søndag 8. oktober 2017

Sommaren 2018 - planlegging i god tid - Brügge - Amsterdam

Gode erfaringar med sykling i Nederland, kombinasjonen båt og sykkel, anbefalt rute og kjekk sykkelguide gjer at me alt i oktober har bestilt båt&sykkeltur for juni 2018. Det blir denne gongen Zwantje (lille svane) frå Brügge til Amsterdam, med Rikko Bulten som guide og Boat and bike som arrangør.


Ruta er slik Brügge - Gent - Dondemonde - St. Amands - Antwerpen - Kreekrak sluser- Tholen - Willemstad - Dordrecht - Kinderdijk - Schoonhoven - Vianen - Breukelen - Amsterdam. Me vil besøke fire større byar, alle historisk interessante, og passere mange interessante landsbyar kvar dag. Me vil reise på kanalar og elver (Rhinen, Meuse, Schelde), ei tidevasselv og passere store dike, sjå dei 19 berømte vindmøllene på Kinderdijk, som blei laga for å pumpe ut vatn frå innsida og ut i havet. Dette er nok ein veldig flott tur.

Til ein viss grad kan me velje kort eller lang sykkeletappe, oppsettet viser dagsetappar frå 25 til 50 km. Ikkje til å slite seg ut av i det flate landskapet, men nok til at det kjens godt. Det skal også normalt vere ein del medvind denne retningen.



lørdag 7. oktober 2017

Moivika nærmiljø: Utforsking av sidevegane mellom Moivika of Sirevåg

Kvar gong me køyrer til hytta ser me dei: Skilta som viser inn til Haver, Bekkjarvik, Stølen, Kinnarvåg, Holmane og Tuevegen (Tuå), stadar som ligg mellom Sirevåg og Moivika. Lenge har me tenkt at det må vere spennande å sjå kva som skjuler seg på stadane med dei flotte namna. I dag tok me turen, og det var spennande: Me oppdaga ei verd me ikkje visste om, og som absolutt var verd eit besøk. Då får det ikkje hjelpe  om kartoversikta over turen ser litt spesiell ut, sidan me måtte sykle fram og tilbake på småvegane. Rundtur var ikkje mogleg i det landskapet.

Me oppdaga tre små hamner: Holmane er den største, med molo, kommunal brygge og fortid med velstand, gjestgjevar og kro. Nedanfor  Holmane hyttefelt var det eit flott havneanlegg utan bilveg ned (bilete 2), men med hengebru ut til ei øy med fleire båtplassar.
Vidare sykla me gjennom det siste gardsromet på Bekkjarvik og kom ned til sjøen på ein kjerreveg (bilete 3), ei lita hamn var det der og, ein nydeleg stad kor det går an å gå ut på havet med båt både mot nord og mot vest. Me møtte ein lokalkjent mann der som forklara oss det. 

Fiske var næringsveg for området tilbake i tid, og med så mange naturlege hamner var det kanskje ikkje så vanskeleg, sjølv om Nordsjøen nok kan vere vill.  

Men me såg at det er fleire enn ein skulle tru som bur i området, og ikkje minst er det mange hytter som er plasserte overalt. Ikkje bare nye hytter, her er hytter frå mange tider, spreidde rundt omkring. 

Postkassar kan gi opplysningar; gjennom postkassestudium fann me ut at det er ganske mange fastbuande. I Tuevegen var det 7 postkassar, på Stølen 4 og dei aller fleste postkassane på Haver hadde eigarar som heitte Haver. Haver var spesiell: Det var mange fleire hus enn dei andre stadane, også nye hus, og to palass under oppføring. Dei nye husa har utsikt og vind, dei gamle har ly og lite utsikt. - Frå gammalt var Haver, eller Hafver, kyrkjegods under Apostelkyrkja i Bergen 1724.  

Turen blei avslutta med ein "fartsetappe" gjennom skogen frå Sirevåg til Ogna, båtis på bensinstasjonen på Ogna og rake vegen heim. Det gjekk fort.


lørdag 30. september 2017

Skottland bikeandgo

På jernbanestasjonar i UK har dei nå eit nytt tilbod med sykelutleige på stasjonen, bikeandgo. Etter bryllup på Fingask castle hadde vi 1,5 dagar til å sjå oss rundt i Perth. Vi måtte regisrerere oss (10 pund pr år), og fekk så ein kode som vi kunne bruke til å leige sykkel med. Då billettkøen var unnagjort, hadde billettøren på jernbanestasjonen tid til å leige ut dei to syklane han hadde på sin stasjon. Det kostar oss då 3,80 pund/dag (24 timar).


Med flott haustver kunne vi så cruise rundt i dei store parkane på begge sider av Perth, ha ein tur i gågata og treffe slekt, ete på tea room Small Talk, kome oss på krigsmuseet (Black Watch Museum) og sykle til og frå kveldens restaurant. Vi fekk sett mykje av denne vesle skotske byen utan større strev.


Litt spesielt med venstretrafikk, og tilrettelegging for syklistar: stykkevis og delt. Sykling utan hjelm føles også syndig, sykling i kjole - herlig! Syklane var nye og gode med 7 gir. Gode til bysykling. Dei var tunge, men vi bar dei ikkje, så det gjorde ikkje noko. Dei trilla godt. - Og så eit lite tillegg: Ordninga var slik at ein kjøpte årsabonnement - men ei tid etter fekk me beskjed om at sidan Bikeand go såg at me hadde adresse i utlandet, så ville det ikkje kome fleire krav til oss, dersom me ikkje ga beskjed om at me ville halde fram...


lørdag 23. september 2017

torsdag 27. juli 2017

Moivika nærmiljø: Helvik - Egersund t/r 32 km

Igjen ein fin tur til Egersund, fra hytta i Moivika, Rv 44 til Hellvik og inn på gamle jernbanen. Mange stopp og god lunsj på Mocca i Egersund (nypilla reker i ein stor haug på ferskt brød). Ganske mange som nytta dagen på tur, etterkvart. Under ser vi Maurholen gamle stasjon, han har åpen kafe i helgene om sommaren. 



Heim tok med vegen inn like etter Joker på Hellvik og ein skogsveg (noko gamal jernbane) til Egersund Granitt sitt uttak, derfrå ned til Sannarnes. Litt kortare på den smale bilvegen.


Sykle heimanfrå til hytta i Hå 66 km

Ein heil feriesøndag til disposisjon. Fint ver med lett, nordleg vind. Det måtte bare bli denne dagen det skulle gjerast: Sykle til hytta, ikkje transportetappe, men ein fin tur i roleg tempo i medvind. Det blei kjempebra, men det føltes ganske langt. Transportetappe Austrått - Tronsholen - Stokkelandsvatnet - Ganddal - Foss-Eikeland til Orstad. Så eit godt val: Vestsida av Frøylandsvatnet denne gong. I god sommartemperatur er det ein fryd å sykle i skogen langs vatnet. Lite folk er ute i ferietida, nokre er og går på Ormen Lange, og i Sandtangen ruslar nokre brynefolk, men det er fredeleg.

Stien er ein flott veg inn i Bryne, plutseleg er vi der! Slik har vi sykla inn i byar på kontinentet, og vore begeistra over å sleppe lange innfartsvegar, her har vi det på Bryne, på same måte som Sandvedparken kan vere ein grøn sykkelveg inn i Sandnes. 

Når du kjem ut av skogen på gamle Kinoplassen og syklar rett fram, sørover, passerer du Høghuset på Jæren med Arne Garborg-senteret og Bryne vidaregåande skule. Vidare meir eller mindre rett fram kjem ein plutseleg til eit lite vatn, ein idyll på Bryne! Tjødnå? Det er skilta blindveg, men det kjem både joggarar og barnevogn i motsett retning, så eg prøver, og det går fint an å koma sørover. Men eg finn ikkje den litt meir vestlege vegen til Nærbø, og er straks inne på vegen over Garborg som eg sykla to veker tidlegare. 


På Nærbø bestemmer eg at eg vil ut mot havet, og finn vegen forbi Nærbø gamle kyrkje og Vigre ut til Nordsjøvegen og Grødalandstunet. Grødalandstunet er ein fin plass for nistepakken. Eg ser på det gamle gardstunet og skoren torv som heng og ligg til tørk. Torv har eg bare høyrt om.


Etter Grødalandstunet er Nordsjøvegen tydeleg skilta på Kongevegen, og det er godt, for vegen er bare to smale spor, så vidt plass til eit sykkeldekk i kvart. Men det er ein flott natur, på brinken ute mot havet med rullesteinar nedanfor. Ein passerer kyrkjegarden ved havet før vegen svingar inn i landet igjen. Der vegen svingar, er det skilta gangveg til Hårr! Det fins! 

Vidare følgde eg same rute som sist tur, Nordsjøruta gjennom Vigrestad, Stokkelnadsmarka, Brusand og Ogna, og langs riksvegen forbi Sirevåg og til hytta. Var ganske trøytt og nøgd då eg kom fram. Må også leggje til at vinden endra retning og friskna til litt utpå dagen. Dette var ein lengre og meir krevjande tur enn den transportetappen eg hadde i motsett retning, men du så fint! 



søndag 9. juli 2017

Sykle fra hytta og heim 57,2 km

Å sykle til eller frå hytta har vore eit mål. Hu der har nådd dette målet. 
Nogen rydda hytta og kjørte bilen heim, medan Hu der heiv seg på sykkelen. Kuling nordavind lørdag hadde blitt til lett bris frå sør søndag. Dagen var grå, det var 12 grader, og ingen konkurrerande  planar.

Derfor blei det sykkeltur på 57,2 km frå Moivika til Austrått. Turen tok 3 timar og 40 min, hogd over havet var frå 10 meter til 75, det er meir kupert enn ein skulle tru. Det var lett medvind og det regna den siste timen. Men det var godt å sykle.


Beskrivelse av ruta, dersom andre vil prøve:
Moivika - riksveg 44 nordover til Sirevåg - inn til Sirevåg (3km), til høgre like etter butikken (Svanes) og rett fram inn på turvegen som går til Ogna. Gjennom skogen til kafeen i svingen (6 km), men like før svingen til venstre inn på grusveg som går på vestsida av jernbanen. Følg denne forbi Ogna stasjon og ta inn på Nordsjøvegen, som er skilta derfrå. Nordsjøvegen tar deg ut mot havet (7km) og gjennom Ogna Camping, deretter langs Hitlertennene (9 km) til Brusand. Ved brua på Brusand (10 km) kryssar ein vegen, syklar inn bak Coop og følgjer Nordsjø sykkelrute i retning Stokkelandsmarka og Haugstadskogen. Nå er ein inne på ein flott, til dels ny sykkelsti som går gjennom heile Hå kommune, frå Sirevåg til Garborg. 


Vegen går gjennom stasjonsby etter stasjonsby: Vigrestad, Varhaug og Nærbø (ikkje gjennom sentrum), heile tida på sykkelsti. Etter Varhaug slutta eg å følgje Nordsjø sykkelrute, den svingar ned mot havet - sikkert fint, men ikkje i dag! 


Skiltet for Time kommune kjem, og sykkelstien sluttar brått (33 km).  Riksveg 505 har ikkje sykkelsti eller sykkelfelt før han kjem til Time kyrkje (39 km). Det er ein strekning med ein del trafikk, m.a. vegen mellom Bryne og Undheim går der. Stor kontrast til Hå kommune. 


Men når Time først serverer sykkelsti, er han god på austsida av Frøylandsvatnet til Kverneland (46 km).


Vidare sykla Hu der over Orstad, Foss-Eikeland, Ganddal, Hovemarka, Tronsholen, Høyland kyrkje Kyrkjevegen og heim. 

Tilfredsstillande å ha tatt turen. I finare ver og med selskap hadde nok pausane blitt fleire og lengre, men fint å sjå at det lar seg gjere å sykle denne turen. - Når det blir nordavind igjen, kan han syklast motsatt veg.