søndag 29. mars 2020

Sommaren 2020 i Tyskland, eller?

Før koronaens tider bestilte me tur i Tyskland. Gode erfaringar frå 2019 lags Main, kort reise og flatt terreng gjorde utslaget, me bestilte i nordvestre delen av Tyskland, frå Hann. Münden til Bremen langs elva Weser, som eg ikkje visste om frå før. Hansabyar, bindingsverk og eventyrkonnotasjonr (Hameln) lokka også.

Nå i koronaens tid veit m ikkje kva det blir til. Det kan bli Tyskland, men like gjerne eit anna land, Rogaland.

onsdag 4. mars 2020

Sti og levadasykling på Madeira 42 km

Lokoloko kjørte oss heile vegen opp.
Planen å kjøpe sykkelrundtur på Madeira blei forlatt då det viste seg å vere svært vanskeleg å kome seg til Madeira med rutefly. Det blei pakketur om Oslo, Vingreiser, med hotell i Funchal. Det er mange byrå som tilbyr stisykling på Madeira.

For å vere sikker på at det blei sykling, hadde Hu der bestilt ein «cross country»-tur på forhånd, med turfirmaet Lokoloko. På flyplassen møtte vi ein erfaren Madeiraturist frå Stavanger: Det går ikkje an å sykla på Madeira, det er for bratt, sa han. Kanskje han hadde rett?

Over 1400 meter, over skyene!
Loko betyr gal, og det spelar på den tyske dama som starta selskapet som tilbyr fjell- og stisykling, rafting, klatring mm. Då ho for 10 år sidan starta firmaet, meint mange at ho var gal, men det siste seg at ho starta ein suksess, mange turistar liker å ha ein aktiv ferie.

Lokoloko, det kunne like godt ha vore Hu der det handla om. Hu det som er litt redd i nedoverbakke etter eit stygt fall i 2015. Her var det 1400 meter nedover! Nokre stader stupbratt. Og når det ikkje var stupbratt nedover, var det på smal levada. Levada er vanningsanlegg, ei renne med vatn laga for å frakte vatn frå nordsida av øya med mykje regn, til sørsida kor det ikkje er så mykje regn. Levadaene er som jernbanen, den held høgda, for då renn vatnet ikkje bort. Det betyr bruer over gjel og nedgraving i terreng. Ein tunnel kan og dukke opp. Greit å sykle på den måten. Men stien kan vere smal og uryddig, og inga sikring på kanten når stien ligg på ei smal hylle og 30 meter rett ned, så spennande å sykle! All nedstigning blei tatt før, mellom og etter levadasyklinga, og som sagt, bratt!

Hu der kom på gruppe med fire galne menn. Ei guide, ein tynn og sprek innfødd ca 30 år som hadde sykla fjellsykling sidan han var fødd, og elles dreiv han med paragliding. Phil fra Frankrike, dreven alpesyklist, Mike frå England, who preferred off road biking, og Han der, galen han og. Det blei litt fart nedover, kan du sei. Hu der lærte litt stisykkelteknikk, ned med setet og tyngdepunktet bakover, det gjekk betre då, som å stå på ski, og hu la seg sist i feltet. Men det var langt, over 40 km, og på slutten blei det eit svalestup som sikkert kunne blitt stygt etter ei for brå oppbremsing. Men det blei bare nokre ømme parti og tre skrubbsår. Lokoloko skaffa ein stor pose med is, så hevelsen på kneet gjekk ned.

Mike punkterte, guiden skifta slange, lett som bare det. 
Det var elles god valuta for pengane. Vi blei henta, fekk gode syklar, hjelm, guide, blei kjørde opp på toppen, og kjørde tilbake til hotellet. Det kosta vel 750 kr pr person.

I dag, dagen etter, er kroppen mør, både gangsperr og forslått! Gåturen er flytta ein dag fram, vi rekreerer. Hadde Hu der visst kor tøft det var, hadde hu nok ikkje tatt turen, men kjekt etterpå når det er gjort. Det var turkategori lett! Lurer på korleis dei middels turane er? For ikke å seie dei krevjande?
Terrenget litt lenger nede. Der sykla vi langs levada-anlegga (vanningskanalar).


Den blå streken viser første del av turen, deretter var det ned til kysten aust for Funchal

mandag 15. juli 2019

Offenbach- Frankfurt - Mainz 50 km

Siste etappe, som me klarte å ta veldig rolig, med alle mulige typar pausar, og ein skikkeleg tysk lunsj i ein biergarten. Min rett var pasta, sauerkraut og speck. Det var godt, og eg blei veldig mett.

På slutten i dag var det slutt på Main (og slutt på turen) for Main rann ut i Rhinen, og i møte med Rhinen ser vi kor lita Main er. Men elva er 400 km lang, ikkje verst det. Og sjølv om turen i dag har gått via ei rekkje byar, med Frankfurt som den største, har det likevel vore ein tur i det grøne. Langs elva er det store område kor vatn kan breie seg i tilfelle flaum, Det er nok ikkje tidlegare tiders omsorg for syklistar på 2000-talet som har gjort at ned mot elva er det store område med gras, parkar, kolonihagar, campingplassar og idrettsbanar, samt gang- og sykkelvegar. Det har nok vore nødvendig å gi vatnet plass, slik at dei sjølv ikkje blei våte på beina.

Elvebuarane har også andre måtar å beskytte seg mot vatnet på: Mellom elva og busetnaden er det nokre stader jordvollar, og einskilde byar har bymurar og flaumportar, på same måten som i Nederland, sjå bilete under. Så for å sikre seg mot flaum, har ein altså skapt eit grønt rom for mange folk i dette landet, og slike som oss frå andre land som finn fram til desse vegane.

Heile Main Radweg er skildra i Bikeline si bok, som er brukt flittig heile vegen. Frå Bayreuth til Mainz er det 554 km, me sykla frå Bamberg til Mainz, som er 424 km. Elva går frå aust mot vest, men når elva svingar, har det gått både mot nord og sør også. Me kjenner herleg prikking i låra kvar kveld, Han der har hatt litt rumpevondt, men fekk god salve og gode råd på eit apotek i Gemunden,  Men nå kan det vere godt med eit par dagar utan sykling!



søndag 14. juli 2019

Aschaffenburg - Offenbach 50 km

Hotel Wilder Mann  er eit familiedrive hotell ved brua over Main og opp til sjølve byen Aschaffenburg. Hotellet har tydelegvis kjøpt opp bygningar i området, og for å kome til vårt rom, Lille Afrika, måtte me kome oss gjennom ein labyrint, opp nokre trapper og ein liten bakke inne i huset, Utanfor romet var det ein giraff-figur, inne på romet var det sebrasofa og elefantbilete.

Då me skulle reise, sa me farvel til våre tyske reisefeller, som skulle avslutte reisa der i Aschaffenburg etter ei veke på hjul frå Bamberg. Nokre av dei skulle sitje på med bilen tilbake, bilen som henta syklane til dei som avslutta turen, hadde også plass til passasjerar og deira bagasje, Det som då kunne ha vore eit lite problem, var at sjåføren hadde pakka alle syklane det sto Pedalo på - alle var fint plasserte på tilhengaren hans, OGSÅ VÅRE SYKLAR, som skulle vere med oss to dagar til. Heldigvis var me ute i tide før bilen kjørte, og syklane var merka med namn, så dei måtte sjåføren plukke av bilen, sjølv om dei sto langt inne i rekka. Og sykkeltaskene hadde han også tatt. Ny leiting, og finning, heldigvis.

Alle dei andre avslutta turen der, og me fekk ein mistanke om at kanskje kunne det vere ein risiko for at koffertane våre heller ikkje kom fram, når det bare var våre to. Men Pedalo har orden, framme i Offenbach sto koffartane fint og venta på oss.

Nå er me i bymessige strøk. Offenbach er som ein bydel av Frankfurt. I dag var det søndag, og familiar var ute og grilla, eller var på sykkel- eller biltur. Ein og annan rullator, rulleskøyter, mange folk på tur, rett og slett! Kjekt å sjå at søndagen blir brukt så fint.

Og så tenkte eg at når med nærma oss Frankfurt ville det vere slutt på alle slotta og dei romantiske byane. Men feil igjen. Me ville ha kaffe, og tok tilfeldigvis inn i ein by som heitte Seilingenstadt, som viste seg å vere ein heilt fantastisk, romantisk by. Og då me ville ha lunsj, stakk me inn til Steinheim, og det same skjedde der, bare rundt hjørnet, så var det bindingsverkhus og slott! - I tillegg god lunsj på plassen, salat med herleg sprøsteikt kylling.

I Offenbach måtte me sykle over ein km i bygater for å finne hotellet, som ligg i ein ombygd fabrikkbygning i eit bustadområde (blokker). Veldig forskjelling frå det andre me har opplevd, men interessant. Og når det i tillegg var ein god restaurant i nærleiken, Il Calderone, var det bra, sjølv eit stykke frå sentrum.  - Me har ennå ikkja hatt eisbein, sauerkraut eller wurst. Det får vere i morgon i Mainz.

lørdag 13. juli 2019

Miltenberg/Burgstadt - Aschaffenburg 48 km

Landhotel Adler var ok, og servicen upåklageleg. Avstanden til Main var nokre hundre meter med lite trafikk, så ideellt for syklistar på sykkelvegen.

I går i Burgstadt opplevde me gatefesten til turnforeninga, men det er ikkje bare i Burgstadt det er festival; i Grosswallstadt (avdeling for lange namn, Kleinwallstadt fins og) kom me plutseleg over eit stort område med kvite telt og med folk vandrande rundt i lange kjolar og vide skjorter, der var det historisk marknad, og vel framme i Aschaffenburg oppdaga me at det var museumsnatt, musikk i gatene, historiske utstillingar og åpne museum. Mykje folk i alle aldrar ute.

Så litt om maten: I Tyskland er det ikkje alltid like lett å finne kafear eller butikkar i dei små landsbyane, men det er alltid eit bakeri. Og i bakeria får me rundstykke med pålegg. Det har blitt den nye lunsjslageren. Rundstykke med ost og skinke og elles det dei finn på å putte inni, pluss kaffe og vann. Flott! Det passar godt etter den store frokosten på hotella, og då er det også plass til ein god middag om kvelden.

Det er kantarelltid i Mainområdet nå, og kantarell går igjen, til fisk og til kjøtt. Godt. Etter nedturen den første kvelden, har me bare fått god mat. I dag toppa me det med flambert ørret på Hotel Wilder Mann kor me bur. Til og med når serveringsstadane i Burgstadt var stengde fekk me god mat på gatefesten: Flammenkuchen, ein slags tynn pizza med rømme og utan tomatsaus. Hotel Wilder Mann dyrkar urter og druer i skråningen tvers over vegen, det er dei stolte av. Og spatburgunderen (rødvin!) deira var riktig god.

fredag 12. juli 2019

Marktheidenfeld - Burgstadt 60! km

Hotel zur Schönen Aussicht i Marktheidenfeld var ein fin plass å overnatte. Nytt i gannal stil, til tross. Maten var god og dei tilsette koselege.

Vermelding som varsla mykje regn gjorde et me var tidlige på hjul, kl 8 rulla me avgarde. Det er så varmt at det ikkje er så farleg om eg manglar regnbukse, og det regna ikkje så mykje som vermeldinga sa. Men i morgeon blir det visst verre.

Kapittel pakking; Veka før me reiste, var det hetebølgje i Tyskland, Heldigvis skulle tenperaturen ned i 25 når sykkelturen skulle vere, men ikkje ein regndråpe var meldt, Eg pakka det eg hadde av singletar og shorts, men kasta i siste liten ein regnjakke og ei lang bukse ned i kofferten. Heldigvis, det er desse kleda eg har brukt mest. Hadde det dukka opp ein sportsforretning som hadde regnbukser, så hadde eg kjøpt, sjølv om eg har to heime! Moralen er: Pakk alltid regntøy, same kva vermeldinga seier! Det regna i går, i dag, og i morgon er det meldt mykje regn.

Det er mange stader i verda, og alle skal ha eit namn, I området vi har sykla i er det mange berg, Miltenberg, Freudenberg, Collenberg, for eksempel, og bachar, Plofchsbach, Steinbach og Sendenbach, men nokre stadar flottar seg med gode og lange namn, som Marktheidenfeld som vi var i natt som var, eller staden me kjøpte bolle og kaffi, Kreutzwertheim, eller var på kafe; Stadtprozelten, like ved Dorfprozelten. Det er landsbyar tett i tett, så dei treng vel å finne på noko for ikkje å heite det same.

Dag to var eg imponert over Main Radveg, med god sykkelveg heile dagen utanom vegane, Det har vore slik etterpå også, Mil etter mil med «Sandvedpark», bittelitt på grus, bittelitt delt med bil, resten på eigen asfaltert sykkelveg over eng eller gjennom skog, såvidt innom kolonihagane til tyskarane eller campingplassen, godt lagt til rette for sykkelturisme. Eg er så imponert, I dette landet kor dei nok også tilber bilen,


I kveld fekk me oppleve Bayern, Burgstadt Turnverein arrangerer «byfest» med ompamusikk, lederhosen, mat, øl g vin i gatane. Me treng ikkje oktoberfest i Munchen etter å ha opplevd turnforeningsfest i Burgstadt!


torsdag 11. juli 2019

Würzburg - Marktheidenfeld 40 km

Würzburg  er ein gammal katolsk fyrstebiskopby som var sjølvstendig til 1802. Då blei byen sekularisert og lagt inn under Bayern. Inntektene kom frå vinproduksjon og avgifter frå elvetrafikken (bompengar?). Byen blei bomba av britane i 1945, 5000 menneske omkom og 90% av byen blei utsletta. Men mykje av det gamle er rekonstruert.

Dorint Novhotel Würzburg vann ikkje konkurransen om å vere hyggeleg hotell. Han der likte ikkje resepsjonen, og elles var me bare ein i mengden.

Sjakktrekket i dag var å ta toget. Opprinnelege 80 km blei korta ned til 40. Det var godt av fleire grunnar: Musklane var passe trøytte, spesielt ei rumpe var sår (er nå behandla), det regna litt, og så møtte me to kjekke tyskarar som me gjekk på kafe med og kunne ha roen med. Paret var Helga og Winfrid frå Düsseldorf, veldig hyggelege, blant anna fordi dei syntes Hu Der snakka godt tysk. Dei hadde gjort som svært mange andre: Kjøpt seg el-sykkel. Det er påfallande mange av dei me møter langs vegen som syklar på el-syklar. Både vaksne, godt vaksne og svært godt vaksne siglar rundt på el-syklar. Me som brukar muskelkraft, kjem meir i gruppa med dei yngre. Det er nok ganske mange fleire som kjem seg på tur når dei kan bruke e-bike, som det heiter på godt tysk. Dei lastar sykkelen på bilen ein stad i Nordtyskland, fresar avgarde til ei fin elv, og syklar langs den og kosar seg. Det er ganske mange syklistar å sjå langs denne elva, men me har ennå til gode å treffe andre utlendingar.

 
På kafe i Lohr. Legg merke til kakene!

Å følgje ei elv er ikkje det vanskelegaste som fins, spesielt ikkje når vegen også er supergodt skilta. Kartboka er mest for å finne ut kva det heiter, kor langt det er til neste landsby, eller kva side av elva som blir anbefalt. I dag var det vegarbeid og me måtte derfor ha hjelp av ein tysk muskelkraftsyklist som kom den vegen me skulle og fekk oss opp på brua som såg ut som ho leia oss til autobahn.