onsdag 26. september 2012

Jerntepperuta eller Iron Curtain Trail


Fantastisk og til å drøyme om: Langs den 8000 km lange grensa mellom tidlegare Aust- og Vest-Europa, er det i ferd med å vekse fram eit gigantisk nettverk av sykkelvegar og grøne friområde. Frå Grense Jakobselv i nord, til Svartehavet (Bulgaria/ Tyrkia) i søraust var det under den kalde krigen ei stengd grense som mange stader var ganske brei. Dei fleste landa som ligg inntil grensa har slutta seg til arbeidet med å utvikle sykkelveg og å skape eit grønt naturbelte med friområde og naturreservat. I og med at områda langs grensa har vore uutnytta så lenge, har utrydningstrua artar overlevd der.

Den tyske EU-politikaren Michael Cramner er ein av dei som har stått på fot å sikre ruta, og ein av støttespelarane er Green Cross, starta av Mikhail Gorbatsjov. Planen er at ruta skal vere ferdig i 2020, men ein god del er alt gjort. Eg legg merke til at sommarens tur frå Lübeck til Stralsund er med i ruta, eg har alt sykla litt av strekket! Sjå under etiketten Østersjøen.


Offisiell side for Iron Curtain Trail. Eit mektig fredsmonument og ei påminning om kor mykje ressursar det blir sløst på å oppretthalde grenser.

fredag 21. september 2012

Sykkel som framkomstmiddel på ei gresk øy

Sykkel er eit flott framkomstmiddel når du oppheld deg på eit gresk kloster litt utanfor alfarveg, men likevel vil litt rundt. Når klosteret i tillegg ligg på ei øy, er det lite biltrafikk og ingen store vegar.

Syklinga er såkalla transportsykling: Rett-i -ryggen-sykkel med  bredt sete, gode dekk og korg på bagasjebrettet. Dei som hadde hjelm, slutta fort med det. Så om morgonen og i siestaen
er det ut på sykkel, mest på grus til stranda - Skala - eller til næraste landsby - Kaloni.

Optimal dag på jobben:
Kanskje ein liten sykkel- eller spasertur før frokost
Frokost
Jobbe fra 9 til 13 i skuggen
Lunsj
Siesta: Sykle til stranden. Bade, sole seg. Sykle vidare til kafe for refreshment. Sykle tilbake til klosteret.
Tilbake for jobbing frå 17 - 19.
Middag
Kjekke presentasjonar

Kristine og Hildegunn på grus ut frå klosteret, over. Til venstre syklar Jostein og eg frå Kaloni til Skala Kaloni (stranda).








Dette er Lesesenteret, Universitetet i Stavanger, på Metochi, Lesbos. 28 grader i september.
Det blir jobba. He me det ikkje godt?

søndag 9. september 2012

Ti vegar til grøn lykke.


Bladet Folkevett skriv om grøn lykke, i kontrast til OECD sine lykkemål, som mykje baserer seg på økonomisk velstand. Dei ti overskriftene er:
  1. Naturopplevingar gir velvere.
  2. Ta vare på dei gode, små augneblinkane.
  3. Lykkeleg med trening.
  4. Prioriter pengar lågt.
  5. Ver altrustisk, gi bort pengar, ting og eiga tid.
  6. Smil meir enn du føler for.
  7. La grøda gro. (Jobbe med jord utan hanskar auker nivået av serotonin).
  8. Bli oppslukt, ha flyt.
  9. Vær takknemleg.
  10. Ha meiningsfulle mål i livet.
Så å sykle smilande gjennom naturen på ein billig sykkel på veg for å besøke ein gammal far, men ha tid til å stoppe opp og sjå på blomane langs vegen og vere takknemlig for både blomane og helsa, og nyte naturen slik at ein gløymer tida, då er det ikkje mykje som manglar! Dersom ein då kan kome heim og hauste sjølvdyrka mat i tillegg....




Endelig på hjul igjen. På anleggsvegar i Sirdal





Kneskade har hindra sykling lenge, men nå ser det betre ut, og i helga prøvde eg forsiktig sykling på anleggsvegar i Sirdal.


1. Frå Haugen opp Hønedalen til vegen slutta, ca.13 km innover. Ein del stigning i starten, deretter innover i småkupert terreng. Heile tida på asfalt, vegen var stengd med bom, så freden var der, og fjellfølelsen. Eit herleg, bilfritt tilbod. Litt regn og vind, men fint.

2. Frå Kvæven til Deg. Ca. 3 km, men kan forlengast med å sykle i sjølve Sirdalen.  Degdammen er stor og imponerande, fantastisk! Mye ein kan oppleve med sykkel. Grusveg, men fin å sykle. Turen vår var fra hytta og blei 11 km. Og kneet held!!!


mandag 9. juli 2012

Østersjøen: Barth - Stralsund 52 km Dikesykling og lite folk

Dagens bakke, med vindmøller
Distansen føles som ein leik, trass i vind frå alle kantar. Det er igjen flatt, vel, det var ein bakke, men mykje dikesykling og litt i skog. Landsbyane var små og sjeldne, men søte. Ein bør ha med seg litt reserveproviant og nok vatn, det var lite å få kjøpt. Med eitt unntak: I Hohendorf kom vi over ein eiendommeleg serveringsstad, i annekset til eit slott frå 1800-talet. Det virka tomt, men far i huset varsla servitrisa, som kom styrtande. Kakene som vi kjøpte fordi ho var så ivrig, var fine og gode, og kaffien heilt ok. Men ingenting rundt var heilt i stand, plenen uklipt, rosebedet ruskete, og sjølve slottet var avstengt og ikkje stelt.
På kafe i Hohendorf slott
Nær historie, plate på hus i bruk. 

Slik hadde eg eigentleg trudd eg skulle sett meir av i gamle DDR. I byane finn vi ruskete hus, tomme tomter og renoveringsobjekt. Før 1989 var det 80000 innbyggjarar i Stralsund, nå er det 67000. Så det er ein del tome hus og ubrukte tomter, sjølv midt i byen. Men mykje er bygd opp i gammal stil, mykje er friska opp med maling, og dei lange blokkene har fått fargerike verandaer. EU-middel er brukt til oppussinga, seiest det. Det må ha vore ganske store middel. I Stralsund er ei side i ei av hovudgatene i ferd med å bli bygd opp på nytt, det blir flott. Eit kvartal er også på UNESCO si verdsarvliste. Hotellet: Arcona Hotel Baltic
Like i nærheten av hotellet går vi forbi eit bygg med ei minneplate for Karl den 12., svenskekongen som invaderte staden på 1700-talet. På andre sida av vegen er det minneplate over alle dei som døydde under tortur i bygningen, under Stazi. Byen har hatt ein mangfoldig historie. 



Oppsummering heile turen, Ostseeradweg 2: Løype på sykkelsti eller sykkelveg nesten heile turen - kjempebra. Kart og beskrivelse heilt topp. Fine og varierte hotell, og ekstremt god mat i forhold til kostnad. Lettsykla, interessante byar, søte landsbyar og interessant natur. Stork og ørn m.m. Diker, innlandshav og sandstrender. Mykje å sjå.

Trekk for eit par vel korte etappar og skiftande ver. Turen er ein sommartur, sjølv om veret i Østersjøområdet er varmare enn i Noreg. Total: Vil gjerne sykle fleire strekk langs Østersjøen, både i Tyskland, Polen og Danmark.

Gruppetur med åtte var ei ny oppleving. Det som gjeld med to og fire, gjeld endå sterkare med med åtte:

  • Halde lågt tempo slik at turen blir behageleg for alle, og alle makter å sykle heile dagen (Hu der passar på når mennene tar ut).
  • Zusammenbetaling ved fellesmåltider med blokk. Med blokk vil seie at regnskapsfører fører det den enkelte eller som her det enkelte par betaler på ei notatblokk, og så utjevnes det til slutt. Enten i euro og kroner, eller i oppvaskkostar, vinflasker og kaffemaskinar. 
  • Den siste regelen, ingen sutring, kom ikkje til virksomhet denne turen. Det virka som at ingen hadde legning for å klage, og det var lite å klage på. 
Nye lure ting når gruppa er stor: 
  • Vise tegn ved stopp, det lærte vi etter eit par bråstoppar med nestenulykker. 
  • La det vere mulig å passere for andre ved stopp, sjølv små stoppar. 
  • Parkere samla og ryddig. Tyskarane sjølv er flinke til å bruke sykkelstativ. Ordnung muss sein. 





søndag 8. juli 2012

Østersjøen: Dierhagen - Barth 57 km

Fischland frå lufta.
Når vi kjøper ferdigtur, må vi ta turen slik han er lagt opp. Vi har hatt eit par veldig korte etappar, men nå kom det endeleg ein skikkelig distanse igjen.

Dagen kom med fint ver, opp mot 25 grader, og det var ein veldig interessant tur. Også denne dagen var det lange strekk, men med mange flotte og koselege landsbyar og byar innimellom.


Først gjekk turen over Fischland, ei smal landtunge mellom Østersjøen og bodden, som er ei form for fjord. Vi sykla høgt på diket som er bygd for å beskytte landet innanfor, med stranda og havet til venstre, med såkalla steilstrand, brattheng med sand. Til høgre hadde vi ofte idylliske hus med stråtak, både fastbuande og FeWo Ferienwohnungen. På stranda var det mye folk, det var søndag med godt ver.


Vi veksla mellom dei to sidene av landtunga, Wustrow, Ahrenshoop, Prerow og Zingst var badebyar ved Østersjøen, og Born, Wieck og Barth som låg ved fjordane (bodden). Det var påtakeleg forskjell på temperaturen mellom dei to sidene av landtunga, sjø betyr friskare luft, sjølv når det er snakk om Østersjøen. 

Andre lange strekk var gjennom myrland med strå ved bodden, og tredje lange strekk gjennom løvskog. 
Pølsebua røykte fisk sjølv.

Vi hadde tenkt å ha picnic, men det blei Imbiss-lunsj med fisk på havna i Born. (Imbiss er ei avansert pølsebu, her røykte dei fisk sjølv).  Vidare gjennom skog og mark, heilt flatt, over ei bru over åpningen mot havet og inn til Barth langs ein nedlagd jernbane. 

Barth var like livlig som Vigrestad ein mandagskveld, men hotellet var bra. Hotel Speicher Barth, eit ombygd (1995 - 1997) pakkhus  på kaien. Veldig fint ombygd, med hotellrom i to etasjar, og gjennomgåande rom i andre etasje, slik at alle får havutsikt. Svært god restaurant, og hyggelig kelner. Om kvelden blei det torever og kraftig nedbør, men det gjekk fort over.

lørdag 7. juli 2012

Østersjøen: Warnemünde - Dierhagen 30 km langs Østersjøstrender


Nytt hus får stråtak

Frå huset på landet, gjennom Warnemunde by kor dei opna Warnemundeveka, under jernbanen (ned og opp trapper), med ferje over til Hohe Dune, det blei ein svært variert start på denne etappen. Deretter kom det lange strekk: Først på sykkelsti langs militæranlegg (tenkte vi DDR?), på grusvegar i lauvskog, på dike langs stranden, og til slutt gjennom ulike ferieanlegg. Noen svært enkle, sikert frå DDR - tida, noen svært fine, bygd i gammal stil med stråtak.

Stråtaka ser ut til å vere karakteristiske for Mecklenburg. Også nye hus får slike tak, og dei held i 40 år, i følgje ein takleggar vi spurde. Sidan det er så mange hus med stråtak, må det vere konkurransedyktig, og ikkje bare noko for turistane. Råvarer, strå, er det i alle fall nok av i området.



Buntar med strå til tak.
Godt å studere hus, utsikt er det mindre av, når tåka ligg tung, som ho gjorde denne dagen. Men det var meldt store nedbørsmengder som ikkje kom, så vi var ganske nøgde likevel!

Veret i Nord - Tyskland i juli: Ganske mildt, ca. 20 grader, vekslande ver med sol og regn. Kan blåse, men varierer. Ingen solgaranti, tydeligvis, men behagelig sykkelver. 

God spiseplass i Dierhagen Dorf: Restaurant Schipperhus, Strandstrasse 6 (Også frå Trip Advisor, sjåøvste bilde). Kjempegod fisk. Dei fleste hotella ligg på stranden, men dette altså der fastbuande heldt til, i landsbyen i motsatt retning. 

Hotellet vårt, Ostseehotel Dierhagen var spesielt. Kjempestor hall, breie gangar, store bad (tilrettelagt for rullestol), i det heile tatt stort, kaldt og firkanta. Her var det mykje DDR igjen, sjølv om ein hadde prøvd å mjuke opp. - Men greit å bu der, ingenting å klage på.