei etterkvart å bruke gatene. Forbi Vardeneset kyrkje, skiltig Byfjordruta, deretter snudde vi vestover og følgde skilta Kampen og Eiganes. Fine bygater som på Stokka gjekk over til villastrøk, sykkelskilta veg gjennom Edvard Griegs gate, over E39 på bru og vidare mot Stokkavatnet, også ei ny, fin erfaring. Hadde matpakke og kaffe ved Lille Stokkavann, sykla deretter på nordsida av Store Stokkavann (mange folk) til Hålandsvatnet (ikkje fullt så mange folk) og langs det på nordsida til Viste Hageby.


Der fann vi skilting av Tungenes-ruta som går heilt ute mot havet, forbi Vistehola og Viste Strand Hotell (Mogleg is og kaffepause der). Vi møtte også medvinden på dette strekket, og ute mot havet var vinden mykje sterkare enn "inne i landet" på den andre sida. Herleg avslutning på turen tilbake til Tungenes, forbi åkrar med salat, kål, poteter, persille og gras. Alt friskt og grønt i år.


Så sjølv om denne turen gjekk gjennom tettbygde strok, var det mest natur heile vegen. Og trygge vegar.


fredag 17. juli 2015

Grado- Trieste 68 km

Kviledagen i Grado var veldig god etter to harde og varme sykkeldagar på dei norditalienske sletter. Det var framleis ganske varmt, så dagen blei brukt til spasertur i gamlebyen, sykkeltur halvøya rundt på ca 10 km, god skalldyrlunsj, lang siesta på rom med temperaturkontroll, ettermiddagsbad i det varmaste sjøvatnet eg har kjent og middag på hotellet.
God oppladning til siste sykkeldag som blei ganske variert og litt dramatisk.
Det starta bra med asfaltert sykkelveg mellom hekkar med eksotiske blomar.

Deretter gjennom våtmark, oppå dike ut mot lagunen og deretter inn over eit område som nok er drenert ein gong og delt opp i kvadratiske stykke som er selde til bønder. Svært regelmessig busetnad, har sett noko liknande i Nederland. Og like flatt som i Nederland.


Ved Monfalcone hadde Hu der eit lite fall som resulterte i eit skrubbsår. Godt assistert av Marion og Peter, blei såret vaska og steril kompress kjøpt inn. Det gjekk heilt bra. verre var det med Han der som nok har belasta "den gode" hofta i meste laget, slik at ho nå sviktar når han står på henne.

Etter Monfalcone var det slutt på god sykkelveg. Ruta gjekk for det meste på trafikkert veg, også med 80-grense. Sist gong me sykla inn i Trieste, minnest eg ein flott strandpromenade. Nå var det fredag og supert ver, og strandpromenaden var fullpakka av solbadarar og badarar, så syklinga måtte skje i vegen eller på ein nokså potlete sykkelveg. Opp og ned av fortau, mellom feilparkerte bilar... Ganske vanskeleg for Han der som nesten ikkje kunne stå på det eine beinet. Og framleis ganske varmt.

Herleg var det då å sjå av vi skulle bu på Hotel Savoia, det finaste hotellet i byen, midt å sentrum. Syklane blei tatt vare på, koffertane brakt opp på rommet, og så herleg bad i kjempeflott baderom.

Så oppsummert:
 To veker har vore flott, og svært variert på alle måtar. Korte og lange strekk, klatring i Alpene, grøne enger, italienske småbyar og større byar, bading og turisme ved Adriaterhavet, og stor variasjon når det gjeld hotel. For Alpe-Adria radweg var sykkeltraseen svært god. Ekstradagen frå Grado til Trieste var fantastisk første halvdel ig stressande andre halvdel.
Ganske mange sykla same trase i del to, og vi blir meir og mindre kjent med kvarandre. Her dei vi blei mest kjent med, Marion og Peter. Arkitekt og historikar, kjekke og interessante.
Å kome frå Trieste til Sandnes er ikkje heilt enkelt. Løysningane me sjølv fann, tok fort meir enn 30 timar, både om Ljubljana, Klagenfurt, Venezia, Milano og Roma. Vi tok taxi! Det vil seie at arrangørane av heile turen tilbaud transpoert først frå Trieste til Villach, deretter frå Villach til Salzburg. - det siste strekket kunne vi godt ha gjort med tog, men veldig greit å bli plukka opp av bilar som var bestilt på forhånd. Det tok fem timar å kjøre det strekket me hade brukt to veler på! 

torsdag 16. juli 2015

Udine - Grado 57 km


Utrusta med mange liter vatn starta me tidleg frå Udine,

Det var lettare å finne vegen denne dagen, det var flatt og til tider strålande flotte sykkelvegar. Utfordringa var varmen. På det varmaste 37 grader, og det beste me kunne gjere var å sykle, då var det litt bris. Derfor fekk me ikkje studert forsvarsverka i den stjerneforma byen Palmanova, eller utgravingane eller tårnet i Aqueleia. Her er vi på varm kafe på torget i Palmanova med tyske venner frå Berlin og Solingen.


Det beste var å kome fram til Hotel Diana i Grado. Me sovna straks og sov over ein time. det var godt.

Grado sett fra fly. Mellom fastlandet og Grado er det ein 4,5 km lang veg med eigen sykkelsti på ei fylling. Og før det, lange stekk med tilnærma sykkelmotorveg. Også flott. 

Landskapet lenger inne var jordbrukslandskap. Mykje mais, frukt, erter, solsikker var å sjå, og vinmarker. Ein bonde fortalde at det han dyrka av druer var merlot, pinot grigio og sauvignon blanc. Ikkje noko italiensk tull!




Grado ser ut til å vere ein turiststad for folk i alle aldrar. Heile halvøya er full av hotell, stranda er fullpakka, og det ser fint ut. I morgon er det lagt inn kviledag. Det kan vere godt i varmen.

Alpe-Adria radweg stoppar i Grado, sjølv om me skal vidare til Trieste om to dagar. Heile turen er absolutt å anbefale. Heile turen er 410 km, og med start i ein by i østerrike, passering av alpepass og avslutning på ei strand i Italia, kan det seiast at det er ein svært variert tur. Store delar av traseen er svært god, merkinga og kartunderlaget supert, og folk og land gjestfritt, både i Østerrike og i Italia. 

Turen er beskriven i Bikeline si bok Alpe Adria Radweg. 

onsdag 15. juli 2015

Moggio - Udine 82 km

I reisebeskrivelsen er dette strekket sett opp med 55 -60 km, alt etter velde trasear. Då me kom fram til Hotel Principe i Udine, viste min sykkelcomputer 82,3. Det var også 30 grader, så det var ei påkjenning, men godt å kjenne at dei gamle skrottane ennå klarer slikt, og godt nøgd at me tok det så med ro at me ikkje var peste.

Ein veldig variert dag. Først var det siste del av alpene. Nedre del av Vale Canale er nokså smal, og elveløpet tar nokre stader heile breidda av dalen. Det var lite vatn i elva nå, så det ser jo litt dumt ut at det er lange, mektige bruer over ei og anna fisle-elv, men det er nok ein grunn. 
Underlaget for sykkel varierte, asfalt og grus,for det meste ganske godt, og sjelden med trafikk.
I Venzone var me plutseleg ute av alpene og komne til Italia. Det var marknadsdag og pynta med lavendel og lilla.
Landskapet utvida seg, og var kupert og flatt heilt fram til Udine. Det var her utfordringane kom. Nå var det fleire alternayiv å sykle, ikkje bare ei elv å følgje. Det var opp til tre merka val, og her gjorde me val som gjorde turen ganske mykje lengre enn minimum. Det første valet var gjennomtenkt og gjekk gjennom ein fin skog, eit naturreservat. Dei andre to ekstrarundane var fordi me tok feil. Problemet blei mat og ikkje minst drikke. Me begynte å sleppe opp for vatn. På kartet sto det avmerka mange interessante stader, San Stefano, Avilla, Treppo Grande, Cacelle, Carvacco og me kom til desse stadane, ofte opp ein varm bakke. Kyrkjetårnet var å sjå på lang lei. Men kafe eller butikk? Nei! Klokka var 12.30, ho var 13, ho var 13.30. Og kva gjer italienarane på landsbygda då? Då stenger dei alle skodder, alle portar og alle dører og held seg inne. Ikkje eit menneske me kunne spørje om vatn. Til slutt sykla me inn i ein større stad, Tricecino, utanfor løypa, tre km ekstra, for å få kjøpt noko, og lykka var stor då den fjerde staden me prøvde var åpen. Me fekk kjøpt både vatn og sandwich på kafeen på torget der. 

Me sykla på godt merka vegar inn i Udine, men ut over det blei det lite me fekk sjå av byen.  Men god mat blei det, og tilfeldigvis kom våre tyske venner Marion og Peter på same restaurant. Igjen ein kjekk kveld.

mandag 13. juli 2015

Tarvisio - Moggio 53,5 km


Den beste sykkeletappe "ever". Eventyr over alle eventyr. Fem mil slakt nedover på sykkelveg utan bilar! Korleis er det mulig? Svar:
Først byggjer Østerrike - Ungarn ein fantastisk jernbane nedover den tronge Vale Canale på 1800-talet (1875-1879). På denne tida er dobbelmonarkiet så stort at det går ned til Trieste, og Trieste er demed havneby for Østerrike. Klart det må jernbane til. Men sÅ finn italienarane ein gong på 1900-talet ut at denne jernbanen ikkje held mål, og byggjer ny jernbane ( og vegar, og autostrada) slik at dei kan lage sykkelveg for folk på den nedlagde. (Eller var det ikkje det som var grunnen?) Heilt nedlagd var banen i 1995. Deretter avtalar dei med østerrikarar å lage ein samanhengande sykkelveg frå Salzburg til Grado ved Adriaterhavet, og går i gang. Kven kan ha finansiert dette? EU? I så fall god bruk av EU-midlar.

Sykkelvegen er nå nesten ferdig på dette strekket. På eit par strekk har ordføraren ikkje ennå klipt snora, men eit par andre, som sto som uferdige på kartet, var tatt i bruk. Igjen fekk me som syklistar glede av at tog går minst mogleg opp og ned, og minst mogleg i sving. Derfor ca 24 tunnellar og bruer i fleng. Til tider var me veldig høgt over dalen. Eit par gonger måtte me ut av det gamle sporet. Skal sei det gjekk opp og ned då, til og med ei trapp måtte til. Strava viste 922 høydemeter nedover. Vi passerte toppen i dag ved Camporosso på 820 meter, Moggio Udine er på ca 290 moh. Både vegetasjon og klima har endra seg i løpet av dagen. 

Ny regnjakke tatt i bruk - det regna i ti minutt, og jakken var god å ha!

Dalen i seg sjølv er smal og lite bebudd. Ein gong i tida må dette området ha vore ganske aude. Nå dominerer vegar og jernbane, men her og der er det koselege landsbyar, litt jordbruk, litt vedhogst, ein del fint tilpassa turisme, og så har det vore bergvekdrift. Fan med den gode sykkelvegen er at ein susar forbi alt som er å sjå på, ein må bestemme seg for å svinge innom.

2 km på veg på slutten inn til Moggio var "lakk i skrapa", men å kome fram til idylliske 
Hotel Locanda San Gallo med fire rom, var som "kremen på kransekaka".