søndag 3. mars 2013

Nye sykkelvegar på Forus og Sola




Målet var å sykle på den flotte sykkelvegen langs Solastrand, nesten ute i havet, og det var like flott som tenkt. Sjå bilete.

Men for å kome dit, tok vi vegen over Forus, Skadberg og Åsen, som var ei openbaring av nye sykkelbruer og vegar. Først såg vi den uferdige kollektiv-/sykkelbrua over motorvegen ved Statoil, deretter nyasfaltert sykkelveg vestover frå brua i retning Sola sentrum, og jamen så dukka det opp ei luftig sykkelbru mellom industriområdet og bustadområdet på Skadberg, bilete to.

Den neste positive overraskinga var brua over den nye nye vegen Solasplitten, som gjer det ganske trygt å kome seg på sykkel frå indre strok av Sola til flyplass- og strandområdet.

Skulle gjerne finne eit oppdatert kart over sykkelvegnettet på Forus. Det er mykje bra som skjer, håper dei snart blir ferdige med alt vegarbeidet.

Kvilepause ved Sola ruinkyrkje, så det flotte strekket langs stranda, men så var det slutt på herlegheita. Sykkelstiens missing link ved Sola golfbane til Rv 509. Resten til Sandnes var igjen OK.

Runden var 32 km. Herleg vårver.

Ruta fins her på Runkeeper - Rundt flyplassen


fredag 28. desember 2012

Hadrians sykkelveg sommaren 2013

Fottur 2004 Hadrianmuren ved Haltwhistle
Ganske flott!
Plan for sommaren 2013 er å sykle Hadrians sykkelveg i Nordengland frå Ravenglass på vestsida tvers over England til Tynemouth, nasjonal sykkelrute 72. Denne ruta er nokså lett, flatare enn den kuperte Coast-to-coast me sykla i 2010. Då kan me kanskje få med Siri (då 7 år), Ranveig og Arvind, som bur i Ovingham like før Newcastle på slutten av ruta.

Sykkelruta er:  Ravenglass - Whitehaven - Silloth - Carlisle - Haltwhistle - Corbridge - Tynemouth. Her er Sustrans si nettside med siste oppdateringar, for eksempel med flaumvarsel når det er aktuelt.

Hadrians sykkelveg har namnet etter Hadrian's wall, eller Hadrianmuren, som var den sørlegaste av to forsvarsmurar mot Skottland som Romerriket hadde på dei britiske øyane. Antonine Wall på 60 km var bygd lengre nord, men han er mindre kjend fordi det er lite å sjå av han i dag.


Hadrianmuren blei bygd frå år 122 og utetter. Det var ei av dei sterkast forsvarte grensene i Romarriket, men i alle portane gjekk det også føre seg handel, toll- og skatteinnkreving. Mykje av muren er bevart, mykje takka vere John Clayton frå Newcastle som på 1800-talet kjøpte opp delar av muren og restaurerte. Muren er på UNESCO si verdsarvliste og ein av dei største turistattraksjonane i Nordengland, og det er vanleg med fottur langs muren.



søndag 25. november 2012

Igjen lagar dei syklar på Ganddal.



I oppveksten min på 1960-talet var det bare ein type syklar som var aktuelle, DBS. Syklane var laga på Sandnes på Øglænds sykkelfabrikk, seinare på Kvål. Kortreist, lokalt og eit eksempel på lokalt initiativ. Nokre modellar her også. Men tidene skifta, Øglændarvingane selde aksjane sine til eit svensk firma, Monark i 1989, og sykkelfabrikken blei etter kvart lagd ned. Det var for dyrt med norsk arbeidskraft i konkurranse med Austen. Men ennå fins salsapparatet til DBS, Cycleeurope i Sandnes.

Men nå blir det likevel laga syklar på Kvål, der den siste DBS-fabrikken låg. Ådne Orstad har laga ei bedrift som set saman syklar ved hjelp av ferdige delar, Sykkellaboratoriet. Det spesielle er at kvar sykkel er unik, spesialtilpassa kroppen til kjøparen. - Det morosam er at Øglænds sykkelfabrikk starta på same måten i 1892, med å setje saman sykkeldelar dei fekk frå Tyskland (Hengstberg) og USA (The World), før sykkelfabrikken i Langgata i Sandnes blei opna i 1906. - Men Øglænd sine syklar var neppe spesialtilpassa kjøparen!

Rundtur Lura - Stavanger - Madla - Forus - Lura nesten bare på sykkelsti

Utsikt over Gandsfjorden mot aust
Laurdag 24. november kl. 12.15 - 16.15 var det opphaldsver med solgløtt, 8 - 9 grader og nesten vindstille. Sykkelen hadde stått i ro i garasjen lenge, batteriet på lykta og sykkelcomputaren var utlada, men kva gjorde vel det? Ut på tur før regnet kjem igjen! TUR! Ikkje transport til jobb eller treningsrunde.

Vi fann ein flott runde på ca 40 km, nesten alt på sykkelsti, eigen sykkelveg eller i lite trafikkerte gater. Veldig bra. Vi ser bort frå strekket vi måtte ta til og frå, langs Nordestraen, det er tragisk at det ikkje er blitt betre der.

I forklaringa bruker eg namn frå sykkelkartet for Nordjæren. Første delen av turen er for ny til å vere med på kartet, men han går langs jernbanen.

Velodromen over Tjensvollkrysset, bare for mjuke traffikantar
Forklaringa begynner på Lura, vi sykla Gamlevegen mot Lurahammaren frå nord. Til høgre ned Lurastø,  tok undergangen under jernbanen og sykla nordover på sykkelstien mellom jernbanen og Gandsfjorden. Vi passa på å nyte dette, det var bare flott. Heldt deretter til høgre etter Mariero stasjon, og sykla gjennom Vaulen badeplass, sjølv om merkinga viser på "innsida" av jernbanesporet akkurat der.

Steinsetting ved Møllebukta i Hafrsfjord

Det går an å ta seg ein bystopp i Stavanger, men vi sykla over gangbrua over Lagårdsveien, og kom inn på Indre Ring over Våland, passerte det gamle sjukehuset og Arkeologis museum. Ved Mosvatnet heldt vi til høgre og sykla Madlaruta. For første gomg sykla vi på den nye sykkelvelodromen over Tjensvollkrysset, sjå bilete, og vidare på brei sykkelveg til Madlakrossen.

Frå Madlakrossen tok vi nordover igjen, Madlaveien til Møllebukta, og inn på ny sykkelrute Hafrsfjordruta, som er nydeleg steinsett ut mot fjorden, sjå bilete.

I neste rundkjøring sykla vi sykla sørover over Grannessletta, ved Sørnes følgde vi skilting mot Forus (Sørmarkruta), under Nesbuvegen og inn på snarvegen mellom Sørnes og Forus som berre er for syklistar, fotgjengarar og rulleski (vi møtte to). På Forus skjer det store omleggingar heile tida, men det kjem til å bli veldig flotte forhold for syklistar på nordlege Forus. Litt verre var det i området ved Tvedtsenteret/ Elkjøp. Men når det var passert, var det fint langs Svanholmen og Vassbotnen. Endå betre blir det nå kollektiv/sykkelbrua over E39 blir ferdig (forsinka frå desember 2012 til vår 2013).

Vi sykla over E39 ved IKEA, på venstre side av RV44, og Stavangervegen retning Lura til slutt. Heile tida på fortau/sykkelsti. (Kaffe og dessert på Lura Turistheim passa godt før vi sykla gjennom trafikken på Nordestraen heim til Austrått.)






mandag 8. oktober 2012

Mai 2013: Puglia, Italia

Godt å tenkje på når hausten mørknar til: I mai 2013 håper vi på ei veke sykling i Sør-Italia, i Puglia, hælen på støvelen som kartet av Italia utgjer. Reisa blir igjen kjøpt av Pedalo, sjølv om det godt er mogleg å sykle rundt på eiga hand. Det er rart med det, blir ein van med kofferttransport og god sykkelservice, er det vanskeleg å begynne å frakte bagasje... Ruta blir fly til Bari (Brindisi er også mogleg, men har færre flyavgangar), direkete tog til Alberobello og så sykling Alberobello - Ostuni - Mesagne - Gallipoli - Santa Maria di Leuca - Otranto - Lecce. Strekka er mellom 40 og 50 km, med mulighet for å forlenge eit av strekka til 85. Frå Lecce blir det igjen jernbane til flyplassen.

Naturen skal vere nydeleg, med oliventre, pinjer og mandeltre. Andre halvpart av traseen går langs havet, det pleier ikkje vere stygt. I mai er det nok også blomstring på gang.

Alberobello er kjent for sine spesielle hus, trulli. Ei nettside seier at det er ein byggemåte ein veit var i bruk så langt tilbake som 1300 f. Kr. Husa har  koniske tak utan mørtel, og dei er bygde av lokal kalkstein, med spesielle toppar og takdekorasjonar.
Dei står på Unesco si verdsarvliste, og dei må me sjå, sjølv om dei fleste bygga i dag er for turistar.


Eit anna høgdepunkt på denne turen er er Zinzulusagrotta i søraust.




fredag 5. oktober 2012

Nedlagd fabrikk ved sykkelstien på Figgjo

I Hellas såg vi mange forlatte fabrikkbygningar. Slike har vi ikkje i Norge, tenkte eg. Men eg tok feil. Ved sykkelstien mellom Sandnes og Ålgård ligg rønna etter Figgjo trikotasjefabrikk, DFU, der dei laga m.a. badedraktar. Her er ein liten film om DFU. I sommar melde Stavanger Aftenblad at det skulle bli bustader der. Ikkje så originalt i desse tider, men bygget er eigentleg staseleg, og staden det ligg på er nydeleg, så det kan bli bra bustader.

Bilete og tekst er laga med Blogger for Iphone!


Vi har forlatte bygg i Sandnes også